<$BlogRSDURL$>

11. desember 2008

Vi har flytta

Hit

|

6. november 2008

"Stengt for oppussing"

...står det av og til på kebabsjapper, fordi det er tap av andlet å innrømme at ein har gått konk og har lagt ned heilje geskjeften.

(til dei treige: bloggen er nedlagt. For alltid.)



|

6. oktober 2008

S jublar for OL-nei

No ser det ut til at det ikkje blir nokon OL-søknad frå Tromsø. Fine by me.

-"Jammen, S! Sport! Fredsam kappestrid som eit alternativ til krig! Å!"

Hei, du ukjente innvendar - eg skjønte denne innvendinga di kom til å kome, og eg er ikkje imponert. OL er ikkje noko å trakte etter, spesielt ikkje vinter-OL. Det er dyrt, globalt upopulært, keisamt (i alle fall 95% av øvingane er uinteressante) og passè. Utover det, kjære innvendar, er det vanskeleg for meg å meine noko om OL i det heile teke.

-"Jammen, S! Tradisjon! Tidlegare triumfar! Bjørn Dæhlie! Knut 'Kupper'n' Johannesen!"

Å, du innvendar, du innvendar. Innvendingane dine dett på steingrunn. Det er ingen romantikk i vintersporten lenger. Dette er eit vitskapleg etablert faktum. Personleg er eg dessutan lite interessert i idrettar der inntak av rusmiddel blir sett på som eit problem. Ergo er eg avvisande til alle idrettar bortsett frå dart-pil-kasting og fotball. Og det er berre i prinsippet. I praksis gidd eg ikkje sjå på dei to heller. Skjønt, eg har praktisert fylle-dart. Det er herved anbefalt.

-"Jammen, S! Du sparkar inn opne dører igjen!"
...
Faen!

|

16. september 2008

S slår ned på mobbing

Slemme-Knut har vore dum mot Ole Christian. Han har blant anna gitt han buksevatn, stole eit viskelær (som var Ole Christian sitt favorittviskelær), kalt han mammagutt, pyse og nokon seier at Knut til og med skal ha sagt at "hat mot homofile er et stort problem, alle har et ansvar for å ikke bygge opp under det. Kirka som er så tydelig og synlig har et særlig ansvar".

Stakkars Ole Christian! Det må bli slutt på denne mobbinga av biskopar og andre med litt mindre handbagasje.

|

8. august 2008

S annonserer

at denne bloggen har gått til hundane. Hundane meldast å vere middels nøgde. "Den var bedre før," seier ein hund, "men vi er glade for å kunne ta i mot S rasar."

Kattane var som vanleg ikkje å få tak i.

|

23. juli 2008

S spår

at det etter kvart vil bli klart at Obama er eit like stort rævhol som, nei ikkje som Bush, men i alle fall som Clinton. Han er alt i ferd med å etablere seg som ein "venn av Israel".
Fuck this shit.

|

20. juni 2008

S blei brått klar over

at Skee-Lo og Cee-Lo er to forskjellige personar!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?