<$BlogRSDURL$>

19. juli 2004

S rasar mot Levande Ord
 
Grrrr!
1. Dei syg ut enorme summar av medlemmane sine, som i nokre tilfelle er ganske velbeslåtte, men som og kan vere ganske blakke. Metodane dei brukar bør vere velkjende frå media, men eg kan nevne bankterminal og avbetaling for dei som har dårleg råd.
2. Dei skryt av å samle inn pengar til gode formål, men disse formåla er stort sett misjonering og ny cappucino-maskin (eller noke) til "Pastor" Enevald Flåten ("Enevald" og "Flåten" har forresten gått inn i mitt vokabular som mishagsytringar eller skjellsord).
3. Ikkje berre er dei høgreekstreme og onde/dumme, men dei er attpåtil så flirande sjølvgode at det mest ikkje er til å tru.
4. www.herregud.com -denne er litt gammal, men framleis oppe og går. Til tider hysterisk morosam, men slett ikkje alltid. Gjesteboka og forumet er frustrerande, men artig lesing.
 
PS: Viss nokre LevO-folk skulle Google seg innom denne sida: Gi faen i å prøve å skrive noko eller eller argumentere på noko vis. De er alle lost cases... men de kan godt be for meg, viss de trur det hjelper.
 
Eg trur Levande Ord er eit mykje større trugsmål mot den norske befolkinga sin fridom enn Islam nokon gong kjem til å bli. 

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?