<$BlogRSDURL$>

27. november 2006

S kneggar

Denne er ikkje heilt splitter ny, men eg tykte om nokon av formuleringane, såpass mykje at eg måtte lenkje. Eg var mykje i butikken til skribenten då eg var i marinen i Tromsø. Det er den minste, men heilt klart beste platebutikken, eller kva som helst slags butikk eigentleg, eg nokon gong har vore i. To hus bortanfor låg (og ligg framleis, så vidt eg veit) Blå Rock, ein Garage-aktig pub, som serverte dei beste hamburgerane og dei aller beste råsteikte potetene eg nokon gong har smakt. Tromsø var ikkje nordens Paris for meg, men nordens New York. OK, det er kanskje å overdrive, men det er vel 'Paris' også!

S rasar mot plagiat

Eragon ser ut som ei blanding av 'Arry Pottah og Kringlenes Herre. Kynisk? -Kynisk.

|

24. november 2006

S teier

Her kunne eg sagt noko om Poputotinon og gamle KOK.GOG.BOB, mord og løgn, men eg tør faen ikkje. Rorusossoslolulolanondod har nemleg lov (i følge seg sjølv) til å ta kverken på fiendar av staten, same kven og kor dei er.

|

7. november 2006

S rasar mot ting han ikkje forstår

I filmen Trainspotting er det ei fantastisk scene der Renton (Ewan Mcgregor) dykker ned i eit (jævleg utsjåande) toalett for å finne opium-stikkpillane han kom i skade for å skite ut litt tidlegare. Etter ei magisk-ekkel-realistisk undervasscene kjem han opp att med stikkpillane mens han utbry, triumferande, "it's a fuckin' dancer!"
Kva i all verden tyder det? Eg har leita over heile forbanna internett, film-fansider, Wikipedia, rhyming- og anna slang-ordbøker, Google, osb., men eg finn ingenting. I eit manuskript som eg fann ein stad mangla til og med den replikken! Har eg drøymt den? Ecccchhhhh!

Kan nokon hjelpe meg?

Please?

|
S gratulerar

The Foggy Few med å ha laga julelåt med eit fryktleg ordspel!

|

1. november 2006

S tykkjer synd om kjent Norsk band

a-ha har motteke prisen Q Inspiration Award, frå det Engelske musikkmagasinet Q. Dette høyrest kanksje vel og bra ut, men det viser seg at Oasis vann Best Act in the World Today-prisen under same arrangement. Dette vil med andre ord seie at å motta ein pris frå Q Magazine er som å få eit slag i andletet. Å seie at Oasis er verdas beste band no (eller nokon gong ever), er bort i mot så urimeleg ein påstand som eg kan tenkje meg. Akk.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?