<$BlogRSDURL$>

29. april 2004

Trass i Jonathan Safran Foer sine "connections" i amerikansk bokbransje og trass all hype "Everything is Illuminated" har fått, vil eg no påstå at det er ei god bok. Eg har nemleg nett lese den og likte den godt. Faktisk var det slik med meg at hypen hadde utløyst ein god dose skepsis i forkant av lesinga, men eg tykkjer som sagt at det er ei god bok. Eg trur den er best på originalspråket, men eg likar den norske tittelen: "Alt blir klart og betydelig".
...
Eg vil rase litt mot at Thomas Hylland Eriksen har latt seg klone. Det hadde imidlertid vore verre om han var ein idiot.

|

28. april 2004

"Shabana Reman har løfta Mulla Krekar i samband med ein debatt på Smuget." Dette var det første sanseinntrykket mitt i dag tidleg, formidla av klokkeradioen til M. Eg trudde kanskje at eg drøymde, men det er visst tilfelle. Shabana Reman meiner at Mullaen ikkje utgjer nokon (terror-)trussel sidan han var lett nok til å løfte. Dette var korkje logisk eller morosamt. Heller vil eg påstå at reaksjonen hans viser kor reaskjonær (beklager) fyren faktisk er. Han blei rasande og djupt krenka, men han vil visst ikkje lenger saksøke ho. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om dette "stuntet" (som nevrotikarane i Standpunkt ville kalt det -meir om dei seinare). Noko god form for debatt er det heilt klart ikkje, men samstundes kjenner eg at eg godtar meg. Denne fyren har sluppe unna med å vere litt for frekk, litt for lenge.
Alt i alt er det absurditeten ved det heile som er mest slåande. Vi har eit lite galleri av kjendisar her i Noreg og dei får stadig meir koko overskrifter. Dette minner om "Svenn-O, Sputnik og Cowboy-Laila dannar band" eller "NRK-kjendis lagde båt av halv gris." "Kvinneleg standup-komikar løfta sint fundamentalistisk eks-terrorist under bok-bad-aktig paneldebatt på Smuget." Ja, særlig!
...
Og no litt rasing:
Eg trur det var ordføraren i Trondheim som karakteriserte dei to programleiarane i NRK-programmet "Standpunkt" som "nevrotikarar" - og det er herleg dekkande! Eg har fleire ting å seie om disse folka og det programmet, og ikkje noko av det er positivt. Ein ting er kor utruleg bekymra dei er for alt mogleg. Dei er som to gamle bedehus-kjerringar som akkar og oiar seg over ungdommen no til dags, berre at dei prøver å sjå seriøse og "profesjonelle" ut når dei omtalar sakene sine. Det er ganske komisk å følge med på andleta deira i reklame-spotane for "Standpunkt". Dei avløyser då kvarandre i å snakke om eit alvorleg samfunnsproblem (som gjerne har med sex og umoral å gjere og dei viser gjerne bilete av bryst og rumper i bakgrunnen. Har de forresten lagt merke til at viss NRK eller TV2 har ei sak om internettsvindel og/eller barneporno gåande vil dei nytte sjansen til å vise mest mogleg bilete av flimrande PC-skjermar med uklåre pulebilete og barneprostituerte? TV-journalistar burde vere nekta tilgang til internett.). Mens den eine snakkar står den andre med eit fjes som tilsynelatande vitnar om at han/ho er ekstremt bekymra for om han/ho hugsa å slå av kaffitraktaren før han/ho gjekk på jobb.
Dessutan: I går hadde dei ei sak om "Jackass-kulturen". Dei hevda at unge gutar går meir og meir inn for å ta livet av seg og at unge jenter blir pornoskodespelarar for sine "fifteen minutes of fame" (god anledning til å vise bilete av brennande fjortisar og puppar). Det ironiske er at hadde det ikkje vore for "Standpunkt" o.a. så ville ikkje vi visst om disse idiotane i det heile tatt og det ville ikkje vore noke særskilt stort problem.
Det er ei gamal og velkjend sanning at media skaper sine eigne saker på denne måten; ved å hause opp ting og deretter vere bekymra. "Standpunkt" er hittil det dummaste og mest gjennomskodelege programmet av denne sorten på NRK. Faen ta "Standpunkt."

|

27. april 2004

Eg leste ein veldig god (dog noke sjølvmotsigande) artikkel i NME om alt som er gale med Hip-Hop. Sjellaust, overfladisk og barnsleg var nokre av karakteristikkane. Problemet er berre at artikkelen heldt fram Kanye West som ein slags motgift til alt det dårlege, og rett nok; mannen HAR produsert nokre fin-fine trudeluttar (bl.a. for Jay-Z), men eg vil påstå at t.d. den låta med Twista som går på radioen no er ganske fæl. Både sang, rap og beats er ganske irriterande. Artikkelen poengterte og at Neptunes/NERD ikkje er noko tess lenger, og etter å ha høyrt den nye singelen til NERD er eg eigentleg einig.
Det er berre synd at artikkelforfattaren hengte seg opp i kor gullkjedefikserte hip-hopparane er når info-boksen nedst på sida skryt av kor mange dyre kjeder Kanye West sjølv har.
Jaja. Eg likar best fattige musikarar, eg.

|

26. april 2004

Der, ja! No har eg, trass i elendige HTML-kunnskapar, fått ordna kommentarfelt. Skrekk og gru!
...
Det ser litt toskete ut med dei postane som rasar mot at eg ikkje har kommentarfelt no, men faen heller.

|
Eg ser no at eg har samme utsjånad (er det "template" det heiter?) som Pongo & Rolledo på bloggen. Det er sjølvsagt fordi dette er den finaste typen.
...
Eg kjenner på meg at det blir mindre og mindre rasing i dette forumet. Eg må nok installere sånn derre kommentargreie.

|
Akkurat no vil eg rase mot at eg ikkje har tid til å setje opp eit kommentarfelt enno, men det kjem. Til den tid har eg kanskje klart å komme opp med noko som er verdt å kommentere. Ikkje at det er nokon konkurranse, akkurat, men eg fryktar likesæla (eller heiter det "likesele").
Eg har hatt mi siste forelesning om film noir i dag. Det er litt vemodig å avslutte eit semester (eg har masse arbeid att å gjere, though), men eg satt likevel og såg på klokka ut i andre timen.

|

22. april 2004

Først vil eg rase litt mot at dette tilsynelatande er ein blogg-type som ikkje tar imot kommentarar. Det vil sei at eg slepp lettare unna med stavefeil, men det blir jo og litt som å snakke til veggen, eller å stå heilt åleine i øydemarka og skrike til vinden. Kva er vitsen med å rase viss ingen kan seie seg hjertans einige eller faens provoserte og ueinge?
Dernest vil eg rase litt mot personfokuseringa i media, med høve til sport, kultur og politikk. Eg har ikkje tenkt å vere veldig personfokusert i raljeringane mine, med mindre det høver seg slik (eg kan til dømes kjefte på programleiarane i "petre", men då helst som gruppe).
Så vil eg gjerne nytte høvet til å forbanne dei smussmenneska som stakk av med prosjektøren frå auditorium A på Sydneshaugen skole. Dei har gjort ein god jobb med å i det heile tatt få han ned, der han hang langt oppunder taket, men eg hadde gledd meg til å sjå "The Man who wasn't there" på storskjerm. Skjetposar!
No har eg på ein måte rast frå meg. Kanskje blir det meir seinare. Vi får sjå.

|
Hei og hallo, menneskeungar!
Eg lagar no ein blog for å kunne blåse ut mot ting eg irriterar meg over. Dette er i alle fall utgangspunktet for bloggen, kanskje det endrar seg etter kvart. Eg har lenge tenkt på å lage meg ein blogg, men ikkje fått somla meg til det. MEN her er den. Tida vil vise om den er liv laga.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?