<$BlogRSDURL$>

24. oktober 2006

S skal utruleg nok på BIFF

Eg har tidlegare skrive om kor utruleg vanskleg det er å kome seg på denne filmfestivalen, trass i alle gode von. Men no har eg faktisk klart å kjøpe billettar og skal avgarde klokka 16.25 for å sjå "A Scanner Darkly." Sjølvsagt måtte eg velge ein dystopisk sci-fi animasjonsfilm, i staden for noko 'matnyttig,' som til dømes ein dokumentar om miljøevern el. l. Dokumentar er best på TV.

|

21. oktober 2006

S rasar mot gamle innlegg, men gler seg over gamle kommentarar

Sist eg dreiv og kika i arkiva var alle kommentarane vekke. Dette har no vist seg å vere ein forbigåande tilstand, for dei har kome attende, "hei, hei."
Det er snodig korleis mange av dei tinga eg i si tid tykte var godt skrive viser seg å vere crap, medan manga andre ting var overraskande kjekke. Men mest kjekt er det å mimre. Eg ser på to år gamle postar og hugsar dei som om dei var skrivne i går. Og alt handlar mest om det same.

|

16. oktober 2006

S rasar mot inkonsekvente magasinredaktørar

To ting: for det første påstår Mr. Hairpiece at "Det er et paradoks at det skal være lov til å gjøre omtrent hva som helst mot kristendommen, mens man ikke tåler noe som helst når det gjelder islam." Eg er heilt einig. No må det bli slutt på all denne muslimhetsen mot kristendommen. Det går ikkje ein dag utan at ein ser muslimske magasinredaktørar kritisere kristendommen i media. Er det ikkje kvinnesynet, homosynet, dei valdelege aspekta, abortsynet eller misjoneringa, så er det tusen andre ting dei der muslimane støtt må klage på. No må dei halde fred!
For det andre tykkjer eg at det er fint at Human-Etisk Forbund kan gi ei stemme til dei hårlause. Dei parykkledde har vore undertrykte for lenge.

|

11. oktober 2006

S trudde ho hadde lagt opp for minst ti år sidan

I 1986 (om lag) var eg og familien på ferie på Sørlandet. Eg hugsar at vi såg Trine Haltvik på ei ferge eller ein båt der nede. Ho er den første "kjendisen" eg kan hugse å ha sett. Stor var difor overraskinga då eg såg dette. På dei åra eg har nytta til å vekse opp, gjere ferdig barneskulen, kome i puberten, gå på ungdomsskulen og vidaregåande, join the navy, studere grafisk design i to år, studere engelsk i sytti år, få meg ein kjærast, ta til å drikke, ja kort sagt transfomere meg frå unge til nesten tredveåring - heile denne tida har Trine Haltvik spelt handball i eliteserien. Ho må jo vere 300 år gamal!

|
S rasar mot strafferåme

15 år for å hive ei kake på ein politikar! Eg tykkjer ikkje at kakekasting er noko særleg god form for politisk protest, og eg forstår godt at politikarar gjerne vil kunne få gå i fred utan å frykte kulinarisk terror, men ærleg talt: dette går ikkje an! Må vi slutte å kaste egg på FrP-politikarar óg, no? Eller er den trenden allereie ein saga blott? Sukk. Heldigvis fins det gode nyhende også:
Ari Behn blir slakta (skjønt, det hadde vore kjekt om han kunne overraske oss med ei god bok) og John G. Bernander går av som sjef for NRK. Kanskje vi kan få ein litt mindre reaksjonær kringkastingssjef no. Men det blir vel han sølvreven i KrF, kjenner eg verda rett.

Kake: opp til 15 år bak murane
Tomatar: eitt år per tomat som treff
Eggedosis: fire år betinga
Baccalao: dødsstraff
Ris: ris er greit
Kokt ris eller graut: deportering til Bouvètøya

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?