<$BlogRSDURL$>

27. januar 2005

S listar opp

Eg er glad i å rase, eg er det. Eg sat nett og tenkte på ein heil del ting eg kunne rase mot. Samstundes rann det meg i hu ein god del fine ting eg kunne liste opp for å på ein måte skape ein slags god liste-karma. No har eg bestemt meg for å berre liste opp dei fine, kjekke, meir eller mindre meiningslause tinga som gjer meg glad i kvardagen.

1. Heimesida til Gatas Parlament. Denne er full av fandenivaldsk attitude. Eg har tungt for å skrive "fandenivaldsak attitude", men det er den einaste dekkande skildringa eg kjem på i augneblinken. Eg må legge til at Gatas av og til manøvrerar temmeleg uelegant med høve til saklegheit og smak, men det må ein berre finne seg i når det gjeld (verkelege) sterke meiningar.

2. Anime (japansk teiknefilm)-serien Naruto. Denne er heilt fantastisk. Den kan lastast ned gratis, men ein bør ha god plass på harddisken, eller aller helst DVD-brennar. Nokon vil nok finne denne serien både barnsleg og irriterande, men eg elskar den. Og den blir bedre og bedre for kvar episode!

3. Manga (japansk teikneserie)-seriane Ranma 1/2 og Blade of the Immortal. Den eine er veldig morosam, den andre eksremt tøff og godt teikna. Ranma 1/2 kjem som pocket på norsk om lag ein gong i månaden, medan Blade... ser ut til å ha gått inn på norsk.

4. Å teikne. Eg pleide teikne masse før, men blei etter kvart meir oppteken av å lage musikk. No har eg gjenoppdaga teikninga og har det kjekt med den.

5. Optimisme med høve til plate-våren. 2004 var eit veldig dårleg musikkår for meg, men eg har mistanke om at 2005 blir bedre. Vi får sjå.

Eg kjem attende til rasinga seinare.

|

24. januar 2005

S undrar seg over bloggeupopulariteten
Over natta (eller over nyttår for å vere meir eksakt) blei det brått ikkje noko kjekt å blogge lenger. Dei bloggane eg pleidde lese er i koma, og eg merkar at eg ikkje har så lyst å blogge noko sjølv lenger, heller. Det har på ingen måte blitt slik at det er mindre ting eg kan rase over/mot, slett ikkje. Det er heller ikkje sånn at eg har byrja å sjå på meg sjølv som ein skitten, gamal, alkoholisert mann som sit for seg sjølv på ein våt benk i ein halvtom park og snøvlar og rasar for meg sjølv og dei få, uinteresserte, unge og egoistiske hipsterane som sjanglar målretta forbi. Neida. Men likevel kjennes det korkje naudsynt eller godt å blogge lenger.
Men eg har ikkje tenkt å gi meg - ikkje enda, jaffal.

Kanskje luven forsvann av di kvar gong det dukka opp eit tema, så var det alltid nokon andre - mange andre - som hadde noko å seie om det. Kva er det å seie om T5PC som ikkje nokon andre alt har sagt bedre? Men eg kjenner likevel på meg at eg har noko eg rase mot. Eg driv framleis på og prøver å definere for meg sjølv akkurat kva dette er. Inntil vidare må eg kalle "det" for det vanlege. Eg meinar ikkje at eg har noko i mot den middelmådige kvardagen, tvert imot tykkjer eg det må vere lov til å sleppe å skilje seg veldig ut. Det blir så trasig når ein må jobbe hardt for å heve augebryn - det må vere lov til å ta det kuli. Men likevel er eg glad for at det fins folk som "kler seg ut" når dei berre skal på butikken, eller som tør å seie rare og uventa ting i forsamlingar, og så bortetter. For: det vanlege er ein fiende av alt. Det er tid for å rase! Og eg tør vere pompøs og bastant, så får eg evt. moderere meg i kommentarfelta, om det skulle bli naudsynt.

Eg beklager om denne postinga er litt retningslaus, men eg har ikkje tenkt i desse baner på ei stund, så vegen blir til mens eg skriv. Eg har i alle fall funne ut at eg tør å vere pretensiøs, så får vi sjå om eg ikkje sluttar med det om/etter at eg får tyn-feedback.
Ny skikk: eg les ikkje gjennom innlegga før eg trykker på "publish post", så ver tålsame med stavefeil, osb. (eg kjem kanskje til å redigere om blemmene blir for store).

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?