<$BlogRSDURL$>

26. februar 2008

S rasar mot det ukjende

Om nokre dagar - eg veit ikkje nøyaktig kva tid - skal eg motta eit brev, eller ein e-post - dette er usikkert - som vil fortelje meg om eg er klart støtteverdig, støtteverdig eller ikkje støtteverdig. Nøff seid.

|

21. februar 2008

Ikkje i same rom samstundes, seier du?



Kjend frå 'Allo 'Allo


Kjend frå Dead Kennedys



|
S rasar mot nasjonalisme

- eller ikkje så mykje rasar mot som undrar seg over, for kva er greia med "nasjonalkjensle" og "patriotisme"? Kvifor demonstrerar folk i gatene mot at Kosovo har blitt ein sjølvstendig nasjon?
Dette er heilt framande konsept for meg, så eg prøvar meg med eit tankeeksperiment i von om innsikt.
Kva om samane, som er eit eige folk - i ein definisjon ein "nasjon" - ville lausrive seg frå Noreg? Kva so? Sjå kor det bryr meg! Ok, men det bur jo faktisk Nordmenn der, ariske, i gjennomsnitt litt høgare folk med litt mindre fargerike klede. Kva med dei når Sameland blir eige land? Dei er jo same folket som meg, S, er dei ikkje? Vel, mange vil vel påstå det, men eg trur verkleg ikkje eg ville brydd meg mykje om dei måtte bu i Sameland i staden for Finnmark. Det er jo berre namn.
Ok, men kva so om dei i gjennomsnitt litt høgare folka med litt mindre fargerike klede blei ein minoritet og fekk masse tyn av samane? Kva ville eg tenkt om det?
Eg trur eg ville tenkt at det var veldig synd, og stygt gjort, og det ville vore leit om dei måtte flytte frå heimane sine på grunn av trakassering og at samar er nokon ondskapsfulle jævlar, men det er sikkert ikkje alle som er sånn, berre ekstreme sjamanistar eller noko, og jaja og lurer på kva som er på TV no.
Eg ville ikkje tenkt at det var ein feil å gi dei eit eige land, og no må eg ut og demonstrere og Finnmark er eit område som høver best for folk som ikkje er glade i rein og klede som har mange sterke fargar, men for Nordmenn og Sameland høyrer med rett til Noreg og huttemetu eg er so sint! Nei, det ville eg ikkje, og eg skjøner verkleg ikkje korleis nokon kan tenkje slik (spesielt det med "huttemegtu").
Ok, kva so om samane byrja drepe dei litt høgare osb, folka? Etnisk rensking, rett og slett?
Jau - då kunne vi bomba dei attende til steinalderen (ikkje so mykje som skal til, altså), og det hadde ikkje gjort noko for det var ikkje Norsk territorium lenger!

Dette var altså eit heilt bortkasta tankeeksperiment.

|

14. februar 2008

S lurer på kven som godtar seg mest no

Reidar Hjermann? Karita Bekkemellem? Siv Jensen? Per-Kristian Foss? Lars Sponheim? Eg trur sistnemnde har størst potensiale for godting, men det er nok dei to første på lista som kjenner den søtaste skadefryden. På ein måte er det synd at MRO måtte gå av, for eg er framleis overtydd om at ho er dyktigare enn både Karita og Reidar til saman, om ein ser vekk frå Manuela sin "kontinentale" tilsetjingspolitikk. Ho lurte meg og ho lurte sjefen sin. Ho kjem ikkje ha mykje til karriere att her i landet no, er eg redd.

|

12. februar 2008

S rasar mot Carl-Siv

FrP har visst lagt Manuela Ramin-Osmundsen (i tråd med retningslinene for denne bloggen gidd eg ikkje sjekke korleis ein faktisk stavar namnet hennar) fullstendig for hat, og det er vel ikkje så rart i og med at ho er både høgt utdanna, sosialdemokrat og utlending(-ish). Dei har knefta ho før og det ser ut til at ho blir grundig krasa denne gongen og.
Men dei har nok (i lag med H) eit ørlite poeng likevel. MRO har faktisk kløna seg i handsaminga av denne saka. Eg trur ikkje at oppnemninga av nytt barneombod er eit utslag av nepotisme, men MRO verka ganske overraska då skuldingane om nettopp dette kom. Hadde ho ikkje tenkt på at det kunne bli aktuelt? MRO verkar som ei veltalande og intelligent dame, og ho har sagt kloke ting om vanskelege saker før, men her verkar det som ho ikkje har vore klar over kor geskjeftige den brun-blå opposisjonen i Noreg kan (og plar) vere berre dei får sjansen. Trass i at Noreg er eit knøtlite land: om du så mykje som kjenner onkelen til nokon som var påtenkt som fadder til ungen til søskenbarnet til nokon som har helst på nokon som du kunne tenkjast å tilsetje - berre gløym det.
Til sjuande og sist er eg likevel mest interessert i kvifor Reidar Jerman (sjå over om staving) fekk fyken. Eg trur han var ekstremt upopulær både i departementet og i DNA, grunna hans av og til kontroversielle og ofte dumme politiske uttalelsar i media om dette og hitt. Hadde eg vore ein skikkeleg politisk kommentator skulle eg greve opp nokre av desse, men det er eg ikkje, så eg satsar på at det kjem fram i stormen av comments dette innleggjet vil utløyse.
Hasta manjana (det stavast ikkje slik, men eg gidd ikkje finne den rette krusedullen på tastaturet, heller vil eg skrive ein lang parantes). Peace out.

|

9. februar 2008

S rasar mot forslaget til ny ekteskapslov

Det eg skal skrive no kan i første omgang virke reaksjonært, men det er ikkje tilfelle, snarare tvert i mot.
Slik eg oppfattar det skal no homofile av begge kjønn "få lov til" å gifte seg på lik linje med ordinære hetroar, i eit hierarki der sambuarskap er nederst, partnerskap finst i midten og giftarmål er på toppen. I prinsippet skal dei vel då få gifte seg både borgarleg (det skulle i grunnen berre mangle) og i kyrkja (om presten går med på det).
Eg er mot. Men kvifor?
- Jau, ikkje av di eg delar kyrkja sin ide om at ekteskapet er ein heilag institusjon og sameining av dei to kjønna Gud skapte, men - motsett - av di ekteskapet har ein slik høg status. Eg ser ikkje poenget i å "heve" visse samlivsformer opp til den presumptivt beste, nemleg giftarmål. Tvert om burde ein "senkje" ekteskapet, vere det seg kyrkjeleg eller borgarleg, ned til det same nivået som partnerskap, sambuarskap, o.l. Eller sagt med andre ord: samlivsordningane burde vere likestilte politisk, juridisk og kulturellt (sistnemnte er sjølvsagt utopisk, i alle fall i byrjinga).
Om eit par (EDIT: eller tre personar, eller ein hippiekoloni) då vel å gifte seg borgarleg eller ikkje i det heile, bør vere irrelevant for stat, forsikringsselskap (skjønt ei eller annan form for registrering må vel eksistere), kommune, samfunn eller rettsvesen. Bryllaup i kyrkja, på si side, får bli opp til Kyrkja.
Eg er klar over at vi framleis faktisk har ei statskyrkje, og eg medgir at dette kompliserar debatten til ei viss grad, men eg ser på kyrkja som ein sekt med visse dogmar (som varierar frå kyrkjelyd til kyrkjelyd), som i prinsippet får bli den si sak. Om kyrkja vel å vere hetronormativ og konservativ, så er det sjølvsagt både synd og skam, men fullstendig forståeleg og forutsigbart. Verdikonservatisme er nå ein gong det kyrkja driv med, og teologien er, som burde vere velkjent, ikkje særskilt einsidig eller klar. Dermed er mørkemenn ikkje til å unngå. Ikkje det at sokalla karismatiske meingheiter er noko bedre - snarare tvert imot. Kyrkja byggjer trass alt på ein lærd og eldgamal andeleg og filosofisk tradisjon. Dei nye sektane er (historie)lause kanoner på dekk og mykje fårlegare. Det er godt at dei stort sett er så korrupte og konfliktorienterte at dei stort sett imploderar etter ei viss tid. Men det var ein digresjon. Poenget mitt er: ekteskap treng ikkje, bør ikkje, ha høgare status enn andre samlivsformer. Basta. No offense til dei som alt måtte vere gifte; det var sikkert ikkje vondt meint.

|

2. februar 2008

S rasar mot advokatar

Det synst for meg som alle kjende advokatar i Noreg er kulturlause, sjølvopptatte, skittviktige og ubehøvla grobianar. Seinast Abid Q. Raja, som herma etter dialekten åt den nordlandske aktoren i ei sak nyleg. "Retorisk poeng" meg i ræva. Andre advokatar vi ikkje likar: Staff, Stang, Schiøtz, og han eklasen med bleika hår og Porsche som eg ikkje hugsar namnet på.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?