<$BlogRSDURL$>

25. mai 2004

STREIK!
No er visst transportarbeidarstreiken over (enn så lenge, dei skal visst stemme om dei skal ta han opp att), og eg trur ikkje eg tar munnen for full om eg påstår at transportarbeidarane tapte. Eg har lagt merke til eit par ting i løpet av denne streiken som eg ikkje har merka meg før (kanskje fordi eg er meir engasjert no, med i Fagforbundet og alt mulig). Til dømes er det heilt tabu for stortingspolitikarar å opne kjeften i samband med streiken. Berre LaRs Sponheim var teit nok til å bryte denne regelen (og det var nok fordi han ikkje hadde vore på høgget med å kjøpe dasspapir). LO-leiar Gerd Liv Valla blei dermed skikkelig sint - så sint at eg nesten blei litt redd då eg såg ho på Dagsrevyen (det var noko med augene).

Eg veit at det er mange andre politikarar som kunne ha god lyst til å sei noko, men dei har vel stort sett heldt seg i skinnet (skjønt, vi kan kanskje takke avisstreiken for at det ikkje blei verre).

Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om å streike på denne måten. Nokon vil nok kalle dette resulatatet ein siger for organisasjonsfridomen, men eg veit ikkje heilt. Eg veit i alle fall at dei kunne ha holdt på ei god stund til utan at vi hadde hatt noko å klage på EIGENTLEG

|

22. mai 2004

Sumar?
Kva er det som feilar veret? Dette er å dra spøken for langt!

|

14. mai 2004

Endringar
Eg har endra litt på fargane på bloggen. Dei er ikkje heilt som dei skal enno, men eg har tenkt å rette på det etterkvart. Ha tolmod.

|
Eksamensangst

Det skumlaste med å ta eksamen er det å skulle stå opp i tide, finne rett busshaldeplass, rekke bussen, ha med student-i.d., ha ein penn som ikkje går tom etter ein time, og ha med mat og drikke nok til å halde seg vaken og skjerpa i timesvis. I tillegg kjem sjølve eksamen og det faktum at den kan (i alle fall i år) finne på å vare i opp til seks timar. Blæ!
...
Nyhende av meir positiv karakter:
Eg har nyss besøkt ei heimeside på nettet som var meget pent utforma og som dessuten linka til mange meget pent utforma ting. Det er lenge sidan eg har drive noke med design, men eg trur pinadø det er på tide å gjere noko igjen. Denne bloggen er det første som treng oppussing, og det er andre ting eg kunne tenke meg å sjå på, i tillegg.
MEEEN, det må bli etter eksamen (sukk).
Forresten: her er den pene sida.

|

6. mai 2004

Eks-grafisk design-student rasar mot grafiske designarar og reklamebransjen i Noreg
Eg har lenge hatt lyst til å ta for meg, punktvis, kvi reklame og design gjer meg sint og trist. Eg må imidlertid få nevne eit par bra ting med design først, for balansen sin del. Design (eller formgjeving, dette kjem eg attende til) kan vere fint, bra og tøft i den rette konteksten. Eg likar design som har med film, musikk og kunst å gjere og set pris på god grafisk formgjeving som klarer å kombinere det kommersielle med det estetiske.
MEN: (1) Reklamefolk er utruleg lite språkbevisste. Dei er notorisk elendige på orddeling og språkreglar, for ikkje å snakke om nynorsk (nynorsk blir berre brukt i reklamer som spelar på at folk på landet er rare, t.d. Vossafår). "X-hibition", "Vestavinn" og "Bizkit" er døme på teite navn bransjen har funne på dei siste åra. Det går i anglifisering og VG-aktige ordspel. Defor heiter det "design" og "brainstorming", osb.
Reklamebransjen er nok delvis ansvarlege for aukinga i orddeling.
(2) Reklamebransjen syg kapitalist-k*k og slikkar kapitalist-r*v. Det er ein ubrukleg og dum bransje, men dei som jobbar der føler seg som dei kulaste av alle (det fins sjølvsagt unntak, eg snakkar om bransjen generelt). Mange i bransjen trur dei driv med noko viktig!
(3) Svært mange byrå er faktisk ikkje så veldig flinke, men dei tar seg uhorveleg godt betalt. Eit døme på dette er Sparebanken Vest sin nye grafiske profil, som dei betalte mange, mange millionar for. Logoen ser no ut som ein logoen til ein bensinstasjon eller eit bilmerke og dei har funne på mange "artige" navn som "Vestavinn" o.l.
(4) Eg har gått to år på MI. Det var veldig dyrt.
...
Då eg var sånn cirka 14-15-16 var eg veldig glad i bandet Prodigy. Også den plata dei kom med i 1997 -"The Fat of the Land" fell i smak. Dei kjem med ny plate i august. Eg er veldig redd for at det skal bli flaut og rart med "sånn" musikk, sju år etter forrige plate. Men eg tykkjer at t.d."Firestarter" er grusomt bra, den dag i dag.

|

2. mai 2004

S rasar mot kriminaliteten i samfunnet
"Dødsstraff for sykkeltjuveri"
...
Eg og/eller M har skulda i at sykkelen ikkje var låst inn i bakgården, men det er likevel forstemmande at ein bur i eit slikt samfunn der det er 100% sjanse for at alt som ikkje er støypt fast og sikra med piggtråd og væpna vakter blir knabba
(ok, sykkelen sto ulåst på gata natt til 1ste mai, men).
...
I kveld skal eg på konsert med det eminente Studentkoret Blanda Akademikarar, og eit kor til med same dirigent. Det ville vore ei løgn å seie at eg gler meg uhemma, men eg trur noko av det kan bli kjekt. "Kvinna mi" er med, og ho syng så fint at.

|

1. mai 2004

S rasar mot Idun
Idun Ketsjup har endra formgjevinga på ketsjupflaskene sine. No er det avbilda ein tomat og det står "Tomat Ketsjup" i staden for "Tomatketsjup." Ut frå det kan vi slutte at Idun har bestemt seg for at analfabetar er deira nye målgruppe.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?