<$BlogRSDURL$>

21. februar 2006

S rasar mot Thai Royale

No er ikkje eg akkurat stor fan av slibrige norske diplomatsøner, men ærleg tala! Den thailandske kongefamilien er ein gjeng med stinkande rumpehol! Skjønt, kongen ser vel meir ut som ein stor, ekkel, bebrilla dildo.

|
S syng

oh, hatstand
oh, hatstand

|

20. februar 2006

S blir (ikkje for) ambisiøs

Dette kunne moglegvis vore ein god idé til ei bok. Men i staden for å skrive ei bok skal eg no, utan å gjere research, utan å ha studert historie og utan å tenke alt for nøye gjennom ting gi dykk ei kortfatta og sannsynlegvis rotete oppsummering av "the Chain of Injustice" (av og til høyrest ting bedre ut på engelsk).

Åtvaring: einsidig USA-skepsis følgjer!

Det byrjar med Colombus (Om lag, eller kanskje lenge før). Etter han kom europearar av alle slag, men først og fremst puritanarar og andre religiøse utskudd, til Amerika for å gjere seg feite. Som vi veit var det nokre folk der allereie. I det som no er USA var det anslagsvis mellom 4 og 6 millionar menneske, som dreiv med sitt og ikkje sette så veldig stor pris på koppar, meslingar og andre, for dei, dødlege sjukdomar, i tillegg til massakrar, misjonering "sivilisering" og andre brotsverk mot menneskeheita. Det står sikkert noko informativt om "Manifest Destiny" på Wikipedia, men i tråd med ikkje-research-doktrina mi let eg vere å sjekke.
Medan indianarane blei rydda av vegen dreiv dei kvite på og hadde slavar. Dei slutta med det etter kvart, men eg tør påstå at dei haldningane som låg til grunn både for slavehaldet og for "the Indian Removal" framleis eksisterar i det kvite folkedjupet i USA i dag. For sidan amerikanarane (som dei etter kvart byrja kalle seg) hadde eit slikt fortreffeleg og forbiletleg system for demokrati, fridom og styring, tykte dei det var ein god idé å spreie det. At ein kunne få med seg litt ekstra rikdom og land på vegen var slett ikkje noko hinder. Cue fleire stygge hendingar, til dømes krigen mot Mexico.
Deretter blei kontinentet deira for lite, så dei måtte ut i resten av verda for å insette sine eigne diktatorar i Søramerikanske land, lefle med Afganistan, Kora, og Vietnam, selge våpen til Irak og mykje, mykje anna ( i mellomtida hadde dei droppa A-bomber på Japan, noko som kanskje var litt i drøyaste laget, sjølv for dei). No for tida tykkjer USA det er på sin plass å bestemme kva som skal skje i Irak, medan Burma, til dømes, er demokratiske nok for dei.
Poenget mitt er at det sikkert hadde vore best om Amerika aldri blei oppdaga. Tenk om vi på ein lang segltur i neste veke brått såg ei kystlinje i det fjerne: "Oi! Har du sett! Eit nytt land! Lat oss kolonisere!" Men då hadde vi sjølvsagt ikkje hatt Rock 'n' Roll og hamburgarar, berre tysk hornorkester-ompa og graut. You win some and you lose some.

|

15. februar 2006

S presenterar eit nytt syn på Garfield

Dette er Garfield-striper der alle replikkane til dyrekarakterane er tatt vekk. I og med at alle replikkane til Garfield/Pusur til vanleg står i tenkjebobler er ikkje dette så far-fetched. Det får Jon, eigaren til Garfield, til å framstå som enda meir tragisk enn kva han alt gjer.














Fleire striper kan de finne her.

|

12. februar 2006

S held fram med å sparke inn åpne dører

Eg registrerar at dei norske OL-utøvarane er mykje sjuke. Ikkje så rart, SÅ MYKJE SOM DEI DOPAR SEG! Det er litt snodig at topptrente unge menneske med ultrasunt kosthald blir sjuke opp- og nedføre - bloddoping skal visstnok ikkje vere heilt bra for immunforsvaret. Eg, for min del, er alt anna enn topptrent og sunn (i går sprang for første gong i 2006, for å rekke bussen), men eg har knapt vore sjuk på to-tre år. Det heng ikkje på greip.
(OK, eg kan gå med på at desse folka er litt meir ute i kulda og strevar enn meg, men likevel!)

Dessutan har eg lagt merke til at sportsjournalistane hos Rikskringkastingen har fått med seg at "sjåvinisme" er eit fy-ord. Dermed seier dei slike ting som "HEIAHEIHEIANOOORGEEEHJAAAAHKOMIGJEN, nåskalviikkeveæresjåvinistiskemen, JAAAKOMIGJENHEIANORGENORGENORGENORGE!"

Sjølv om det kan sjå slik ut, er eg faktisk ikkje særleg oppteken av OL. Dette blir min siste OL-kommentar, i alle fall til dopingskandala blir eit faktum og eg kan seie "kva sa eg?"

|

8. februar 2006

S rasar mot media, igjen. Og denne gongen er det alvor.

Dette er ikkje akkurat ei djup eller ny innsikt, eg har til og med sjølv skrive om dette tidlegare, men: I blame the media. Språkbruken, verdsbiletet, framstillingsmåtane og fokuset i tabloidavisene og på fjernsyn har i mange år (i alle fall sidan slutten av den kalde krigen) vore sterkt med på å forme eit inntrykk av andre folkeslag, og då spesielt muslimar (no også på denne bloggen) som ikkje er rettferdig, riktig eller spesielt positivt.
Eit døme (som eg har lånt av ein kamerat) er bruken av ordet "moderat". Når folk snakkar om "moderate" muslimar, verkar det som om dei meinar muslimar som "mot normalt" eller "trass alt" ikkje er valdelege, fundamentalistiske og farlege framande. Det er som å seie "moderat valdeleg" eller "moderat sinnsjuk". Eg hadde blitt veldig fornærma om nokon kalte meg "moderat ateist", for eksempel. Dei som brukar ordet (som t.d. Torbjørn Jagland i Dagbladet i går), trur at dei er rasjonelle, humane og inkluderande, medan "moderat" etter mi meining er eit ord skapt av den gjengse og ubalanserte muslim-diskursen.
Ein annan ting å tenke på i høve denne konflikten er at det så vidt meg bekjent kun har vore èin demonstrasjon arrangert av muslimar i Noreg hittil, og den var til alt overmål ein støttedemonstrasjon for ytringsfridomen. Men kva gjer "etniske nordmenn"? Jau: knivstikk folk i halsen og ramponerar moskear (i Bergen i dag, i følge BT). Lenge leve den stolte norske kulturen, xenofobien, redsla og sjølvrettferda.

Eg har tidlegare sagt kva eg meiner om dei herostratisk vidgjetne teikningane vs. ytringsfridomen, så det blir inga meir terping på det. In case you give a shit, lizm.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?