<$BlogRSDURL$>

26. november 2004

S rasar mot reklamen
Då eg gjekk på Grafisk design på MI lærte vi at uadressert reklame i posten går for å vere den minst effektive av alle former for reklame. Likevel har det aldri vore så mykje slik reklame som no. Vi får eit stort lass i postkassa kvar dag, mykje av det er på glansa papir og kan difor verken resirkulerast eller nyttast til å fyre opp med. Dette er både ekstremt irriterande og veldig lite miljøvennleg (miljø er visst ikkje på moten lenger). Eg har prøvd å skaffe "uadressert reklame - nei takk"-klistermerke, men dei var gått tom på post-i-butikken (ein annan av mine kjepphestar som eg sikkert kjem tilbake til ein annan gong), noko som får meg til å tru at det er mange som har gått lei av reklamen. Det er mogleg at bransjen har gjort seg sjølv ei bjørneteneste ved å sende ut så mykje reklame - resulatatet blir at den blir mindre effektiv enn nokon sinne. Og kva med BT? På kvardagar er det meir annonsar i BT enn redaksjonelt stoff og i tillegg er den full av reklamefolderar og brosjyrer, gjerne på glansa papir så ein ikkje kan resirkulere osb. Eg såg at Adresseavisa i Trondheim var plaga med det same (eller rettare: abonnentane var plaga) og der skulle det visst kome lovforslag mot slik reklame. Bra!

Eg vil dessutan oppmode alle som har tilgang på tunge kjørety om å valse ned alle reklameboards frå Clear Channel som de ser. Takk.

|
S presiserer
Eg gløymte å nevne Carl I. Hagen og Dagfinn Høybråten som del av "Babylon" i førre post. Dessutan vil eg gjerne presisere at det sjølvsagt ikkje er kristendomen i seg sjølv eg har noko i mot. Vi har strålande kloke kirkefolk og teologar som Gunnar Stålset, Rosemarie Køhn og Inge Lønning. Og eg blir meir og meir glad i Valgjerd - ho er i det minste litt moderat og velmeinande jamnt over. Det fins folk i "Babylon" som får Ludvig Nessa til å virke "heilt vanleg" - det er desse eg har problem med.

"Det fins sterke krefter i landet som går til angrep på den norske kristne kulturtradisjonen - i toleransens namn" - om lag slik uttrykte Dagfinn Høybråten seg på Nyhetene i dag tidleg - litt samanfatta. Desse sterke kreftene (legg merke til korleis han plasserer "dei kristne" i ein slags offer-bås vs. dei sekulære, normlause, ukjente "kreftene" som trugar "det norske") vil ikkje at det skal stå noko om "kristen oppseding" i formålsparagrafen for barnehagane. Det er dessutan tydleg at toleranse er eit fy-ord for Dagfinn. Jaja, han får vel berre hogge hovudet av på dei som vil fortsette med blot til Odin. Eller Allah. Sånn som før i tida.

|

25. november 2004

S rasar mot Babylon*
Fytti satan i helvete! Sæle-familien! Far Sæle: sleip, konservativ, trangsynt, svartsynt jævel av ein avisredaktør. Mor Sæle: ditto politikar (men alltid smilande, det skal ho ha). Son Sæle: T5PC og Think7-klyse. Folk snakkar om Islam som om islam faktisk utgjer noko trugsmål mot "the norwegian way of life", men dei vi eigentleg burde passe oss for er SVINA som utgjer konstellasjonen Levande Ord/Frp/Fpu/diverse pyramidar/diverse bibeltru aviser/halve Krf og so vidare. Desse folka er menneskemisbrukarar, vi har ikkje bruk for dei! Og dei er berre toppen av isfjellet, det er eg sikker på. For at slike folk skal kunne bli til og fungere i samfunnet (med litt flaks blir pyramidefraksjonen av dei bura inne) er dei avhengige av ein base med likesinna, som dei har sitt utspring frå og som dei eksisterar innanfor. Dette burde vere til stor bekymring for folk som ikkje trur at dei har rett i alt, som ikkje trur at dei kan tvinge andre til å syns det same som seg sjølve, som ikkje er dumme, som ikkje syns det er greit å skipe massemønstringar som har som formål å loppe folk for pengar, og som trur på toleranse.
Eg tykkjer det er påfallande korleis høgt og lavt blandar seg i dette miljøet. Dette er folk som går for å vere bibeltru, høgverdig moralske, kristne menneske. Men samstundes finn vi innanfor dette segmentet utallige døme på sexovergrep, økonomisk kriminalitet, utnytting, rasisme, intoleranse og hat. Dette er klassisk hykleri. Eg mistenker at Sæle (alle tre), Wolden, Kjim Kjølner, Enevald Flåten osb, er representative, heller enn unntak. Det er derfor eg er litt bekymra og veldig provosert.

A propos:
Kven har noko å tene på polarisering mellom "Vesten" (kristen eller ei) og muslimane? Alle vil at vi skal vere redde, men kvifor? Kan det tenkast at nokon hadde veldig lyst til å gå til åtak på nokon, men mangla god grunn til å gjere det? Kan det tenkast at det er lettare å få folket med seg etter at dei har opplevd litt terror? Er det mogleg at mytebyggjing kan nyttast politisk? Er det mogleg at Noreg fører ein annleis politikk under bordet (med høve til dette) enn kva som er offisielt?

*Babylon blir av Rastafarianarane nytta som namn på dei kvite, imperialistiske, vestlege undertrykkjarane. Utan å ville vere like militant, religiøs eller innrøykt som rastaane vil eg nytte omgrepet litt meir avgrensa: om dei kristenkonservative og reaksjonære. Dei som utgjer ei maktbase av pengefolk, pastorar, Frp/KrF-politikarar, andre maktmenneske og deira tilhengjarar. Dei som kanskje er kjernen i Rastaane sitt Babylonomgrep. Eg nyttar omgrepet på ein lokal heller enn global skala, men omgrepet kan utvidast. Det er kanskje eit paradoks at det historiske Babylon låg i midtausten, men...

|

18. november 2004

S boikottar ting
Her er alle dei tinga eg boikottar, og kvifor.
1. Dagbladet: Sex-fiksering, forbrukarvinkling, nynorskhat, generell dumskap, ideologisk grunnlag som ikkje liknar på mitt, for mykje kjendisstoff.
2. VG: Det same, men verre. Kulturfiendtleg og høgrevridd (men VG latar i det minste ikkje som om dei er noko anna enn ei tabloidavis).
3. Coca-Cola: Det var veldig hardt for meg å slutte med denne, og eg syndar mot forbodet av og til, viss eg er fyllesjuk og har hugsa å kjøpe CC dagen før. Eg er heldigvis stadig sjeldnare fyllesjuk. Eg boikottar CC av di dei utnyttar fattige bønder i India ved å bruke opp og forureine vatnet dei treng i jordbruket. Blant anna.
4. Burger King/McDonald's: Maten er usunn, kyrne deira èt opp regnskogen (dvs. beitemarkene til kyrne), arbeidarane deira har det ikkje godt. Heldigvis har eg alltid synst at maten på McD og BK smakar drit, så det er lett å la vere å ete der.
5. TVN: skulle eg gjerne boikotta viss eg fekk det inn. Det same gjeld TV3. Årsak: realityfjernsyn. Eg lar meg såpass lett fjetre av tanketomt boss at eg er glad eg ikkje får inn dei kanalane.
6: Se & Hør/Her & Nå: Dette skulle vere opplagt, men det hender eg kikar litt i dei i butikken. Dei har så fargeglade og spennande forsider!
7: Alle debattprogram: Spissformuleringar, ingen får snakke ferdig, programleiarar med markeringsbehov, ein kjem aldri fram til noko anna enn at ein er ueinge, lav grad av saklegheit. Keisame greier.

Eg fortèl ikkje dette for å framstå som spesielt klarsynt eller "above it all", og eg meiener på ingen måte at alle andre må tenkje som meg. Men det er no ein gong slik at denne sida er ein slags frustrasjonsventil for meg.
Legg også merke til at eg ikkje boikottar Platekompaniet lenger. Det blei rett og slett for dyrt å kjøpe alle platene eg har lyst på på Apollon. Dessutan blei det for flaut å spørre etter Prodigy - ein kjenner seg gjerne litt uglesett viss ein spør etter "feil" musikk der.

|

12. november 2004

S og Dagbladet
Det er jaggu bra at vi har ei vaskeekte kulturradikal avis som Dagbladet. Dagbladet klarer på elegant vis å ta kulturlivet i alle slags variantar "på pulsen" som det heiter. Spesielt det ungdommelige, friske, tvisynte, intelligente og inkluderande Fredagsbilaget imponerer meg. Dei unge skribentane her er heilt på høgde med den nye generasjonen av innsiktsfulle og modige mediefolk som ein finn i til dømes petre. Livsstilsbilaget i søndagsutgåva av dagbladet er og balsam og honning for sjela. Av og til er det deilig å kunne tenkje berre på lampar og stolar, og ikkje minst sofaer, og berre gløyme alle ubehagelige og vanskelige ting for ei stakka stund. Det er og veldig avslappande at det er så lite tekst i desse artiklane. Berre det viktigaste er med: pris, og kvar ein kan få kjøpt tingen. Slik slepp ein å bli alt for distrahert av unødig "refleksjon", vekkasta tankespinn og trøyttande historisk kontekst. Denne metoden er òg veldig suksessfull i Dagbladet som heilskap, særskilt i kulturdelen av avisa.
Dagbladet er ei avis som klarer å skilje klinten frå kveita på ein heilt forbilledleg måte. Det er ikkje tvil om at det må vere ein hard jobb å skilje ut det vesentlege i ei slik travel medietid som vi lever i, og eg er imponert over kor stilsikkert avisa manøvrerer her. Ein kan òg vere sikker på å lese ting på kultursidene i Dagbladet som ein ikkje kan lese nokon annan stad, av di dei alltid ligg i forkant, og av di dei har dei skarpaste og mest innsiktsfulle observatørane.
Det gledar meg og intenst å lese bokmeldingar i ei avis som Dagbladet. Trass i at dei er korte (heldigvis, det er jo så som så med konsentrasjonsevna til folk no for tida), kan ein ofte sjå korleis dei prisverdige haldningane til kulturjournalistane skin gjennom alt dei skriv -også i anna kulturstoff. Det er heilt tydleg at skribentane maktar å sjå utanom Oslo-gryta, og at dei både vil og evner å ta opp saker som gjeld heile landet og alle lag av folket, uavhengig av målform, bustad eller dialekt.
Eg elskar Dagbladet!

|

10. november 2004

S rasar mot doskrømtet
Den tyske oppfinninga "dospøkelset" (les meir om det her: http://www.bt.no/kuriosa/article307020) har no kome til Noreg.
Eg ser på meg sjølv som feminist. Eg vil gjerne oppheve det kjønnsrollemønsteret som finst i samfunnet i dag, eg vil jobbe for å oppheve omgrep som "maskulin" og "feminin". Eg vil at folk skal kunne oppføre seg slik dei vil uten å bli stempla som det eine eller det andre, eller som motsetningar til det eine eller det andre. Det kan diskuterast om dette ikkje er utopiar, men det er ikkje hovudpoenget her. Nei, poenget er at eg vil gjerne, framleis, trass i alt eg nett har sagt FÅ LOV TIL Å STÅ OG PISSE! "Dospøkelset" er den mest usmaklege, fornærmande, jævla helvetes faens skjetoppfinninga eg nokon gong har sett! Viss det nokon gong dukkar opp eit slikt gespenst i min nærleik kjem eg til å døy av raseri! Dessutan skal doringen vere OPPE som standard. Om den ligg nede, men ein treng å ta den opp må ein jo ta i den - men viss den står oppreist og ein treng å ha den nede kan ein berre gi lokket ein liten skubb på baksida, så ramlar ringen på plass. Å! Det er godt å få det ut.

Bloggen: ei kjelde til evig visdom.

|

4. november 2004

S rasar mot ytringsfridomen
Alle må jo skjønne det at alskens degenerert pakk ikkje kan få lov til å forpeste kvardagen vår med dei homfile, heidenske, avskyelige dritmeiningane sine. Rettruande, flotte menneske har rett til å lese avisa eller surfe på nettet utan å bli utsette for kommunistisk og lesbisk familefiendtleg propaganda! Ytringsfridom er djevelens verk! Ytringsfridom og "kunst" er djevelske unnskyldningar for promotering av umoral, terrorisme og ondskap.






Not!

|

3. november 2004

S er glad han ikkje er amerikanar
Ein teori eg har høyrt om kvi Bush vann valet (noko han ser ut til å gjere i skrivande stund) er Bush sitt konservative kristne standpunkt med høve til homo-ekteskap og fri abort (han er mot, altså). Dette er vel det mest deprimerande med heile greia.
Men eg trur eigentleg ikkje at Irak-situasjonen og alt det der hadde blitt noko annleis med Kerry. USA er ikkje Spania og Demokratane er ikkje sosialistar.
Dei får vel den presidenten dei fortener, stakkarane. Fritt for å ikkje bli attfødd som fattig white trash i junaiten i neste liv!

|

1. november 2004

S rasar mot (sannsynlegvis) tendensiøs framstilling
På Dagbladet.no (igjen) fekk eg lese dette (frå http://www.dagbladet.no/kultur/2004/11/01/413127.html):
Uventet
Gunnhild Øyehaug skriver på nynorsk. Målformen har de siste åra vært overrepresentert på på nominasjonslista til Brageprisen. Med to nynorske av tolv nominerte bøker, gjelder dette også i år.
- Dette er mye når mindre enn hver tiende bok som blir gitt ut her til lands er på nynorsk, sier Ottar Grepstad, direktør ved Aasentunet.
I en e-post til Dagbladet.no viser han at nynorskprosenten de siste tre åra har vært 25, 15 og årets 17 på Brageprisens nominasjonsliste.

Dagbladet får det til å høyrest ut som Grepstad er kritisk til den "høge" nynorskprosenten, noko eg ikkje trur er tilfelle. Det er i alle fall sikkert at Dagbladet er kritiske! Det er liksom problematisk at det er heile 17% nynorsk når det skulle vore under ti! Tvi vøre!
Men gratulerer med nominasjon til Gunnhild Øyehaug! Tvi, tvi!


|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?