<$BlogRSDURL$>

30. januar 2006

S tek så smått til med den store blogge-backlashen

No, når etter kvart til og med dei små lokalavisene rundt om i vårt langstrakte land* har fått med seg at blogging er noko, må det vel vere svært kort tid før blogging blir ålment sett på som ukult, uhipt og what else. Vi som har sett våre tastefingrar og myser i bloggar dei siste åra tykkjer jo stort sett at det er litt artig med alle desse spekulerande featureartiklane om blogging, vi veit jo at det ikkje er mykje til mysterie det er snakk om. Og slike medieskapte snakkisar (eller "skrivisar" blir det vel i dette tilfellet, sidan det til mi erfaring er sjeldan ein snakkar mykje om blogging på kafear eller rundt TV-kanna på jobben) har ein tendens til å få ein motreaksjon.
Det fine i dette høvet er at det faktisk er heilt på sin plass. 95,8% av bloggane der ute er nemleg kammar. Som eit døme kan vi ta den bloggen som nyss vann Dagbladet-, eller VG-prisen for beste blogg. Ingen namn nemnt, men den var skikkelig ræva. Viss det var den beste lurer eg med gru på korleis den sjette beste, eller den nittiande beste må ha sett ut. Folk kan ikkje skrive - og med det meiner eg både reint grammatisk og semantisk,** og det som har med formuleringsevne å gjere.*** "Den nye skriftkulturen" er kanskje ikkje så mykje å skryte av. Dessutan er mange bloggar veldig keisame og like. Som bloggar kjenner eg ei plikt til å tenkje gjennom og revurdere kvifor eg driv med dette, og sjølv om eg ofte kjem fram til at det faktisk ikkje finst nokon god grunn så held eg fram likevel - men berre om eg trur eg har noko på hjartet som ein ikkje kan lese hundre tusen andre stader (som i Summetonen i BA). Så: good riddance til dei bloggane som eventuelt måtte forsvinne etter kvart som backlashen trer i effekt. Så får vi sjå korleis det går med denne, for det byrjar bli lengre mellom postane mine no for tida.

* Denne såg eg i eit lesarbrev som har vore i fleire aviser, som del av den første setninga. At det går an!
** Look who's talking, liksom.
*** Ditto.

|

16. januar 2006

S rasar mot Kultur-Noreg, eller kven faen ein no skal skulde på

Er det andre enn meg som allereie har Ibsen-året langt opp i halsen? Eg gadd aldri sjå den derre åpningsseremonien (heilt i anden åt Lillehammer-OL og andre nasjonalsjåvinistiske "happenings"), men eg har sett nokre utdrag. Nokre danskar (utan at det er noko negativt i seg sjølv med at være dansk) som gaulte "Ib-sen, Ib-sen" i den no herostratisk vidgjetne Ibsen-rappen, nokre kinesarar med sverd, og mannen med det usannsynlege namnet (BB) som påstod at Ibsen heilt sikkert ville sett pris på dette MGP-eurotrash-mongo-dritshowet. Eg har mine tvil. Om dette er symptomatisk for den vidare feiringa har vi mange sarkastiske blog-postingar å sjå fram til (eller kanskje eg alt er lei, ja, det er eg faktisk). Eg er neppe den einaste som kjem til å påpeike at hjå Ibsen er vanlegvis innhaldet viktigare enn forma. Faktisk har eg høyrt dette sagt mange ganger; "Ibsen var ein samfunnsrefsar, ein opprørar, han levde i eksil (underforstått: han hata det norske samfunnet), han var på kant med den gode smak" osb. Vi blir mint på dette, men det tek alltid form av ei slags punk-romantisering av mannen. Vi får aldri vite kva Ibsen faktisk skreiv om. Kanskje vi burde tenkje litt på det i staden og freiste å filtrere bort all "viraken", som det heiter på østlandsk journalist-språk. Mao.: les stykka hans! Det er ikkje nødvendig (kanskje ikkje ein gong spesielt heldig) å sjå dei framført på ei scene eller i føkkings fjernsynsteater. Takk.

No er det så lenge sidan eg har skrive noko her at eg nesten hadde gløymt passordet for å redigere bloggen. Jaja, der kan de sjå.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?