<$BlogRSDURL$>

29. november 2007

S rasar mot det absurde

http://www.youtube.com/watch?v=FONt47Z0KZg&feature=related

Nett i det eg trudde det ikkje kunne bli noko verre, så dukkar pinadø Anastacia opp!

Etiketter:


|

20. november 2007

S rasar mot at det er så vanskeleg å vere materialist,
sjølv om alle vil at ein skal vere det - vanskeleg, ikkje av moralske
grunnar, men av di ein får skrivesperre

Det har seg nemleg slik at kvar gong eg sit meg ned for å skrive ei ønskeliste til jul, så sviktar hjernen; "blankt ark-syndromet", trur eg at eg har bestemt at det heiter. Eg har kjempa meg til å kome opp med tre boktitlar. Mitt ønske er at de, den store publiken (ja, eg veit vi snakkar om eit ein-sifra antal lesarar) skal kome opp med forslag, no når de ser kva gate eg er i. Sånn omlag-ish, liksom. På lista har eg, til no:

Kurt Vonnegut: Slaughterhouse Five

Thomas Pynchon: Gravity’s Rainbow

Laurence Sterne: The Life and Opinions of Tristram Shandy, Gentleman

Den siste boka er noko eldre enn dei tre første, men eg tippar den er ute i relativt nytt opplag, grunna film-versjonen som kom for cirka eit år eller to sidan. Teite forlag blir mottekne med kald forakt.

|

14. november 2007

S rasar mot Memento Labori

Eg har to jobbar: ein eg likar og ein eg har byrja å hate, på den måten ein berre kan hate noko som ein har bygd opp eit dårlig tilhøve til over fleire år med lange bussturar, dårleg løn og total gledesløyse. Denne jobben har eg gått til trufast som ein lobotomert beagle annakvar helg i snart fem år. Eg byrjar å grue meg til jobbhelg fleire dagar før eg skal jobbe, gjerne alt helga før. Når eg blir mint på jobben, til dømes av å sjå bussen som plar ta meg med, pinsamt og treigt, til den avsidesliggande bydelen eg jobbar i, frys eg på ryggen og blir umiddelbart sur. Eg vil veldig gjerne slutte (som dei aller fleste som jobbar der), men no har eg fått nyss i noko som eg visste ville komme, men som eg hadde fortrengt: nedbetalingsplanen frå Lånekassen.

Eg orkar ikkje seie meir om den no, og må uansett bort til TVen for å sjå House M.D. - det einaste programmet verdt lisenspengane.

|

12. november 2007

I totally forgot the fifth of November!

|

8. november 2007

S rasar mot DB, igjen

Eg har vel i grunnen meg sjølv å takke for at eg les, ikkje berre Db online, men også debattsidene deira, men here goes:

Eg har undra meg over at Dagbladet driv og skal ta han Kristopher Schau. Dei driv med det no, i samband med Dødssyndene hans* og dei har oft hengt han ut tidlegare.
"Skal ikkje Dagbladet liksom vere ei progressiv avis," har eg tenkt, "som er på hans lag, mot kristenmoralistane, mot mørkemennene?" No skriv Db om korleis annonsørane flyktar frå sendetida rundt programmet til Schau - faktisk er det slik at andre, viktigare, saker har måtta kjempe om plassen med korstoget mot Schau.

Til dømes gjer dei eit poeng av at Disney har trukke seg frå denne reklametida. Så skal vi liksom reagere på at vi ikkje får sjå Jungelboken-reklamer før/etter De 7 Dødssyndene. Det er, ærleg tala, ikkje det minste rart; d
et er vel ikkje akkurat den rette målgruppa. Men kvifor dette brennande engasjementet?
Eg har to teoriar om dette: ein god og ein mindre god.
Den gode er som følger: Db har slett ingenting spesielt i mot KS. Tvert om så tykkjer dei han er skikkelig tøff, og dei fleste følger med på programmet og diggar humoren hans. No har det seg slik med pressefolk at dei hadde solgt bestemora si om dei kunne skrive om det etterpå, og at dei likar Schau er ingen grunn til å ikkje drive butikk på fyren - noko dei gjer på ein rimleg slu måte.
Ved å vise til kor "kontroversiell" og upopulær han er, spesielt blant dei kristne, så piskar dei opp til debatt og krangel der det ikkje høver seg i det heile tatt, og (får ein anta) om heilt andre ting enn det programmet faktisk handlar om. Fordi: Db provoserer, heilt medvite, ikkje kristenfolket, men sin eigen kjernelesar - ein mennesketype som er så ufyseleg at eg blir nødt til å ta dei føre meg ved eit anna høve (etter at menneskeforakt er blitt litt mindre hot potato)
- som sjølvsagt viljug lar seg provosere, fyllar debattsidene med motinnlegg og startar anti-boikott-boikott.
"Debatten" har med andre ord blitt slik kinnskjegg-trynet sjølv spådde i eit intervju med Trondheimsk studentradio før serien gjekk på lufta: ikkje bra. Dette er antagleg ein taktikk avisene brukar heile tida, som medievitarar kjenner godt til (det burde dei i alle fall - gudane veit kva den gjengen driv med) og såleis ikkje er noko nytt, men det gjer det ikkje noko mindre trist og irriterande.

Den andre teorien min er at Dagbladet aldri har tilgjeve Schau for å ha narra dei tidleg på nittitalet, då han hevda å vere Britisk kunstmalar som dreiv med "naivistiske dyretegninger " (han hadde endatil kledd seg ut med sixpence, lausskjegg, Lennon-briller og mumlete framferd). Db kjøpte heile opplegget og blei grundig gjorde til latter av dei avisene som ikkje lot seg lure. Eg håpar verkleg det ikkje er grunnen.
Det får vere grenser for misantropi.



*
eit program eg for øvrig ikkje har sett; eg gløymer å sjå på TV. Ikkje av di eg er ein slik strålande intlektluel som ikkje tykkjer at fjernsyn er noko tess, men av di eg nyttar TVen mest til å spele Playstation og sjå DVDar.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?