<$BlogRSDURL$>

27. april 2005

Oppmoding
Eg har vore inne og kika på kven som har skrive seg på denne lista i dei kommunane eg kjenner folk (Bergen, Eid, Bremanger, Selje, osb.). Eg veit at det er fleire som ville ha skrive seg på om dei hadde visst om den. Av den grunn legg også eg ut ein link på min blogg.

I skrivande stund er det over tolv tusen som har skrive seg på, eg reknar med det blir fleire snart.

|

26. april 2005

S rasar mot ein musikksjanger

Eg vil gjere ein freistnad på å definere det eg meiner er den jævvligaste (som det heiter på min dialekt) musikksjangeren som ein kan råke bort i: Kvit pop/rock-soul. Gjerne med eit snev av kvit funk. Døme: The Getaway People, Anastacia, Hanne Boel, Baba Nation, Maroon 5, Jamiroquai, og til ei viss grad: Dance with a Stranger. DWAS er urdømet på slik skit i det norske musikkmiljøet. Sjangeren har sitt opphav på åttitalet og høyrest ut slik musikk blir når den er spelt av totalt ufunky kvite musikklinjeflinkisar. Desse har latt seg inspirere av ein del ulike amerikanske musikksjangerar (blues, boogie, gospel, soul, funk, jazz, pop og t.o.m. reggae) som dei har slått saman til å bli noko langt semrare enn summen av delane. Den fremste kanalen for utgyting av slik kammar i Noreg har pleid å vere Beat for Beat, eit program som no heldigvis er vekke frå skjermane. Elles kan vi finne innslag av sjangeren i Grand Prix og andre lugubre fora.
Vanlege ingrediensar: "stor" stemme, vokalteknikk inspirert av gospel (mykje ten-singmenneske her, utan eit vondt ord om ten-sing for øvrig), stort ego, veldig stygge klede/sleip karismatisk-kristen-stil/open skjorte/gullkjede/bleika hår/skinnbukser/påtatt og hul rock 'n' roll-stil, kvite tenner, solbrunt andlet. Tenk Runar Sørgård/Carola/Eirik Røe (til dei som har googla seg sjølve: DER står skåpet, DER kjøpte David ølet. De trengte å høyre det.).

Dette er sjølvsagt berre mi heilt subjektive og noko satt-på-spissenske meining, men faen heller, det er stygt! Eg krympar meg når eg må høyre slikt på radioen. Eg vonar det ikkje berre er meg.

Den nest verste musikksjangeren? Retro 60- og 70-tals keisam, sidrompa boogierock og vestkystpop. Big Bang og Jim Stärk. Sistnemnte sin nye single høyrest ut som intromelodien til "Cheers". Så det så.

Den tredje verste musikksjangeren? Nazistisk hat-punk. På tredje plass altså, mest pga. tekstane.

|

18. april 2005

S rasar på tinging
Mot "bruk-og-kast-samfunnet"
Kor lenge er det eigentleg meininga at ein mobiltelefon skal vare? Eg meinar: Mobilar har eitt års garanti. Kort tid etter at den har gått ut vil ein eller annan del på mobilen garantert konke ut, vere det seg batteriet, displayet, tastaturet, mikrofonen eller noko anna. Den alminnelege (fjortis-) forbrukaren akseptarar dette, av ulike årsaker. For det første er det etter eitt til to år på tide å byte ut mobilen av mote- eller teknologiske (eigentleg det same som mote) grunnar. Då gjer det ikkje noko om mobilen er gåen, det er berre eit godt påskudd til å kjøpe den nye, tøffe med polyfone fisetonar, undervasskamera og kaffitraktar. Den andre grunnen er at ein eigentleg ikkje var så veldig nøgd med den telefonen som nettopp gjekk kruken. Tastaturet var gjerne litt lite responsivt, joysticken unøyaktig, displayet utydeleg, den kunne finne på å brått slå seg av eller sende melding i hytt og gevær. Kort sagt: den var noko drit, derfor har ein lyst på ein ny.
MEN: det skal ikkje vere slik. Kven ville funne seg i denslags kvalitet på andre tekniske hjelpemiddel? Kjøleskåp? Stereoanlegg? TV? PC? Dette kan jo av og til gjelde for den slags ting, og (spesielt PC), men vi forventar at kvaliteten er tilfredsstillande så lenge produktet fungerar, og at det vil fungere litt lenger enn ei gjennomsnitteleg hamsterlevetid (1,5-2 år, trur eg).
Det verkar rimleg opplagt for meg at denne todelte lågkvalitetstendensen (dvs. låg levealder og dårleg funksjonalitet) er til stades for at vi stadig skal kjøpe nye mobilar.
Og vi går i fella, delvis av den grunn at mobilkjøparmålgruppa i stor grad består av bevisstlause, ukritiske, moteslavefjortisar, men òg fordi vi er blitt vant til at det skal vere slik. Bonusen for telefonselskapa er at dei kan selge dei telefonane som faktisk fungerer slik som dei skal for svært høge prisar. Minstemålet av kvalitet er blitt eit luksusprodukt.
Det er vanskeleg å klage på dette, for eg trur eg snakkar for dei fleste av oss når eg påstår at vi har gjort oss avhengige av mobiltelefonen. Vi klarer oss ikkje utan, og sidan" forbrukarmakt" er eit hult omgrep utan eigentleg relevans eller makt (i alle fall så lenge majoriteten gir faen) ser eg heller ikkje noko lys i enden av tunnellen.
Så, slik er det. Faens, pika, faen. Honen.

|

15. april 2005

Sanningar om Idol

idol is so affecting
idol is evil
idol is 'hectic'
idol is nothing to sneer at
idol is rigged
idol is beginning to bore me
idol is huge steaming heap of american garbage
idol is all about money
idol is prepared out of soil?
idol is in tandem with the global rise of the female demographic
idol is a reality show because the voters vote
idol is not god
idol is like watching a conveyer belt of pop star wannabes go through one door all shiny and giggly
idol is meant to be a project that is open
idol is the same every year and the present sculptor belongs to the fifth generation of the family that has been entrusted this job
idol is automatically destroyed if the square is hit by a vortex grenade
idol is a support for the neophyte
idol is a california company that sells interesting products and creative services
idol is taken out during processions on festive days
idol is swayambhu
idol is "ageist"
idol is expanding his ubiquitous name brand into the world of television
idol is red in colour
idol is one of the most easily recognised tropical fishes
idol is now an interactive cd
idol is in white
idol is a tv talent contest
idol is a quintessential

idol is a symbol for the deity

|

14. april 2005

S lurer på noko
Nemleg om NRK skal slutte å sensurere pave-sketsjane til TVT no. Paven ligg jo ikkje for døden lenger, so då må det vel vere greitt. Kanskje dei kan sende alle dei vekkredigerte sketsjane i ei avsluttande spesialpaveepisode?
Vi får vente på den uunngålege DVDen. Eg trur ikkje at "humor og etikk" er eit tema i like stor grad når det er snakk om merchandise-kroner å tene.

Går forresten TVT og samfunnet lenger? I det siste (les: førre fredag) har eg vore så aktiv på den sosiale og kulturelle arenaen at eg ikkje ein gong har fått sett Idol!
Eg hoppa over ei episode av Idol! Idol, Idol, Idol, Idol, Idol, Idol, Idol. Sånn, no tyder ikkje DET noko lenger. For det ordet er ikkje øydelagt for lenge sidan, neida.
Blæ.

|

7. april 2005

S spyttar på musikkmelderiet
Mange stemmer i det litterære miljøet har den siste tida klaga over tabloidiseringa og journalistiseringa av bokmelderiet. Men kva med musikkmeldingane? Dei siste 10-15 åra har overflatiske, ureflekterte, stutte og forutseielege musikkmeldingar vore normen. Dessutan er det stort sett konsensus i norske aviser og blad om kva som er bra, med eit par like forutseielege unntak. Men eg meiner ikkje at vi må tvinge gjennom ein reform i dagsavisene, starte ein kampanje for å få innført tunge to-siders meldingar, dynka i tung filosofi og musikkteori. Det hadde uansett ikkje gått, sjølvsagt. Nei, det eg vil er at vi legg ned heile driten. Når det er så dårleg som no, når folk i fullt alvor kan gi ein Idol-deltakar terningkast 5 for grylinga kvelden før, at dei i det heile tatt bryr seg med å melde driten, då er det faen meg ikkje mykje integritet att i musikkmeldarbransjen. Men ein kan jo sjølvsagt innvende: Kvifor lar du ikkje berre vere å lese musikkmeldingar då, S? - Jau, eg lar jo faktisk vere, men eg ser det som mi oppgåve å gjere dykk merksame på kvifor. For eg veit jo at de bryr dykk.
Eg tykkjer eigentleg litt synd i dei som driv med musikkmeldingar no for tida. Det er neiggu ikkje mykje bra musikk som blir gitt ut no, i alle fall ikkje innanfor sjiktet VG-lista-Platekompaniet-p3-p4-Radio1-osb. Det er den same musikken overalt, på display i butikkane og på A-rotasjon på radioen. Det er til å bli desillusjonert av. Musikken har aldri bore så mykje preg av å vere ei vare som i dag (du leverer varene, seier dei på Idol). Eg trur ikkje at det er nedlasting som gjer at platesalet går nedover, tvert om er det plateselskapa sin manglande evne til å satse på kvalitetsartistar. Media gjer ikkje saka bedre. Dei skamrosar det eine middelmådige dritbandet etter det andre. Det er klart ein blir skuffa når ein høyrer sangar av artistar som har fått femmarar og seksarar i fleng og innser at dei i beste fall er heilt ok.

Men The Arcade Fire er bra. Det er alltid (heldigvis) noko som er bra, uansett kor bleike tider vi er i. Og LCD Soundsystem.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?