<$BlogRSDURL$>

14. august 2006

S rasar atter ein gong mot dei nye

Eg sat på Kvarteret, utanfor, og las i ei bok. Stadig blei eg avbrutt av blide, klukkande, storaugde nye studentar på veg til og frå Høyden. Nokre kom i store flokkar, i helane på ein fadder, andre i mindre grupper. Etterpå gjekk eg opp på UiB og blei, som forventa, omringa av freshmen, ivrig på veg hit og dit, alltid gruppevis (ein kan kjenne att dei meir erfarne studentane på målbevisst gange, inneslutta andlet og lågare antal), alltid kvitrande. På kantina samanlikna dei prisnivået og utvalet med sine respektive vidaregåandekantiner.
Er det noko gale med meg sidan eg avskyr desse folka?
Eg kan sjølv hugse korleis det var å ta fatt på studiane. Denne kjensla av fridom og moglegheiter er for dei aller fleste, mistenkjer eg, ei once-in-a-lifetime oppleving. Er eg kanskje avundssjuk på desse nye? Nei. Det trur eg ikkje. Men likevel er det noko med den naive gleda og orienteringsfreistnadane deira som irriterar meg noko så inni hampen. Er det fordi dei tek seg inn på my turf? Kanskje. I dèt nye studentar hamnar på samlebandet i den eine enden, må nokon gamle ramle av i den andre. Eg byrjar nærme meg slutten, og eg veit ikkje kor langt ned det er, eller kva som ventar meg der. Men eg reknar nesten med at det kjem til å gå ned.
Men det er heller ikkje dette som gjer at eg plagast med dei nye studentane. Kanske det er det at dei veit så lite - kanskje eg opplever ein slags erfaringsarroganse, ein instinktiv avsky mot dei som veit mindre enn meg. Om så er tilfelle er eg ein skikkelig kjiping. Men det kan ein vel ikkje sjå vekk i frå.
Uansett så veit eg at dei i løpet av ein månad eller to er blitt såpass assimilerte at eg ikkje lenger vil legge merke til at dei er nye. Dei blir ein del av HF-massen. Alle har trass alt sett mykje yngre ut enn meg i mange år allereie, så det blir inga endring der. Dessutan skal eg vel stort sett halde meg framfor PCen heime framover, der eg skal gjere alt mogleg anna enn å skrive Masteroppgåve.

|

1. august 2006

S rasar mot obskure teknikalitetar i sin eigen blogg

Til høgre kan ein finne lenkjer til Estragon og Estragon sitt forum (dette er greier for Engelskstudentar på UiB, men alle er velkomne til å kike innom og melde seg på forumet, om dei har lyst). Desse lenkjene har slutta å fungere, men det er heilt umogleg å fatte kvifor. Om ein trykkjer på ei lenkje (prøv!) får ein opp ei "internal server error"-feilmelding. Dette er ekstremt snodig av tre grunnar: 1 Lenkjene pleidde å funke før; eg har ikkje endra noko i templaten som skulle tilseie at dei skulle slutte å virke. 2 Det står rett addresse i adresselina om ein klikkar på lenkja. Om ein markerer adressa og trykkjer enter kjem ein fram til der ein skal. 3 Eg har sletta adressene frå templaten og skrive dei inn på nytt, men det hadde ingen effekt.

Eg får snart tekno-vegring.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?