<$BlogRSDURL$>

28. februar 2005

Fråden står
Eg har rast mot dei før - mobilidiotane - og no rasar eg igjen!
I løpet av det siste året har eg vore mykje på lesesal. Eg har ofte beklaga meg over disse fjompenissane som ikkje kan vere utan mobil i nokre få timar, men som stendig renn inn og ut av lesesalen plaprande og trampande. Eg har blitt fortald at eg overdriv, at det ikkje er så gale som eg trur, men: det skjer kvar dag! Fleire gonger om dagen! Og eg sit ikkje så lenge på lesesal om gongen at det gjer noko, berre eit par timar, men likevel! Heile tida!

Slik plar det vere: Ein telefon ringer, anten høyrer vi polyfon ringetone, during av vibrering mot bordplate (jævlig stilt med vibrasjon, ikkje sant?), eller så høyrer vi berre ei stemme som spør: "Hallo?" - av di eigaren av telefonen har sett displayet blinke. Kva er vitsen med å slå av lyden viss du likevel har tenkt å snakke inne på lesesalen? Etter at ein har oppnådd kontakt trampar ein vanlegvis ut av lesesalen og rett ut forbi døra, der ein blir ståande og kjate medan døra lukkar seg ulideleg sakte. Og er det noko viktig dei snakkar om? Nei! Det er berre slarveprat! Faen! Aldri høyrer eg noko som kunne rettferdiggjere at ein MÅ ta telefonen på lesesalen. Korleis kan dei ha arbeidsro når dei kvart øyeblikk ventar at nokon kan ringe? Slik skal det vere: Mobilen er avslått. Den ligg i ei lomme eller ein sekk, utan vibrasjon. Når ein er ferdig på lesesalen kan ein sjå om nokon har ringt og eventuelt ringe tilbake. Viss ein ventar på viktig telefon eller melding kan ein ha den liggande på pulten, med lyd og vibrasjon av. Så kan ein gå roleg ut og lukke døra etter seg før ein svarar. Basta!


Ellers var eg og såg "Der Untergang" i går. Den var bra. Eg likte han t.o.m litt bedre enn "Pianisten", men viss ein har sett begge er nok det det beste. Gode skodisar, godt balansert på dei fleste måtar, inkje føleri eller trykking på emosjonelle knappar eller lignande. Det var godt å sjå ein film utan sentimentale scener i slow motion, for ein gongs skuld.

|

22. februar 2005

S blir glad igjen
På grunn av dette. Reaksjonane er sjølvsagt ikkje så gledelege, men det er fint at nokon gjer slikt. Ellers les eg framleis ikkje Dagbladet, berre så det er sagt, men eg kom i skade for å følge ei lenke dit og blei verande.

|
S hjartesukkar
Eg blir så prega av språk. Eg er nett som ein svamp. Viss eg sit ein heil dag på lesesalen og les teori, essays, og anna, på (ny-)norsk byrjar eg å snakke som ein "lærd" (men det kjennest ikkje like naturleg å flette framandord inn i daglegtalen om eg les på bokmål, skjønt eg gjer det då og). Viss eg har lese på engelsk får eg talespråk som ein ape. Eg snakkar dårleg norsk og føler at eg må ty til engelsk for å uttrykkje ting som det finst gode, vanlege ord for på norsk ("øh slå på... øhhhh... the light... eg måtte... øhm contemplate... blahblahblah... ). Viss eg held meg med mine gamle kameratar frå VGS ein heil kveld byrjar eg snakke breiare, banne meir og eg endrar syn på kva som er god humor. Problema oppstår når eg brått skiftar sfære og skal skrive ein akademisk tekst etter å ha vore på "pubertalnivå", eller prøve å skrive eit blogginnlegg etter å ha lese teori ein heil dag. Preginga av det eg har holdt på med sit i så lenge at eg uttrykkjer meg upassande i den konteksten eg finst i. Eg byrjar å lure på om det finst nokon veremåte/snakkemåte/språkmodus som er meg. Eg trur ikkje det, eg er alt for lett å påvirke. Kva skal ein gjere når ein ikkje har nokon stil, når det kjennest som om sjølve dei meiningane eg har i augneblinken er forma av den språkmodusen eg til einkvar tid måtte vere i?
Har alle det slik, eller er det berre meg?

|

21. februar 2005

Ironien var ikkje daud!
Eg berre registrerer at VG har eit nærgåande forsidebilete av ei langrennsdame som skiftar klede, under overskrifta "RASER MOT NÆRGÅENDE FOTOGRAFER" (sitert etter hugsen).

|

9. februar 2005

S fabulerar om nytt realitykonsept

"Ikkje tru på haipen" er ei blanding av Idol og Den store klassefesten. Det kjem nok ikkje til å tene masse pengar, for det vil ikkje vere noko moglegheit for publiken til å stemme (eg er einaste dommar). Opplegget er som følger: Ein samlar ein gjeng med godt etablerte musikarar, band og artistar. Alle har allereie platekontrakt og gode salstal. Ingen får framføre noko musikk, men blir i staden utsette for ei velformulert og knusande skyllebøtte av ein stor, skummel mann med høg stemme, som spyttar når han brøler. Ein tekstplakat kjem opp på skjermen og listar sakleg og edrueleg opp alle grunnane til at akkurat den artisten eller det bandet fortener ei sånn utskjelling. Etterpå må dei delta i eit audmjukande show med Dan Børge og Tande P. og gjere flaue ting i beste sendetid laurdag kveld. På eit eller anna tidspunkt skal ein eller anna avdanka komikar "avbryte" programmet og servere pinlege grovisar om artistane. Det middelaldrande publikummet i studio skal le rått, og Åge Aleksandersen er den einaste som får spele, gjerne akkompagnert av husbandet til Beat for Beat.
For å gjere det heile litt meir spennande kan Tande/Dan-programmet vere "finalen", medan dei foregåande programma er utvelgelse. I dei programma kan det vere med nokon gode artistar òg. Dei kan kanskje få lov til å spele ein song. Dei som går vidare til finalen er sjølvsagt dei som får tyn av den store, sinte mannen. Med andre ord: dei eg ikkje likar. Dette blir annleis enn Idol. Folka der har stort sett berre problem med ungommelig overmot og lite sjølvinnsikt. I "Ikkje tru på haipen" er det folk som fortener det som blir skjelt ut. I slutten av programmet må dei danse jenka ut av studio til tonane av "La det svinge", medan dei trampar på platene sine. Utanfor studio får dei bank av Hell's Angels medan publikum applauderar.

Eg vil gjerne ha med: Thomas Dybdahl, Jå9 og Onkel P, Jim Stärk, The National Bank, Magne Furuholmen og mange andre oppskrytte, dritkeisame idiotar. Kom gjerne med eigne idear og forslag!

|

8. februar 2005

S rasar mot Hollywood

Eg likar mange teikneseriar, utan at eg trur at kan kallast serienerd av den grunn (ikkje at det hadde vore dumt, hadde eg hatt råd og tid skulle eg gjerne ha vore serienerd, eg). Ein av dei seriane eg har sett pris på er Hellblazer, om den litt forfylla antihelten John Constantine. Denne serien er ikkje alltid like godt teikna - men alltid godt skriven. Constantine og serien som heilskap må vel kunne karakterieserast som "erkebritisk". Vår mann er tidleg i førtiåra, magikar, glad i alkohol, har arbeiderklassebakgrunn, har problem med sosial omgang, har problem med autoritetar (både jordiske og andre), har mykje uflaks, og har endatil kreft i ein periode. Han er alltid kledd i ein sliten Bogart-frakk, røyker alltid Silk Cut, har fett, blondt hår og skjeggstubb. Han er kort sagt ein slask av ein utbrent underachiever. Serien er full av svart, britisk humor og spennande historiar som ofte har ein overraskande vri. Den kan kanskje skildrast som - ikkje magisk realisme - men demonisk naturalisme (det er mykje frimurarar, demonar, helvete og gamaltestamentleg skuld i serien). Det er mykje bedre enn det høyrest ut!

Denne serien hadde fortent ein mykje bedre og meir inngåande presentasjon og analyse, men det er ikkje poenget her. Eg har som vanleg eit problem: Det skal lagast Hollywood-film av teikneserien. Eg var innom heimesida til filmen og leste eit lite samandrag. Dei har sjølvsagt fucka opp alt. Så vidt eg kan skjønne er Constantine blitt redusert til ein slags "John the Demon Slayer", væpna med ein krossforma skytar. Det verste er imidlertid at det er den totalt talentlause fisen Keanu Reeves som skal spele hovudrolla! Akk! Akk! Akk! I rest my case.

|
S rasar igjen mot Platekompaniet

I det siste har det vore mykje fokus på daglegvarekjeder og anna pakk som tar i mot rabattar og smøring for å prioritere visse leverandørar med omsyn til plassering av varer på meir salsvennlege stader i butikken o.l. Det har til og med vore ei nesten-sak med Tine og Ica. Konkurransetilsynet har vore på hugget, og kjedane har fått mykje negativ omtale i media, ein snakkar om mafiametodar og tvilsam etisk sans, o.s.b. MEN: Kva med platebransjen? Platekompaniet sit i ein slik situasjon at dei kan presse ned prisen på platene dei kjøper inn frå plateselskapa. Dei trugar ganske enkelt med å ikkje ta inn plata i det heile, om ho blir for dyr. Dei platebutikkane som ikkje er i kjede (som Apollon i Bergen) har ofte opplevd å betale høgre innkjøpspris for ei plate enn kva Platekompaniet har som utsalspris! Med andre ord: det ville vere meir lønsamt for t.d. Apollon å kjøpe plata på Platekompaniet enn frå plateselskapet!

Eg trur vinsten for forbrukararne er veldig kortsiktig. To skumle ting kan skje: utvalet av plater blir dårlegare (eg veit at den jamne hop drit i det, men faen ta dei), og Platekompaniet kan etter kvart få monopol - og då tippar eg prisane kan finne på å stige att, om det framleis finst CDar då, men det er ein annan diskusjon! Heldigvis er det framleis slik at 45% av platesalet ikkje skjer gjennom kjedar - det tilsvarande talet for daglegvarer er 1% (kjelde: eit program eg såg på NRK1 i går - det same programmet som fekk meg til å rase no i det heile - takk til Asgeir som tipsa meg om programmet!).

Når det er sagt tykkjer eg likevel at det berre er Platekompaniet som har rett pris på plater. Eg kan lett gå med på at vi er eit rikt samfunn osb, men 180 kroner for ein CD er dyrt. Derfor kan eg rett og slett ikkje kjøpe alle platene mine på uavhengige sjapper, men eg prøver å nytte t.d. Apollon så ofte som mogleg. Eg fekk forresten tak i LCD Soundsystem si knakande tøffe debutplate på Apollon for ti kroner mindre enn kva ho kosta på Platekompaniet! Ta den, kapitalistsvin!

No har eg brukt opp alle utropsteikna mine.

|

2. februar 2005

S rasar mot valflesket

Det er vanvittig irriterande korleis dei ulike sidene i norsk politikk alt har byrja å manøvrere og posisjonere seg i forkant av valet. Dette minner meg om butikkar som heng opp juledekorasjonar i midten av oktober. Eg vil gjerne at dei ventar litt til med dette, og eg vil gjerne at nyhendemedia ikkje alltid må ha det siste utspelet som første sak i ei kvar sending, vere det seg radio eller fjernsyn. Det beste hadde vore om ein kunne ta det summarisk i slutten av sendinga, om lag slik: "Jens Stoltenberg seier at Kjell-Magne Bondevik er heilt teit, og at han er stygg på håret. Bondevik avviste dette, og hevdar på si side at Stoltenberg er den nye Stalin. Og no: veret."

Eg tykkjer dessutan det er ganske sjokkerande å høyre kor usaklege og barnslege landets toppolitikarar er i tonen når dei skal debattere. Få tilbake svart-kvitt-fjernsyn med piperøykande riksmålsknirkande, saklege debattar, ver så snill (Piperøykande debattar? No har eg høyrt det òg!)!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?