<$BlogRSDURL$>

31. mai 2007

S rasar mot pressa

Norske journalistar må slutte med følgande:

1. Spørje utanlandske pop- film- og politikarkjendisar "what do you think about Norway?", når alt kjendisen har gjort er å sitje i kokain/jetlag-rus på hotellrommet i to timar før konserten/foredraget.

2. Skildre Noreg som "et langstrakt land." Dette gjeld også folk som skriv brev og kronikkar i aviser.

3. Snakke om "slakting" (sportsjournalistar), samt ca 5 andre steindaude og ganske dumme metaforar som dei har på repretoiret.

4. Skrive om FaceBook. Lurer på kvifor det var så populært ei stund? I følgje DB var dette i alle fall "uhyre interessant," sjølv om det heilt opplagt ikkje er tilfelle.

5. Jobbe i Dagbladet. Ikkje fordi eg tykkjer at dei skal det, men fordi dei . Lite pengar, har eg skjønt. Og eg som trudde DB skulle bli "bedre." Jaja.

|

15. mai 2007

S er ferdig med, og har levert Masteroppgåva og gratulerer seg sjølv:

Bra jobba, gamle flesketass!

|

7. mai 2007

S rasar mot produksjonsduo

Dei to nissane i Stargate får stadig meir skryt og merksemd i norske og internasjonale medium, sist i the New York Times. Og om nokon i utlandet skriv om nokon som er norske, må sjølvsagt norske aviser skrive om at utenlandske aviser har skrive om nokon norske. Heldigvis skriv ikkje utanlandske aviser om at norske aviser skriv om det som står om norske folk i utanlandske aviser. Det hadde vore litt av ein "downward spiral."
Poenget mitt her er likevel noko anna, nemleg å påpeike det som blir negert hjå alle som skriv om Stargate: dei syg! Vel og bra at dei har nummer 1-låta i junaiten, og vel og bra at dei er beskjedne sjølv om dei har suksess og masse pengar, men kva med musikken? Jau, musikken som Stargate produserar for norske og, i stadig større grad, amerikanske artistar er heilt usannsynleg grønjævleg. Straumlinjeforma, tannlaus, keisam, vassen, slapp, kommers, klisjéfylt, sentimental, uoriginal, forutsigbar, A4, P4, ufysleg og provoserande konform dritmusikk, med ditto produksjon. P. T. Barnum sitt udøyande sitat får avslutte rasinga: "No one has ever lost money from underestimating his audience." I følge Wikipedia sa han aldri "There's a sucker born every minute," som det ofte blir påstått, men den hadde høvd godt her også.

|

3. mai 2007

S skriv og skriv og skriv

...og er no ferdig med det han for seg sjølv har kalt "nest siste revidering." No gjenstår det berre at herr rettleiar ser på sakene, så er det tid for "siste revidering," dernest gjenstår berre småplukk før eg kan sende ei ferdig masteroppgåve til trykkeriet! I det ho går i trykken, går eg på fest. Jejeje! Synd at eg er så blakk at eg må drikke vatn på den festen, medan siste studielånet (nokon gong! Herregud!) og løna går til å trykke ei lefse på 98 sider i fargar. Men det kunne vore verre. Eg kunne til dømes ha vore enda lågare, eller hatt vannhode.

Etiketter:


|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?