<$BlogRSDURL$>

27. oktober 2004

Det blei mange postar i dag, men her kjem ein til.
Ein sein kveld eg og M var ute på byen, på veg heim, traff vi ein gamal alkis som vi kom i snakk med då han ville bomme pengar. Han kunne fortelje om grusomme hendingar og hemmeligholdt jævelskap frå si FN-teneste i Kongo på sekstitalet. Dei var visst meir aktive i å drepe folk enn kva ein vanlegvis tenker at FN-folk er. Han snakka om å skjære over halsen på folk - "svisj!" - og andre fælslege, traumatiske ting. Det kunne sjå ut til at hans noverande alkistilstand kunne ha samband med at han måtte kjempe for livet i framand jungel som nitten-tjue-åring. Han hevda at det som skjedde der nede var holdt hemmelig av regjering og militære og vi lova å gjere litt research. Det skulle vise seg vanskeleg å finne noko som helst, men i dag fekk eg sjå dette: http://www.dagbladet.no/nyheter/2004/10/27/412619.html på dagbladet og kom med ein gong til å tenke på han vi møtte den kvelden. Det dreier seg her riktignok om svenskar, men det er skremmande å få innblikk i korleis det må ha vore der nede på byrjinga av seksti-talet.

|
S rasar mot norsk barne- og ungdomsunderhaldning
Eg har fleire problem med norske TV-seriar, barne-TV, barnefilmar osb. For det første er hovudpersonane alltid soss. Sjå til dømes på "Fjortis" som gjekk for noko sidan - meir Lars Lillo enn Jokke for å seie det slik. Seriane foregår i all hovudsak på austlandet, helst Oslo, men av og til i utopiske bygdemiljø der alle snakkar Oslosk (som i den nye serien "Linus i svingen"), og alle har sjølvsagt einebolig og idylliske livssituasjonar (nokre er PK-skilde, utan at det legg nokon dempar på stemninga). Manus og dialog er alltid hysterisk urealistiske (antageleg skrive av middelaldrande sosionomar utan ungar) og dei som kler opp ungane har ein tendens til å utstyre dei med klede som EG aldri har sett ungar gå med. Atte på alt er ungane ofte jævlig dårlege skodespelarar. Dei fleste norske tv-seriar og filmar for barn dei siste åra har lidd under dette. Eg skal ikkje kjembe alle med same kamben, though. "Barnas supershow" og til ei viss grad "U-hu" er døme på at det fins kvalitet også i norsk barne-TV. Dessutan er det heldigvis ikkje slik at alle filmar og seriar har ALLE dei problema eg har lista opp, men det er ein grunn til at det plagar meg: nemleg svenskane.

Svenske filmar, seriar, teiknefilmar, osb. er alltid overlegne samanlikna med norske. Eg nevner i fleng: "Ronja Røverdatter", den med han i klatretreet, "Albert Åberg", den serien med den 4-klassa, "Bert", "Emil i Lønneberget", og mange, MANGE fleire som eg ikkje kjem på no (eg er så dårleg med navn at det er nok like greit). Svenskane kan det med å lage barneprogram som òg har noko for vaksne å tyggje på og glede seg over. Ungane i svenske seriar er bedre skodespelarar, dei har bedre dialogar (dei kan til dømes banne - utan at det høyrest påtatt og teit ut), det skjer meir spennande og interessante ting ( og av og til surrealistiske, ikkje berre urealistiske) og dei er lettare å identifisere seg med for Hvermannsen jr.
Det eg vil fram til er altså: "look to Sweden!"

Som ei tilleggsopplysning kan eg nevne at det var ein skodespelar-unge i den nye barne-tv-serien "Linus i svingen" som fekk meg irritert nok til å skrive denne "rasinga". Linus sjølv har nemleg eit grusomt tilfelle av "Fdgodgnedg-ædg", altså "Frogner-r", ein talefeil han delar med guten i den herostratisk berømte eggereklama ("kan jeg få egg i mådgen åsså mamma?"). Kanskje det til og med er den same Emil-liknande guten? Uansett: fysjom!

|

20. oktober 2004

Posten under er delvis inspirert av at vi hadde ei forelesing med Tristan Vindtorn i dag, om surrealismen. Han hissa seg (som meg) litt opp når han kom inn på realityfjernsyn og Dagbladet. Han sa omtrent dette: "Skulle eit intervju med Elin Tvedt (ho på vérmeldinga) vere helgas store leseoppleving?! Då seier eg: dra til helvete!" (på Drammensdialekt sjølvsagt) Det kom etterpå fram at han ein gong faktisk hadde fått moglegheita til å be Dagbladet (representert ved nokre journalistar og ein markedsansvarleg) om å dra til helvete, utan at han kom nærare inn på nøyaktig kva som skjedde og kva tid.

|
S rasar mot menneska, men skulle ønske han slapp
For viss folk ikkje hadde vore så dumme hadde det vore greit. Men folk er dumme. Kven sin feil er det? Jau: VG, Dagbladet, BA, fleire andre aviser, Se & Hør, C!, D!, dei aller fleste "livsstil"-magasina (som KK, Mann, Vi Menn, Mag, osb) TV2, TVN, TV3, laurdagsunderhaldninga på NRK1, Radio1, Kanal 24, P4, P3, fleire andre tv- og radiokanalar, Tore Strømøy, Viggo Johansen, Han på Holmgang, Dorthe Skappel, ni timar sport på TV kvar dag, Arve Juritzen, Mads Larsen, Ingeborg Sørensen, delar av den norske legestanden (essensialistar og biologistar), Hjemmet, Allers, New Age, konsumerismen og dens forsvararar (han derre Jens Pikenes, til dømes). Alle desse og mange fleire er i sum ei svær og nærmast uimotståeleg fordummande kraft som trugar oss alle. Det er noko menneskefiendtleg, reaksjonært og fårleg med dette, det er ikkje berre uskuldeg moro med t.d. realityfjernsyn, eller at nokon viser fram noko hjå Tore Strømøy, slik mange verkar å tru. Det gjer oss til dårlegare politikarar, dårlegare medmenneske, dårlegare tenkjarar, dårlegare alt. Eg er så lei av det seige normalitetssynet som følger med, av grensene, av sneversynet, intoleransen, hatet og tanketomheita at det går alvorleg utover grammatikken og formuleringsevna mi. Eg trur eg må stoppe her og gå og ta meg eit glas med noko kaldt.

|

18. oktober 2004

S rasar mot verdas lengste ting
Verdas lengste ting er avstanden mellom ynskjet om å gå på BIFF og å faktisk gjere det. Det er noko bortimot eit mirakel at så mange kjekke og interessant utsjåande filmar kan visast akkurat nøyaktig når eg ikkje har anledning til å gå på kino.

Dessutan er det nye kinobygget stygt utanpå og stygt inni. Eg skulle faen meg ha teikna ein finare kino sjølv.

|

14. oktober 2004

S rasar mot døden, til inga nytte
Vi er i ferd med å kome alvorleg i beit for folk med vit, meiningars mot og integritet. Kven skal bli den nye Erik Bye om nokre tiår - Gaute Grøtta Grav? Kven blir den nye Einar Førde - Dorthe Skappel? Vi er gått tom for bra folk! Krise!


|

7. oktober 2004

S rasar vilt og frådande mot regjeringa
Då Bondevik II manifisterte seg for nokre år sidan var det kun i stand til å framkalle eit halvhjarta skuldertrekk hjå meg. Eigentleg, innerst inne, trur eg at eg var litt nervøs for kva dei kunne finne på, men eg sa til meg sjølv: "det er det same kva regjering vi har, det blir ingen radikale endringar i den jamne nordmann sin kvardag, uansett". Akkurat sånn var det. Eg hadde uansett stemt på nokon andre, så eg var litt frustret, toa mine hender, og ville berre ignorere heile gjengen med suppegjøkar. Men no er begeret fullt!

Det kjennest meiningslaust å i detalj gå inn på kvart enkelt punkt i statsbudsjettet, dessutan vemmast eg sånn over det eg har sett at eg nesten ikkje orkar studere det nøyare. Men førebels ser det ut til at statsbudsjettet for 2005 er totalt motsett av slik eg gjerne ville sett det, punkt for punkt. Eg har ikkje ord for å skildre kor frustrert dette gjer meg. Eg får berre lyst til å fortrenge det slik eg skvisar t.d. Beslan og Darfur ut av medvitet når det blir for mykje for meg (heldigvis gikk det an å gi pengar til Darfur, men kven skal eg gi pengar for å frelse oss frå Erna og Per-Kristian?).

Eg vil nytje høvet til å sitere statsvitaren Asgeir Jens Reksnes: "FAEN TA DEN HELVETES KRISTENFUNDAMENTALISTISKE KULTURIMBESILE REGJERINGA VÅR SOM HAR BESTEMT SEG FOR Å INNFØRE MOMS PÅ KINOBILLETTAR!!!!" (NTB*)
No er kanskje kapitalistsvinekukidiotkontigenten av regjeringa (i.e. Høgre) dei vi skal takke for dei delane av statsbudsjettet som AKTIVT raserer kulturlivet, KrF utmerker seg mest med å vere ubruklege.
Den einaste trøsta er at budsjettet umogleg kan bli realitet i si noverande form, men det er så gjennomført grønjævlig at nokre av punkta kjem til å bli ståande. Det einaste eg har sett som eg ikkje umiddelbart må spy av er KrF si satsing på "bistand".
Men for å ikkje avslutte innlegget på forsonande vis: Fuck Bondevik II! Og Fuck Hjemme Alene II!

*Eigentleg ikkje NTB, men i kommentarfeltet til førre blogginnlegg.

|

1. oktober 2004

S rasar mot "kultureliten"
http://www.dagbladet.no/kultur/2004/10/01/409956.html
Jada, heile den norske kultureliten trykker Idol, og alt det der til sitt bryst. Meg i ræva!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?