<$BlogRSDURL$>

31. oktober 2007

S rasar mot den forpulte skitavisa Studvest

I denne bloggen har eg sagt mykje stygt om media, og då mest om korleis aviser og andre framstiller saker, heller enn å gå laus på dei som utgjer intervjuobjekt eller sjølve sakene. Dette har no vist seg å vere ein svært så berettiga framgangsmåte.
Dette er grunnen til at eg seier so:
For ei veke eller to sidan svarte eg på ein e-post om studentmedier, som eg fekk av di eg har vore redaktør for eit studentmagasin. Dette magasinet var av den fagleg seriøse sorten, med artiklar av studentar, stipendiatar og forelesarar, om diverse tema innan språk og litteratur. E-posten som eg mottok hadde fleire spørsmål som eg svarte på med å utdjupe det faglege ved magasinet og diverse sider ved det redaksjonelle arbeidet. Nokre av spørsmåla var dog noko fjasete, slik som "Hva kjennetegner et godt studentmedium?" Å svare grundig på eit slikt vagt og omfattande spørsmål ansåg eg som vekkasta tid, sidan sjølve problemstillinga var ganske fjern og alt for generell. For å runde av: I den nyaste utgåva av Studvest er eg sitert slik: "Det som kjennetegner et godt studentmedium er et fint omslag." Og berre det. Ingenting om magasinet eg var redaktør for, ingenting om alle dei andre spørsmåla eg svarte seriøst på. Denne formuleringa får, mildt sagt, både meg og magasinet eg var redaktør for til å framstå som komplett idiotiske. For det første ville eg aldri ha kome på å formulere ei slik setning i utgangspunktet (i alle fall ikkje på bokmål, men det er ei anna sak), og om eg skulle seie berre ein ting i ein slik samanheng (studentmedier) ville det i alle fall ikkje vore dèt!
Tusen takk til satans Studvest for seriøs og god dekning av studentmedia i Bergen, måtte den dritavisa dykkar gå så inn i helvete inn, så fort som råd! Eg tykte den var litt tynnare denne gongen enn den plar vere; dette er nok byrjinga på slutten. Eg veit at det skal noko til før ei sponsa gratisavis må leggje inn årane, men det er lov å håpe.
Elles tykte eg det var interessant å observere at journalistar er idiotar frå dag èin (no offense, J), og at det ikkje er noko dei legg seg til med tida.

|
Rase-S rasar mot samsette ord

Eit par døme frå minnet, frå den siste veka omlag:
Sex-Spitznogle
Våpen-Valen
Og ein gamal favoritt frå Se & Hør (trur eg): Vær-Eli-Kari.
Meininga (om det finst noko meining) med slike samansetjingar må vel vere at det skal
vere meit lettvint, og ikkje omvendt? Det minner meg om dubbeljudubbeljudubbelju - World Wide Web-"forkortinga".

|

30. oktober 2007

S rasar mot nokre tilfeldig utvalde ting han ikkje likar

1. Banos. Dette pålegget har samme konsistens, smak, lukt og (antageleg) innhaldsfortegnelse som limstiftane vi brukte i Forminga på barneskulen. Mat lagd av maskiner for maskiner.

2. Kurt Nilsen. Han derre Karlsen, manageren til Kurten, har fått rykte på seg for å vere eit slags geni med høve til talentspeiding og -utvikling. Lat oss liste opp alle dei andre suksess-artistane han har i stallen sin: ...nei det var viss ingen. Om du får mangeransvar for vinnaren av den første Idol-konkurransen i Noreg, og fyren attpåtil kan synge og er sjarmerande stygg og folkelig, vel då treng du ikkje dei heilt store evnane for å få han til å selge plater. Men no er det på tide at folk innser at både Kurten og Karlsen er ubruklege sjarlatanar som har tilført norsk musikkbransje svært lite. At Kurten planlegg å byggje seg ei gitarforma hytte burde vel seie sitt om den fyren si vurderingsemne og smak.

3. Valla/Yssen. Om eg var diktator i Noreg hadde eg forvist båe til Bjørnøya. Med brev- og besøksforbod, og definitivt intervjuforbod.

4. Nazihegemoni i Bergen bystyre. Blant norske politikarar på Stortinget verkar det som dei fleste har ein ganske sunn forakt for FrP (sjølv om det finst unntak), av den grunn at dei er politisk uhøviske, retorisk ubehøvla, og ideologisk problematiske. På lokalplan er det diverre annleis. Her skal dei samarbeidast med, og får endatil kansler, nei ordføraren. Eg har framleis ein deltidsjobb i kommuna. Det blir interessant å sjå korleis helse- og sosialsektoren kjem til å klare seg no. Dessutan: http://www.bt.no/lokalt/bergen/article432117.ece

|

17. oktober 2007

S rasar mot humanetikarane

Ateistar og sokalla humanetikarar driv og polemiserar mot religion og alle andre ting som ikkje lar seg forklare vitskapleg. Dette er vel og bra, det, men eg trur at det fremste problemet som har med religion å gjere er organiseringa. Personlege utslag av overtru og religiøse anfektingar* i form av t.d. tru på Jesus, Nøkken, englar, "hjelparar," litteraturvitskap o.l. har eg i utgangspunktet ingen problem med. Det er når det blir sekt, og konformitetskrava etablerer seg at det blir vanskeleg. Derav denne aggresjonen mot humanetikarane. Organisert ikkje-religion liknar nemleg ganske mykje på vanleg organisert religion. Eit døme er den Humanetiske konfirmasjonen: ei stadfesting av ingenting som helst, med leirar, opplæring og seremoni. Ser dei ikkje hykleriet? Dessutan har Humanetisk forbund ein slags klubb (hugsar ikkje namnet) som driv med møteverksemd og humanetisk sosialisering. Eg ser det for meg:

"Kom, lat oss ikkje lese i bibelen, medan vi ikkje syng salmar og avstår frå bønn!
-Kan vi ete bollar og drikke brus?
-Njaa, det kjem an på. Ikkje Coca Cola. Og i alle fall ikkje vannbakkels.
-Jammen vannbakkelsen or i opphavet eit heidensk bakverk!
-Jau, du har eit poeng der. Vi får stemme om det."
Dustar.

OK, eg overdriv kanskje litt no, men for meg har denne røyrsla eit imageproblem; det minnar om organisert fundamentalisme og det heile er så humørlaust og sjølvgodt at eg blir kvalm.


*Dette er ikkje eit ord - eg veit det.

|

2. oktober 2007

"Full homokrig

Uansett hva flertallet bestemmer seg for, nekter disse fem biskopene å endre sitt homosynspunkt."

Denne høgaktuelle overskrifta frå toppen av VG Nett si førsteside (nettaviser har vel berre førstesider, men det er ikkje poenget) er kanskje den mest evokative og nyskapande prosaen eg har lese i heile år. Eg er usikker på kva som er mest morosamt av "homokrig" og "homosynspunkt," men det er i alle fall sikkert at vi har fått noko å tygge på.

|
S rasar mot repeat repeat repeat repeat

Saker og ting som eg ikkje vil høyre meir om:

Madeline McCann. Kvar dag forsvinn det ungar rundt om i heile verda - ungar som har langt mindre ressurssterke foreldre enn ho her. Skriv litt om dei i staden for.

Prinsesse Diana-etterforsking. Det er nok no. Det er ingen konspirasjon. Det er ikkje interessant.

Märtha og englar. Det var morosamt ei stund, men no har det verkleg mista luven. Det vi treng i det norske kongehuset no er saftige sex-skandalar. Alt anna blir for småleg.

Britney Spears. Viss karrieren hennar liksom skal vere over så kan de slutte å skrive om ho. Om alle white trash-kjerringar med alkoholproblem og barnevernssaker skulle få like mykje spalteplass som ho, ville vi trenge tusenvis av nye aviser for å få plass til alt.

---

On a happier note:

For dei som likar å rase (meg t.d.) er det ein sann svir å ha anustrynet* Tore Strømøy attende på skjermen. Jabba the Trønder, som ingen kallar han (enda), er ei utømeleg kjelde av drit og faenskap - eller good news for people who like bad news. Ta for eksempel denne "folkelegheita" som han trur han sit med fasiten på. Eg kjenner mange ulike folk i mange ulike yrkesgrupper og med ulikt geografisk og etnisk opphav. Ingen av dei har noko særleg til felles med Jabba (eller Sith Jensen) sin modell for kva som er typisk norsk. Men det er sikkert meg, mine vener, mine kjenningar og min familie som tek feil; vi er ikkje folk, vi.

Also on a happier note: det er mogleg eg får jobbe på UiB neste semester også. Wiv bri'ish litchatcha. Jolly good. Cheerio, old chap, I say. etc.

*Dette ordet har eg ikkje brukt sidan eg var fjorten år. Og eg kunne kanskje halde fram utan å ta det i mitt tastatur. Menmen.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?