<$BlogRSDURL$>

17. juni 2006

Ghana!

er flinke til å spele fotball.

Heldest kan eg fortelje at eg har høgtrykkspylt mykje i dag. Det var kjekt ei lita stund, men keisamt den siste timen. Eg er nemlig på Stad. Før eg reiste hit fekk eg grønt lys på emnet som eg vil skrive Masteroppgåve om, samt utdelt ein rettleiar. Det tyder at eg eigentleg burde setje i gong med å lese, skrive, tenkje, osb, osb. Men det er rart med det. Når eg er heime kjem eg inn i ein slags preakademisk/pragmatisk veremåte som ikkje er foreineleg med skrivearbeid. Eg ser på TV, èt, spelar playstation, jobbar litt (med trykk på litt), èt meir og tenkjer på ingenting.

|

11. juni 2006

Kudos til Shaka Hislop

|
S finn på pers. pron.

I Morgenbladet har det nokre veker vore ein debatt om det kjønnsnøytale pronomenet - skal det vere "haun", slik nokon foreslo, eller det siste, "hin"? Eg tykkjer begge er ganske dårlege, av ulike grunnar. "Haun" avfeier eg rett og slett av di det er stygt. "Hin" var sagt å ha konnotasjonar t.d. til "det hinsidige", noko som gjorde ordet godt egna å bruke om Gud - som ei kjønnsnøytral høgare makt. Dette tykkjer eg er problematisk. For det første er "hin" eit mykje brukt dialektord på vestlandet og andre stader. Ein kunne risikere å måtte seie "Det er hin hin sin ball", eller liknande (av di "han hin" tyder "han andre" på mi dialekt). Dette er ikkje katastrofalt i seg sjølv, men særleg elegant er det vel ikkje. Det som er verre er at "hin" minner om "hinmannen", noko som gjer namnet totalt ueigna til å nytte om Gud.
Mitt, mykje betre, forslag er "het", med same uttale som "det". Dette ordet er fint av di det ikkje har hefta ved seg "hinsides"-konnotasjonanen til "hin" og det er ikkje like uhamsleg som "haun". Dessutan tek det opp i seg både "han", "ho" og "det", noko som gjer det komplett kjønnsnøytralt. Nokon vil kanskje hevde at det liknar for mykje på "det" - inkjekjønn, men eg meiner det er meir enn tilstrekkjelg ulikskap til at det ikkje kan mistydast. Uttalen gjer at sjansen for å blande "het" med bokmålsordet for "heit" er minimal. Skriftleg vil konteksten vere avgjerande. Denne ordforma vil etter mi meining vere mindre forkludrande i daglegtalen enn dei to tidlegare forslaga.
Om nokon nokon gong kjem til å nytte eit kjønnsnøytralt pronomen til dagleg er ei anna sak. Ein/ei kan jo håpe.

|

7. juni 2006

S heiar på Trinidad og Tobago

Eg skal følge dei i fotball-VM. Alle veit jo at det ikkje blir ei udelt positiv oppleving, men eg håper dei knuser Sverige! 5-0!
Ok, det var kanskje litt overdrive. 3-0.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?