<$BlogRSDURL$>

30. april 2007

S skriv og skriv

Men ikkje her.

|

12. april 2007

S likar faktisk teknologi

Eg er ein skikkelig ludditt, dvs. eg hatar eigentleg ikkje teknologiske nyvinningar, men eg har litt vanskeleg for å ta dei i bruk. Eg har til dømes ikkje ein iPod eller annan type MP3-spelar. Eg tykkjer CD er mykje bedre, for eg likar å lese det som står i coveret og det er bedre lyd & slikt noko. Og det er mange andre ting som eg ikkje orkar tenkje på å setje meg inn i, slik som MySpace, og FaceBook og alt slik noko. No har eg ein blogg og det får halde, tykkjer eg.* Men det er ein ny ting eg har skaffa meg (eg har faktisk fått han i bursdagsgåve) som eg set pris på: den ordinære, og slett ikkje heilt nye lenger oppfinninga flatskjerm til PC. Eg henta han i posten for eit par dagar sidan og kunne bære han med meg heim med ei hand. Fantastisk! Dessutan brukar han mindre straum og tek opp mykje mindre plass enn den gamle skjermen. Viva flatskjerm!

*Eg trur kanskje dette eigentleg har med å gjere at eg hatar å lære nye ting, generellt. Eg brukte til dømes lengre tid enn alle andre på å lære meg å svømme og sykle, og eg kjem nok aldri til å ta lappen. Men bil er usunt for planeten, så det så.


S dreit seg ut

Tirsdag var første dag med seriøst arbeid etter påske. Eg tenkte derfor at det var lurt å bruke heile dagen på å flikke på ein gamal versjon av kapittel èin av Masteroppgåva mi. Men dèt var det jo ikkje.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?