<$BlogRSDURL$>

23. august 2004

Kjær S har mange namn
MANS SKYBORNE VELVET
TALKS NOVEMBERS ENVY
KNAVES TREMBLY OVENS
BARNS EVOLVEMENT SKY
BRAKY VENTLESS VENOM
BLANKS SEVENTY MOVER
ABNERS VELVETY MONKS
VERBAL MONKEYS VENTS
BLANKETS MOVES NERVY
BLANKEST MOVERS ENVY
SMOKABLE NERVY VENTS

www.wordsmith.org/anagram/

The Go Kill Yourselves og andre fine bandnamn finn du på http://sam.hochberg.com/bandname.html

|

16. august 2004

S rasar ikkje
Etter å ha vore på jobb på laurdag gjekk eg forbi Banco Rotto. Der kom det brått springande ei dame med høge hælar etter ein blå ballong, frå eit utebord. Det vesle barnet hennar (ca 2 år) freista og å springe etter ballongen, men vikla seg inn i eit av taua som skil uteborda på Banco Rotto frå resten av verda. Faren måtte vikle han laus. Mora gav opp jakta, pga. dei høge hælane, men gutungen, som no var laus, ville ikkje miste ballongen. Han sprang alt han hadde, dvs. like fort som eg gjekk, difor kunne eg følge jakta på ballongen som eit følgebilkamera i eit sykkelritt (i slow motion). Då ballongen var nesten nede på Vågsallmenningen kom det ein annan liten gut og grabba ballongen. "Min" vesle unge var nær hysterisk og ropte heile vegen "ballon-hikst, ballon-hikst, ballon-hikst". Han som hadde tatt ballongen fekk panikk og slapp den. Ballongen, som fram til då mest hadde skrensa langs bakken, fauk no rett opp i lufta og for nedover Vågsalmenningen. Ungen hylte i skrekk og raseri og gav no etterkvart opp jakta og stogga snufsande og grinande. Foreldra hadde rydda med seg tinga frå kafèbordet sitt og kom ruslande etter med sportsvogna, 25 meter lenger bak. Eg fortsette nedover almenningen og heldt eit auge med ballongen, folk flest enste ikkje at den var der, bortsett frå ein tjukk turist-mann som nesten klarte å ta den. Så la den seg til ro nesten nede ved bilvegen.
Eg kunne ikkje dy meg, så eg plukka opp ballongen og gjekk tilbake til den vesle familien med den. Dei var framleis omlag 25 meter bak meg. På vegen fekk eg mange kommentarar frå folk. Nokre ungdommar som hadde gått bak meg og kunne følgje dramaet på same måte som meg sa "åååh, så snill du er". Foreldra til guten meinte òg at eg var snill, men hovudpersonen var litt for ramma av sorg og litt for sjenert til å bli heilt overstrøymande. Men eg hadde ei god kjensle. Etterpå innsåg eg at heile vågsalmenningen glante på meg. Eg såg rett fram og møtte ikkje blikket til nokon.

Fråsegn
Kva har forfattaren Ragnar Hovland, den avdøde Buena Vista Social Club-medlemmen Compay Segundo og S til felles, utom å vere eineståande kulturmenneske? Jau: alle har gått med, eller går med den same rutete dressjakka. Eg fantaserer om at RH har eigd den som eg kjøpte på Fretex, men eg trur han er litt større enn meg og den jakka har litt korte ermer, sjølv for meg.
Dette tyder sjølvsagt ingenting, men det kjennes bra.

|

6. august 2004

http://www.cenedella.com/stone/archives/000590.html


|
I går var O, J, M og eg på Øvre Kråkeneset og tok bilete av kvarandre utanfor hovudkvarteret til Levande Ord. Dei har ei souvenirsjappe der ein kan kjøpe Levande Ord-godkjent drikkevatn (er det nokon som har sett Doctor Strangelove?), t-skjorter (eller "t-shirts" som det av ein eller annan uforståeleg grunn plar stå på plakatar i butikkvindauge), bøker, CDar, DVDar, kosedyr, smaklaus jesus-pynt og mange andre ting som bidreg til at LevO-fans-pengar stadig får bein å gå på. Bygninga deira var forresten imponerande stor og stygg.

S rasar forsiktig mot "Norge i dag"
"Norge i dag" tar for seg saker som normalt ligg midt i mellom Norge Rundt og Dagsrevyen (ved eit høve glitrande dramatisert av Team Antonsen). Problemet er berre det at i agurktida blir sakene deira heil parodisk ubetydlege. Til dømes: Ein ordførar i ei eller anna kommune hadde blitt sex-trakassert av ei kvinne pr. SMS. Denne ordføraren såg ut som ein Batistini-modell og virka ikkje det minste lei seg for å vere "populær". Han minte litt om Zapp Brannigan frå Futurama. Han gjekk ut med denne historia for at, øhm, andre ordførarar i samme situasjon, nei... for at ein må tenkje seg om to gonger før ein sex-trakasserer kjekke ordførarar eller noko. Det var heilt teit og poenglaust. Fyren ville berre på tv. Ei anna sak gjekk på at det var nokre naboar til ein stor grisefjøs som klaga på lukta. Eigaren av fjøsen ville ikkje snakke med reportarane og låste seg inne på kontoret til dei var gått. "Norge i dag hjelper deg", anyone?

S rasar mot filmmeldar i BT
Eg.
Vil nytte høvet. Til å skrive nokre ord.
Nokre Pauli ord.
Om filmmeldaren A.K. i avisa Bergens Tidende.
Hin dagen (det kan ha vore i går) ville eg lese ein omtale av ein film.
Som ho hadde skrive.
Men.
Ho nytjar seg av ein skrivemåte som er så slitsom at det ikkje er råd. Å. Lese.
Det.
Ho skriv.

Lang-haiku.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?