<$BlogRSDURL$>

26. februar 2007

S rasar mot hønsehovud, og dei som skriv om ho, bortsett frå seg sjølv då, sjølvsagt.

Vendela K. Etter at den sytete, blærete, talentlause, rike, rasistiske, snobbete svensk-amerikanske møkkasabben av ei modellberte blir ålment kjend som all dei tinga eg nett har lista opp; etter dette blir ho "media-yndling". Her sit ein og kjedar seg og sørfar litt, og så dukkar ho pinadø opp på alle nettavisene: "Dette er Vendelas favoritt blant Oscar-kjolene", osb. Det er faen hakke meg ikkje klokt. Ho har "truga" med å flytte frå landet innan ti år. Good riddance er ikkje heilt dekkjande for det eg føler om den saka. Hurpe.

Dette er sjølvsagt berre eit utslag av Norsk Jante-tenkjing og misunning. Jepp, jepp. M-hm.

|

14. februar 2007

S har kjøpt ei plate

2 x 2, skifer. Neida. Det er ein CD med Klaxons. Bra greier - energisk, catchy, koko tekstar (på ein bra måte), bråkete, tøft produsert og original sound. Eg blir sikkert rimleg fort lei av dei, men det er stileg enn so lenge. Dei har blitt knytta til NME sitt "New Rave"-omgrep, men det har nok meir med image enn musikk å gjere.

|

8. februar 2007

S frådar

...av glede. I følge Wikipedia er det god sjanse for at HBO skal lage TV-serie av Preacher. "Kvart nummer av teikneserien blir ei ein times episode." Sjå her, nedst på sida. Om dette blir berre i nærleiken av så bra som det kan bli, så blir det veldig bra indeed. Eg kryssar fingrar, tær og testiklar (vondt, men verdt det) for at dette går bra.

|
S undrar seg over engelsk politikk

For noko sidan las eg ei utgåve av The Times. Eg har lese alt for lite engelske aviser, skjønte eg fort, her var det mykje som var rart. Den journalistiske tonen både i kronikkar og nyhendesaker var veldig framand - mykje psykoanalysering og subjektiv synsing i kvar einaste sak. Dessutan var sjølve sakene veldig framandarta. Det var til dømes ei sak om ein arvetvist - var den avdøde ved sine fulle fem då han skreiv testamentet eller ikkje. Eigentleg ikkje så ulikt noko som kunne stått i ei norsk avis, bortsett frå at denne saka var spekka med informasjon om adelstitlar, gods, eigedomar og familitre som kunne sporast attende til avgåtte engelske kongerekker. Absolutt ein type krydder som vi manglar i den norske offentlegheita.
Og så var det ei sak om eit "supercasino" som skulle byggjast i Manchester. Politikarane hadde valgt Manchester framfor Blackpool, noko som tydde at Blackpool kom til å gå i hundane, medan Manchester kunne sjå fram til ein ny vår som blomstrande forretningsby, med tusenvis av nye arbeidsplassar og tilskudd av tilreisande og pengar. Kun ein prest og nokre smale antigamblingspressgrupper hadde noko kritisk å kome med, og dei blei gitt relativt liten plass i framstillinga. At noko slikt skulle kunne skje i Noreg er jo, som det skjøner, heilt utenkjeleg, i.o.m. at det er brei konsensus både politisk og folkeleg om at gambling og speleautomatar er noko herk. Dvs. online poker er visst greitt. Eg siterer Tony Soprano: "degenerate fucking gamblers"

|

7. februar 2007

S gler seg til å lese ei bok han nett fekk i posten

http://www.darkhorse.com/profile/profile.php?sku=14-389 Endeleg! No er det nesten eit år sidan førre bok kom, så det var på tide. Og neste bok kjem alt i juni! Fryd ligg og ventar på meg, med skarpe sverd!

|
S peikar

og seier "Sjå! Han har jo ingen klede på!"
"Han" dvs. "keisaren" er i dette høvet ein av dei største hypane eg kan hugse å ha sett i norsk musikkbransje. Avisene elskar dei, musikkbransjen (Spellemann) elskar dei, utlandet elskar dei, trendnissane elskar dei, osb. Eg snakkar om Kristiansundsbandet 120 Days. Veldig oppskrytt. Eg har eigentleg ikkje lyst til å slakte dei, eg tykkjer t.d. at dei syng tøft, og eg likar i alle fall i prinsippet mange ting ved korleis dei set saman lydbiletet (mykje synth og trommemaskin), blandinga av organiske og maskinelle lydar, og nokon andre ting. Men alt i alt så har dei ei rekkje med enorme problem, som gjer at dei i mine øyre kjem langt dårlegare ut av det enn kva den samla musikkpressa synst å meine. For det første så har dei ingen skikkelege låtar. Eg veit at dette ikkje er noko ordinært pop-band, at spora heller må lyttast på som lange, hypnotiske grooves og jammar, heller enn fikse pop-fixes. Det er vel og bra, det, men det funkar ikkje: det er rett og slett drit forbanna kjedelig. Oppbyggjinga av sangane verkar å vere meir eller mindre tilfeldig. Det er ingen høgdepunkt, ingen smarte arrangement, ingenting som gjer at ein spissar øyrene - dynamikken er slapp eller heilt vekk. Kvar gong ein anar at det er i ferd med å byggje seg opp til noko som kan bli tøft, så går futten ut av låta og dei tar han heilt nedpå att.
I tillegg så er produksjonen enormt flat. Det er sanneleg lag på lag med lyd, og det er klart og "tydleg" produsert, men samstundes er alt dynka i så mykje klang og phaser at det heile blir ein inkjesigandes graut av lyd, og dei forskjellige laga er ikkje istand til å utfylle eller kontrapunktere kvarandre. Ein kunne rett og slett ha strippa vekk opptil fleire spor med svisjy-svosjy synth og vocoder og kome mykje bedre ut av det (Det meir minimalistiske lydbiletet dei hadde som The Beautiful People kledde dei mykje bedre).

Dessutan er ikkje dette det spor originalt. Då eg høyrte plata tenkte eg umiddelbart på New Order og andre liknande 80-talsband; både produksjonen, basslinjene og akkordskifta (i den grad der er nokon) likna. Ta ein middels New Order-låt, kutt vekk nokon av dei grellaste 80-lydane, erstatt vokalisten med ein litt bedre ein, fjern alt som er catchy, tvær det heile ut til ein ti minutt lang og hendingslaus remix, og du har ein standard 120 Days-song. Ikkje er det noko dansbart heller. Rytmespora er alt alt for mekaniske og ordinære. No er eg kanskje litt stygg med dei - i grunnen likar eg slik musikk langt bedre enn mykje anna som går på radioen og eg likar at dei ikkje går vers-refreng-vers-refreng-middle eight-refreng-refreng-slutt. Det er berre så enorm avstand mellom det som blir sagt om dei og korleis dei faktisk høyrest ut. Ein kan mistenkje både den eine og den andre musikkjournalisten for å ha kasta seg på ein hype utan å tørre å ha eigne meiningar. Kort sagt: 120 Days er veldig oppskrytte, men ikkje heilt ræva. Det er dog mogleg at dei er bra live - eg mistenkjer det.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?