<$BlogRSDURL$>

22. september 2006

S rasar (men har kanskje seg sjølv å takke)

Medie-Noreg er jaggu meg litt av ein gjeng med anestesikvakksalvarar. Eg var så dum at eg gjekk innpå BA sine nettsider og der fekk eg meg ein idioti-overdose av slik vekt at eg blei sitjande og gape og grynte indignert på datasalen. Ikkje berre var der ein stor overvekt av ekstremt hjernedaude kjendissaker, men annonsane der var ekstremt fryktlege. Noko nytt (for meg) var Seher.no - som er ein Se&Hør-affilert nettstad med fokus på sex og kjendisar (så vidt eg kunne skjønne ut av annonsa). Dei reklamerte med "Feit sex" og kjærteikning av valkane til Janet Jackson.
Nok eit døme på at røynda overgår parodien.

Heldest kan eg fortelje at eg driv og skriv masteroppgåve og at det er difor eg bloggar så sjeldan. Det er i alle fall ikkje av di det er lite å rase mot.

|

1. september 2006

S humrar av samantreff

I følge BT varma the Rolling Stones opp før Bergenskonserten i eit telt backstage, i lag med bl. andre Helge Jordal. Altså, Helge Jordal og Mick Jagger i same rom (teltrom). Samstundes.
Tenk litt på det.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?