<$BlogRSDURL$>

8. juni 2004

Tilbakelent stil

No er eg ferdig med alle eksamenar dette semesteret.

S rasar mot pinkode

Kvifor? Kvifor er det slikat den j**la pinkoden til Lånekassen skal forsvinne sporlaust to gongar i året? Kvart år må eg bestille ny pinkode, vente, vente meir, gløyme å søke lån, søke seint, vente meir, vere blakk... Eg er 25! Eg burde klare å ta vare på ting!
Men kvi treng ein eigentleg pinkode i det heile? Er det for at andre folk ikkje skal søke på lån for deg? Tyle!

|

7. juni 2004

S rasar mot filmen om filmen

I det siste har eg sett mange filmar på DVD. Filmar på DVD har gjerne "dokumentarar" og behind-the-scenes-materiale med (unntaket er den fine, men litt forutseielege Billy Elliot som eg og M såg i går). Dette er vel og bra det, men bakomfilmane er stort sett av laber kvalitet. La meg skissere opp korleis dette manifisterar seg:

1: Bakomfilmane er produsert for TV, med innlagte avbrekk for reklamepauser og stendige oppsummeringar av kva som har skjedd/skal skje. Disse er repetetive og filmmakarane går tilsynelatande ut ifrå at sjåaren har gullfiskhukommelse (ok, eg veit at dette er stigmatiserande og usant med høve til gullfisk, men det er no ein gong eit uttrykk).

2: Mannen (det er alltid ein mann) som står for voice-overen høyrest ut som han tok ein E og fekk beskjed om at han har vunne i lotto rett før han gjekk i studio. Heldigvis elskar han jobben sin, så han les inn kommentarane sine før han går og feirar.

3: Skodespelarane går tydlegvis alltid gjennom dei samme prøvelsane og erfaringane som karakterane sine. Dei gjer (nesten) alle stunta sine sjølve og dei har alltid ein anekdote på lager om noko dramatisk som skjedde på settet. Den mest patetiske i så høve er den Hugh Jackman (Wolverine) fortel om eit dramatisk og nerveslitande hopp han må utføre, ned på ei madrass frå ein balkong i filmen X-Men II. Etter at han har fortalt får vi sjå det faktiske stuntet -OG DET ER IKKJE SÆRLEG LANGT NED. Hugh Jackman er ei pyse.

4: Bakomfilmskaparar går ut i frå at folk er stokk dumme og at dei aldri har sett ein film før.

5: Bakomfilmar på DVD er ofte laga som litt langtekkelege trailerar, meint til å fungere som ei TV-sendt gulrot og skaffe meir publikum. Det kjennes litt trist å sjå slike ETTER at ein faktisk har sett filmen. Trur dei verkleg at folk ser på ekstramaterialet først? Eg trur dei gir faen.

6: Når dei ikkje fortel anekdotar om "farlege" stunts, likar skodespelarane å fortelle om kor bra filmen er og for eit fantastisk lagarbeide osb. som ligg til grunn for filmen. Intervju med skodespelarar i bakomfilmar er enda meir intetsigande enn intervju med idrettsutøvarar (-Du sprang, du. -Ja, det gjorde eg. -Du sprang kjempefort. -Mm.).

Det er fleire problematiske ting med slike filmar, men det største problemet ligg i at dei faktisk kunne vore veldig bra, men er det sjeldan. Eg er over middels filminteressert og kunne godt tenke meg å sjå litt meir av det som faktisk skjer "behind the scenes."
...
No skal eg på lesesal og den bør vere fri for mobilknottarar.

|

1. juni 2004

Til dei få
Eg rasar mot Blogger.com som utan forvarsel (eller ettervarsel) har endra adressa på denne bloggen slik at dei få som visste om han og las i han no har blitt enda færre.
...
Mobilbruk
Eg rasar mot dei som ikkje kan gløyme at dei har med mobil på data- og/eller pcsal. Visst er det irriterande at ein mobil ringer, men det er like irriterande at folk har på vibrasjon, el.l. -ikkje pga lyden, men fordi dei TEK telefonen, joggar over golvet, svarar halvveges til døra og forsvinn pratande ut i gangen. Det er irriterande med all aktiviteten, men det mest irriterande er respektløysa og det, for meg, komplett uforståelege i at ein konstant er så på tå hev med høve til å vere til å få tak i. "GUD FORBY at eg ikkje skulle svare med ein gong!" Etter mi meining bør ein slå av lyden og vibrasjonen og gøyme skiten langt vekk!
(Ein gong var det forresten ei jente som gjekk inn og ut tre gonger i samtalesamanheng på eit KOLLOKVIE!)

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?