<$BlogRSDURL$>

21. september 2004

S rasar mot CD-kjeder
Eg vil med dette oppmode alle som bur i Bergen om å kjøpe alle CDane sine på Apollon, og viss de skal kjøpe filmar så kjøp dei ikkje på ein kjede. Kjetting.
Eg har faktisk ikkje spesielt mykje mot t.d. Platekompaniet. Eg tykkjer at godt utval og låge prisar er ein bra ting og etter utvidinga har dei faktisk begge deler. Men Apollon og dei andre uavhengige butikkane vil døy om vi gløymer å handle der og vi veit alle kva som skjer om nokon får monopol. Grunnen til at eg nevner dette no er at den flotte platebutikken Feedback i Tromsø har lagt seg sjølv ned, for å kome kemneren i forkjøpet. Eg var innom der ein del då eg var i marinen i Tromsø. Egon, som (eks-)eigaren heiter hadde klistra gule post-it-lappar med engasjerte kommentarar på mange av platene. Ein kunne bli ståande nesten i timesvis og lese på desse lappane, oppdage nye band, bli bydd på kaffi, kjate med dei bak disken, sjå på den raffe plakatkunsten og i det heile tatt nyte atmosfæren. Einaste minuset var at på den tid var heile butikken omtrent på størrelse med ein bitteliten utedo.

|

6. september 2004

S rasar ikkje mot "Farmen" på TV2
...for eg har ikkje sett på, og eg har ikkje tenkt det heller. Men eg kom tilfeldigvis over Dagbladet-på-nett-nettmøte-intervjuet med han som rauk ut fysst (Frank) i dag. Han var litt morosam, men han er altså ute, så no er det i alle tilfelle ingen vits i å sjå på. Sjå kva han skriv her: http://www.dagbladet.no/kultur/2004/09/03/407373.html

Ellers er det berre Allers.

|

1. september 2004

Å! Mennesket sin himmelskapte fløyel!
Du talar novembers misunning
og den unge tenarens bevrande
ovnar
Du bur i låvens utviklingshimmel med
tornete ventillaus gift i
lausskot
Sytti rører Abner sine fløyelsmunkar og
pratsomme aper ventilerar teppers røyrsler
tappert
Dei enklaste flyttefolka misunner
røykbare tapre
ventiler

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?