<$BlogRSDURL$>

19. desember 2007

God Jul!

Her er ein liten film som har svært lite med jula å gjere, men som alle burde sjå.
Åtvaring: den er noko drøy. Om du er veldig glad i kyr, bør du kanskje skugge unna.




|

11. desember 2007

S rasar mot P2

I ein artikkel som eg no ikkje gidd finne att leste eg at P2 skal endre sin musikkprofil. Kort sagt skal dei fjerne all pop- og rock og pøse på med meir jazz og klassisk, samt korps og folkemusikk. Dette er visstnok resultat av ei lyttarundersøking.*

Unge voksne med god musikksmak har dermed ingen stad dei kan høyre ny eller gamal god musikk dei ikkje har høyrt før. Radioselskapet og Popfront var blant dei beste programma som eksisterte på norsk radio - og om dei framleis finst er halve vitsen med å høyre på dei vekke.** Eg har ingenting imot klassisk musikk, tvert om, men den derre jazzen... Det er kun Knut Borge og the Great Gatsby som kan ha nokon glede av den 20-30-tals storbandjazzen dei spelar no. Dei spelar aldri SHINING eller annan moderne, eksperiementell, bråkete jazz, berre seife, glætte og keisame greier. Og skandinaviske jazzsangerinner! De skulle hatt me øks i ræven, som dei seier i Bergen.
Er det nokon som har tips om radiokanalar for vaksne, ikkje valiumavhengige, menneske? P3 er stort sett håplause; når dei skal spele noko for sine "eldre" lyttarar plar dei slå til med "Kokken Tor" (harakiri med kjøkkensaks) eller "Sweet Child of Mine" (lobotomi med skrujern).


* Som eg ikkje fekk vere med på
** Skjønt, dei spelte sjølvsagt ein del drit der òg, gjerne av typen viser.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?