<$BlogRSDURL$>

30. januar 2008

S rasar mot ting ein berre ikkje gjer
#1

Ein står ikkje på rullande gangvegar, med mindre ein er over 65 og har mykje tungt å bere på, anten i sinn eller i posar. Viss ein er om lag fjorten år bør ein jaggu salte meg klare å få ræva med seg. Det går an å røre på føtene samstundes som ein les meldingar, veit eg. Eg klarar det (heilt sant - det går nesten alltid bra).

|
Til informasjon

Tenketanken tilljitt, tidlegare kjend som Teketanken Jumbo har no skifta namn til:

Tenkjesmia Hjarn

|

29. januar 2008

S presenterar:
Tenketanken tiljitt
(tidlegare kjent som Teketanken Jumbo)


tilljitt er eit underbruk av S rasar, og representerar ein annleis tenkjande tenketank. Vi finn problem der ingen andre ser dei, løyser dei, og ringer opp dei det gjeld og krev pengar.
Første kunde er kongefamilien. Vi i tilljitt er einige om at kongefammen manglar Pomp og Schwung. Av den grunn meiner vi dei bør innføre ei rekkje med tiltak.
Det største problemet er Ari og Märtha. Sjølv om dei strengt tatt ikkje lenger er medlemmer av det norske kongehuset, så framstår dei like fullt som assosierte medlemmar; dei får vere med i kyrkja i jula osb. Ein suksessfull og dynamisk kongefamilie kan ikkje vere bekjent av HEKSER (og heksa sin katt) i 2008. Dei må altså vekk.
Eit anna problem har å gjere med klesdrakt og tradisjonar. Per no utstrålar kongen og dronninga alt for lite autoritet. Når det er slik at GUd har peikt ut landets øvste person, så bør den personen vere medviten ansvaret som følger med. Ergo: kongen og dronninga må kle seg i hermelinskapper, dei bør bere kronene sine i alle offentlege høve, kongen bør anlegge heilskjegg (krompen har skjønt det), gjerne langt og kvitt (han kan farge det om det trengst), og han bør bere sabel. No er vi som nasjon so heldige at vi tek del i krigshandlingar ute i verda. Her bør kongen sjå sitt snitt til å tjene seg opp litt royal kredd. Neste gang vi sender ein ny kontingent med kanonføde til ørkenland bør kongen vere der på flyplassen. Ikledd kappe, krone, forgylt rustning, og til hest, bør han ri att og fram framfor troppane og halde ein oppildnande og patriotisk tale. Han bør legge av seg Langbein-stemma og framføre det heile med mektig bassrøyst (sang- og talepedagog blir nok naudsynt). Han kan avslutte talen med å ri langs rekkja med soldatar, medan han slår dei på hjelmane med sabelen sin og ropar "døøøøøden! døøøøøødeeen!" Då vil alle soldatane føle seg mykje bedre på flyet til Afghanistan, og kongen vil vere mykje meir konge. I fredstid kan han gjere det same med charterturistar.

Eit anna godt middel for å gjeninnføre respekten og vyrdnaden for kongehuset er offentlege avrettingar. Giljotin er praktisk, men det med best effekt vil nok vere øks. Her kan Harrien bytte koner viss han vil det, og det er eit strålande høve til å kvitte seg med trøblete politikarar og folk som skriv kritisk om kongehuset i avisene. Slik vil kongen få meir makt, som det høver seg ein konge. Dette er også sjølvsagt plassen til å kvitte seg med det første problemet vi nemner, nemleg heksa og katten. Sistnemnde ser litt ut som han kunne tenkje seg å bli konge i staden for kongen. Nyare historie viser at landsforræderi lett blir akseptert som avrettingsgrunn her til lands, så det er ein mjuk og god plass å starte med halshogginga.

Rekning er avsendt kongehuset. Helsing tilljitt.

|

23. januar 2008

S rasar mot meiningslause dødsfall
Denne gongen: Heath Ledger

Eg blei oppriktig lei meg då eg fann ut at Heath Ledger var død. Vanlegvis lar eg meg ikkje affektere av kjendisdødsfall, men i dette høvet var det noko spesielt. For nokre år sidan søkte eg på fødselsdatoen min på Wikipedia og fann ut at den einaste kjente personen født same dag, same år, som meg var herr Ledger.* Vi var med andre ord nøyaktig like gamle. Eg bestemte meg for at eg skulle følge med på karrieren til denne karen (på dette tidspunktet var han berre halvkjent, for A Knight's Tale, som er ein artig men ikkje brilliant film der Ledger spelar ein riddar som diverre heier Thatcher), og eg gledde meg over at han blei stadig meir kjent og anerkjent. Misforstå meg rett - eg var aldri blodfan, eg har til dømes ikkje sett Brokeback Mountain. No såg eg fram til å sjå han som Jokeren i den komande Batman-filmen. I følge førehandsomtale og det eg har sett av filmplakatar og bilete, ser denne filmen, og Heath sin Joker, strålande bra og skremande ut. No er det imidlertid ikkje sikkert det blir så kjekt å sjå den filmen. Det at filmopplevinga mi blir forpurra av Mr. Ledger sin brå exit er sjølvsagt ikkje det tristaste med dette, men eg kjente han ikkje personleg, trass i vår samanfallande alder.

Det ser for øvrig ut til at vi er inne i ein ny periode med unge døde kunstutøvarar, som på seksti-syttitalet og i den engelske Romantikken, i alle fall om ein reknar med dei norske: St. Thomas, Robert Burås, Jan-Werner Danielsen, ein ukjent skodespelar i USA for berre nokre dagar sidan, og no Heath. Dei fleste pga. overdose på reseptbelagt medisin, intendert eller ei. Om dette kan eg berre seie at det er noko fascinerande med det så lenge det er langt unna i tid, men berre trist og meiningslaust når det gjeld notidige (eg skulle til å skrive "nolevande") jamnaldringar.

Eg hadde i grunnen lyst til, i tråd med min vanlegvis optimistiske natur, å skrive ein avsluttande kommentar der eg vreid noko negativt til noko positivt, men eg ser i grunnen ikkje korleis noko godt skal kunne kome ut av dette.

* Ein god stad å byrje viss ein er interessert i å kredittkortsvindle meg.

|

10. januar 2008

...og godt år

Eg jobbar ræva av meg.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?