<$BlogRSDURL$>

6. desember 2005

S ropar fånyttes

På åttitalet fekk eg det gode merket av sjølvaste Fantomet, etter å ha hjelpt han ut av ei klemme med både Singh-piratane og internasjonal mafia. Som de alle veit, har Fantomet, eller Christopher Walken, nei Walker, som han eigentleg heiter, ei doktorgrad i Bengalsk litteratur og kultur. Eg tenkte difor å dra nytte av Anda som Går sine kunnskapar i høve oppgåveinnlevering for nokre veker sidan (ikkje det at eg skreiv om Bengalsk litteratur altså, eg trengte berre litt språkvask og sånt noko). Så eg ropte namnet hans, for det funkar alltid i Krønikanane. Eg prøvde både "THE PHAAANNTOOOOOM, FAAANTOOOOOOOOMET, KIIIIT, CHRISTOOOOOPHER, CHRIIIIS! THE SPIIIIIRIIIT WHO WAAAAAALKS, AAAAANDA SOM GÅÅÅÅÅÅÅÅR, MIIIISTER WAAAAAALKER og eit utal andre variantar. Men han kom ikkje. Eg lurer på korleis det går med han. Er det nokon som har høyrt noko frå han i det siste?
Eg trur eg såg han på Torgalmenningen for eit par veker sidan, men det er godt mogleg det berre var ein alminneleg fjomp med hatt, solbriller og frakk. Eg såg han hadde mjølk i handleposen, men eg torde ikkje rope (den tidlegare nemnte påkallinga gikk føre seg i dusjen - kanskje ikkje heilt formålsteneleg), så eg veit ikkje heilt.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?