<$BlogRSDURL$>

29. august 2007

S rasar mot dårleg språk

I dette "informasjonsskrivet" frå det alltid underhaldande partiet Demokratene, heiter det "Hvor mange norske liv skal gå tapt på grunn av naive innvandrings politikk?" I dette høvet hadde eg tenkt å skjelle ut Demokratene sitt litt lausslupne tilhøve til rettskriving, men så såg eg at VG-journalisten ikkje var mykje bedre: "Slik er overskriften på de store plakatene bystyrerepresentant for Demokratene i Bergen, Kenneth Rasmussen hang opp flere steder på Åsane i Bergen, tirsdag."
Det heiter ikkje "hang," men "hengte," som i dette dømet (på bokmål, men det er vel det same i begge målformene):
"Kenneth Rasmussen hengte seg, og da resten av Demokratene kom til stedet hang han dau i et tau." Am I right?

|

21. august 2007

S opererar med svinn

Eg har fått meg jobb, eg blei faktisk headhunta - "den einaste måten å få seg jobb på," i følge ein eg kjenner. Og det er nok sant, for om eg skulle ordna meg jobb sjølv ville det nok tatt si tid.
Jobben min dette semesteret blir å undervise/skremme vekk 100-nivåstudentar frå Amerikansk litteratur og kultur. Det er lagt inn i systemet ein prognose om at fleire titals studentar kjem til å droppe ut før jul. Faktisk så er undervisninga her lagt opp slik at ein er meir eller mindre avhengig av svinn for å kunne gjennomføre eit tilfredsstillande kurs for dei håpefulle små. Dette høyrest kanskje kynisk og rart ut, men faktum er at det alltid er svinn. Mange trur at Engelsk på universitetet er eit slags språkkurs, og få veit kor mykje arbeid det medfører. Fleire er rett og slett på feil plass. Og eg skjøner dei godt. Sjølv var eg heilt clueless då eg byrja på universitetet. Eg hadde gode karakterar på engelsk på vidaregåande, og eg likte faget. Det var min einaste grunn til at eg søkte engelsk på universitetet. Det heile var ekstremt lite gjennomtenkt, og eg trur eg var noko overraska då eg såg kva form kursa etter kvart tok. Likevel; no jobbar eg her, så det kan ikkje ha vore så ille. Eg var ikkje ein spesielt ressurssterk ung mann (min styrke har alltid vore at eg aldri innser alvoret i noko som helst, og slepp dermed unna dei verste kvalane), men eg fekk tråkla meg gjennom dei første forvirra åra (kor får ein studentkort? må ein ha studentkort? kva fag må eg ta? kor? kva tid? er det ein grammatikkdel også? hæ?) og blei ein flink og flittig, ufysleg, liten dævel.
Needless to say, så er eg pissredd for dei om lag 40 grunnfagsfolka eg skal lære opp. Og dette er grunnane til det: dei er framande folk og eg er litt redd for slike; dei er forvirra og kunnskapslause; nokon er flinke (flinkare enn meg?); eg har latt meg fortelle at 20 år gamle jenter tenkjer mykje på sex - spesielt når dei kjedar seg på seminar; alle kjem til å måle meg, på ulikt vis; nokon er kanskje eldre enn meg; eg treng ein stresskoffert - ryggsekk gir ikkje den rette typen respekt; dei kjem til å le av meg bak min rygg. Hadde eg visst at eg skulle ende opp som lærar, dvs. "undervisingsassistent", så hadde eg vore litt snillare med dei lærarane eg har hatt fram til no, også inne i hovudet mitt. No fryktar eg bad karma - at eg skal hauste som eg har sådd, osb.
Men det går sikkert bra, altså. Om det ikkje gjer det, er det sikkert bra for kunsten min. Hadde eg berre vore kunstnar.

|

13. august 2007

S synsar om teknologi, media og sånt noko
(og lovar at det blir eit eingongstilfelle mest truleg)

Her er greia: Innan kort tid må alle som er interesserte i å sjå på fjernsyn investere i ein boks (dekoder eller tuner eller kva faen det no heiter) som gjer ein i stand til å få inn dei nye digitale TV-signala. Som dei fleste sikkert veit så kjem dei analoge signala til å forsvinne (er det ikkje 2009, mon tru?). For godt. I tillegg må ein kjøpe ein sokalla "pakke" med kanalar, til om lag 2000 spenn eller meir, samt betale den gamle TV-lisenses på om lag 2000 kroner i året. Dette skjer samstundes som stadig fleire ser stadig mindre på fjernsyn. Fleire medietryner har prøvd seg på å analysere kvi dette skjer, men forklaringa er såre enkel: internett finst, TV er generellt keisamt og dårleg.
Det fine for forbrukarane (så sant dei får med seg det som eg skal til å nemne) er at det innan ganske kort tid - dette er min påstand - blir heilt unødvendig å ha tilkobling til det digitale bakkenettet. Internett-TV er allereie så bra at det i nokre høve utgjer eit fullgodt alternativ til vanleg, analog antenne - og innan 2009 er det heilt sikkert blitt mykje bedre. Tenk på det: TV på internett kjem til å ha reklame, det er heilt sikkert, men det kjem til å vere overkomeleg. Og det blir mykje billigare enn det digitale bakkenettet. I tillegg er utvalget bedre, tidspunkt for sending blir uvesentleg, TV-lisens blir ein saga blott, ein får ein global TV-meny (ikkje det at eg trur at t.d. Brasiliansk eller Italiensk TV er noko å trakte etter, men), og ein vil sjølvsagt ha "vanleg" internett i tillegg.
Antaglegvis kjem NRK til å finne på noko for å få sin del av våre pengar - det må dei, og det bør dei kanskje få òg - i.o.m. at faren for kommersialisering kanskje vil auke ein del - i alle fall for slike store kanalar som NRK og TV2. Fordelen er at ein ikkje lenger er avhenging av NRK for å kunne sjå smalare typar program på TV. Ein treng ikkje ha NRK i ryggen for å lage "Slå på ring" eller ein sær dokumentar om Tyrkisk 60-tals-psykedelia. Det slike store kanalar brukar pengar på er sport og heslig laurdagsunderhaldning. Som eg ikkje ser på anyway.
Uansett kva som skjer: les bøker. Dei har kome for å bli - internett er eit blaff.

|

4. august 2007

S rasar mot at alt har blitt så jævla dyrt no som han ikkje lenger er student

Busskort, til dømes: seks hundre forbanna kroner i månaden. Folk seier til meg at dette er billeg og at det var mykje dyrare før osb., men eg tykkjer det er dyrt. "Jammen, du kan ta så mykje buss du berre vil i heile bergen kommune," seier dei. Men eg vil ikkje ta buss i heile Bergen kommune! Eg vil faktisk køyre så lite buss (eller noko anna køyrety) som mogleg. Men, men - no som eg faktisk bur i Sandviken (ikkje i ei pappkasse i lag med ein mann som luktar tiss, men på 80 vanvittige kvadratmeter i eit hus som er mykje billigare å leige i enn det muggstinkande lisje rotteholet eg budde i inntil nyss) må eg jo berre kjøpe busskort.
Men for seks hundre kroner kunne eg ha:
-drukke om lag 12 pils meir i månaden,
-kjøpt seks CD-plater kvar månad,
-kjøpt klede,
-spart pengar til ein kvalp,
-bada i pengane, gravd meg ned i dei som ein muldvarp, hoppa i dei som ein delfin og latt dei skylje over meg som ei fontene.

Det er tydleg at eg er halvt sunnmøring, ser eg.


S rasar mot kongehuset (igjen)

Eg har lenge vore royalist, rett og slett av den grunn at kongehuset er makteslause stasfigurar som vi berre tek fram når det er nyttår eller fint besøk frå utlandet. Dei er flinke med skikk og bruk, og verkar å vere snille og greie folk. Eg tykkjer det er latterleg å krevje at journalistane skal vere mindre servile og meir kritiske til den gjengen der. Å rette kritisk journalistikk mot kongefamilien er a waste of time, etter mi meining. Dessutan er dei jo ganske flinke til å blamere seg sjølv, heilt utan at nokon pirkar i dei. I tillegg meiner eg det er håp om at krompen, som virkar som ein genuint filantropisk og relativt oppegåande kar, kan bli ein brukbar konge ein dag, tross alt. Min fremste grunn til å vere royalist er vel uansett at eg er anti-republikaner; eg vil ikkje ha ein president. Kven i all føkkings verden (dvs. Noreg) skulle det ha vore? Det er så vidt vi klarar å skrape sammen ein brukbar statsminister (i alle fall ein gong i blant) og det førekjem meg som den reinaste utopi å innbille seg at det finst presidentemne her i landet.
På den andre sida: det er nokre moment som har hefta seg ved kongfammen, som gjer at eg no er i ferd med å skifte meining. Ei velkjent sak er Lysfontenia Hestekviskrar. Verre pengegrisk New Age-høne skal ein leite lenge etter; i så fall ville det vore lurt å leite blant dei som har meldt seg på "skulen" hennar -"there's a sucker born every minute" osb. Ein annen ting er at krompen sin integritet er stygt svekka av at han har gifta seg med verdas mest personlegdomslause nek. Og tenk viss - bank i bordet - krompen skulle stryke med! Kven er då den neste i arverekkja? Prinsesse Märtha fru Behn? Fri og bevare meg vel! Og kva med ungane disse fjompenissane fostrar opp? Dette går ikkje i lengda. Det kongefamilien treng for å få litt dreisen på fernissen og imaget sitt er ein ny verdskrig med ein heroisk-patriotisk flukt.

"Brave sir Robin ran away,
bravely ran away, away.
When danger reared its ugly head
he bravely turned his tail and fled"


|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?