<$BlogRSDURL$>

22. august 2005

S rasar mot nye studentar på Høyden

No har eg gått her oppe nokre år og blitt van med dei tryna som surrar i kring her. Universitetsleiinga må skjøne det at det er belastande for slike som meg å vere nøydd til å sjå alle desse freshe, fine, unge, bekymringslause, optimistiske, barnlege fjesa. Studieprogresjonen for dei som er van med å vere her må jo bli hemma av slikt! Tenk alle dei køane ein kunne unngått om ein berre lukka universitetet av og til!

|

2. august 2005

S rasar mot nokre fleire ting, som han gløymde å ta med i førre post (det er rart med, det - ein går og tenkjer på ting som ein må få skrivd ned, berre for å skrive det ned liksom, kanskje sjå om andre er einige, men det er ikkje det viktegaste - så, når ein sit seg ned ved PCen på datarommet på universitetet, så er ein heilt blank. Ikkje HEILT blank, sjølvsagt, men store mengder er borte vekk. Vi får sjå om eg klarer å hugse alle etterslengararne no, men det anar meg at det kan bli vanskeleg.)

1. Sånne bittesmå, nevrotiske, stygge hundar som eldre damer har. Sånne som skjelv og har utståande auge og ein liten hundegensar og ikkje kan gjøy skikkeleg av di dei har vokse opp utan kontakt med andre hundar. Desse hadde nok hatt best av å bli avliva.

2. Faen! Der skjedde det igjen. heilt blankt. Og eg som gjekk hit eins ærend (nesten) for å ta dei punkta eg hadde gløymt. Jaja, eg kjem nok på kva det var på veg heim. Eg hugste i alle fall det med bikkjene (spesifisering: det er sånne som er mindre enn kattar).

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?