<$BlogRSDURL$>

31. oktober 2005

S undrar seg
over at nakkebrotet til Fredrikstadspelaren Dagfinn Enerly har gått sånn innpå han. Den helga Enerly blei skadd sat S i diskusjon med familien til kjærasten sin. Dei snakka om alt elende i verda, fattigdom, krig, naud, naturkatastrofer, you name it. S (som no tydlegvis har byrja omtale seg sjølv litt for mykje i tredje person) tenkte i det høve mykje på fæle ting, men ingenting gjorde like stort inntrykk som han som braut nakken på fotballbana. Eg (første person, hurra!) blei vonbroten, kvalm og trist, samt oppriktig bekymra for denne karen. Eg seier ikkje at det er noko gale i det, men eg lurer på kvi ubehaget er så mykje større når det er idrettsfolk det er snakk om (dette har nemleg skjedd før, i samband med andre idrettsulykker). Eg er ikkje ein gong særleg sportsinteressert.

Heilt malapropos: Det sit ei jente bak meg på datasalen som tykkjer det er heilt greit å høyre høgt på musikk i det lekkjande headsetet sitt. Det er ikkje greit!

|

20. oktober 2005

S reklamerar

Eg har vore "co-editor" i engelsk institutt sitt eminente magasin Estragon. I det høvet vil eg gjerne reklamere for dette bladet her. Og det har eg no gjort.

Ok, litt meir: det inneheld artiklar, skrivne av studentar og folk frå fakultetet. Geir Follevåg, Asbjørn Grønstad og eit par andre har skrive spesielt fine ting. Og eg har formgjeve det brillefine omslaget. I tillegg er det mange fine bilete og nokre dikt, skrivne av ein litteraturprofessor frå Australia.

|

12. oktober 2005

S rasar mot dataavdelinga på universitetet*

Det er ganske nervepirrande no. Sidan i går kveld har eg ikkje vore i stand til å ta meg inn på diskområdet mitt - der alt eg har skrive, skulearbeid, magasinmateriale, osb. ligg. Det skulle vere ordna til halv tre i dag. No er klokka ti over tre og eg ventar enno. Den store skrekken er kva om alt er vekke? Om so er tilfelle må eg nok berre slutte å studere. Eg tok rett nok ein back-up for tre veker sidan, men eg har skrive mange sider sidan. Eg får vondt i magen.

*ikkje viss dei får det til, sjølvsagt.

|

11. oktober 2005

Dett var dett

Eg er skuffa! Her har ein fått alle tiders sjanse til å kommunisere med to store tenkjarar frå ei svunnen tid, ei unik moglegheit til å få eit nytt moralsk perspektiv på samfunnet og eit høve til å snakke med to skikkelig store kjendisar, men kva skjer? Rett attende til dødsriket!
Henrik og Ludvig (jf. førre post) var sjølvsagt interesserte i å kome seg ut og sjå på verda. Eg var ikkje førebudd på kor vanskelig det skulle vere å halde kustus på dei (Ibsen var ein svært vanskeleg og bestemt type). Dei surra omkring overalt og blei stadig vekke for meg. I løpet av få minutt var begge daude, igjen. Herr Ibsen hadde diverre ein fatal mangel av forståing for dette med bilar og trafikklys - han rauk med i krysset ved fisketorget. Holberg, på si side, var litt meir fryktsam og varsam, men han oppløyste seg i ei støvsky attmed Galleriet, då han fekk sjå kryssfinèrfiguren av seg sjølv - med meny på - utanfor Holbergstuene. Can't say I blame him.
Fiasko.

|

10. oktober 2005

S vekkjer dei avlidne (med litt hjelp)

Etter å ha lese om den karismatiske og mirakuløse predikanten Svein-Magne Pedersen i BT fekk eg nokre gode idear. Eg ringte han opp og bad han om å fikse eit par oppvekkjingar for meg. Her eg sit og skriv har eg Ludvig Holberg og Henrik Ibsen med meg (ikkje berre er dei mirakuløst oppvekte, men dei kom seg til Bergen på rekordtid). Ludvig er veldig i stuss over mykje av det han ser, medan Henrik tar det fint. Båe er nøgde med å ha fått setje namn på stader der ein kan drikke øl i Bergen. Elles har dei underleg lite på hjartet og begge treng veldig å ta seg ein dusj, så vi får kome attende til kva inntrykk og meiningar dei har gjort seg ved eit seinare høve.

|

6. oktober 2005

Har han rast frå seg?

"No har det seg slik at eg har jævlig mykje å gjere, og, øh, sånn, liksom" mumlar S, då vi spør han om det ikkje er på tide å, høhø, rase litt snart. "De skjøner, det var så veldig mykje meir arbeid med masterstudiane enn kva eg hadde tenkt..." Orda stokkar seg for han. Vi anar at det er noko meir som ligg bak, noko meir enn berre dårleg tid. "Er du utrast no?", spør vi, "Har ventilen vore for effektiv? Eller har du berre ikkje meiningar om noko som helst lenger?" Han ser ned. Det ser ut som han tenkjer, så sukkar han tungt og oppgitt. "Eg veit ikkje".
"Jammen," seier vi, "det er jo mykje ein kan rase mot enda! Vi var blitt så vane med at vi kunne slenge innom her og lese noko vi kunne hisse oss opp over eller nikke samtykkande til. Noko litt rabulistisk eller ettertenksomt. Men no har denne vesle kvardagsstimulien forsvunne. Vi gidd ikkje håpe lenger; ser nesten aldri innom, vi veit at det ikkje er kome noko nytt likevel."
Han svarar ikkje. Lang tid går.
"Kva vil de eg skal svare? Kva kan ein seie til slikt?"

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?