<$BlogRSDURL$>

24. mai 2005

S tar opp to ting omkring "draum"

1 (med fare for å framstå som ein fantasy-nerd). For eit par netter sidan drøymde eg følgande: Ein kompis av meg hadde ordna det slik at eg fekk vere med i eit black-metal band som trengde ein vikar på eitt av instrumenta. Eg gjekk gjennom Bergen på leiting etter NHH, der bandet av ein eller annan grunn skulle befinne seg. NHH hadde flytt inn i ei anna bygning som hadde dukka opp i skuteviken, om lag. Eg gjekk inn i resepsjonen og fann ein stor heis inst i ein gang. Inne i heisen, som var romsleg og hadde benkar, sat det to karar med skinnjakker og langt hår. Dei var i kvardagsklede, dvs. utan sminke og piggar. Stemninga var ikkje nett laus og ledig då eg sette meg ned i lag med dei. Eg hadde rett nok kledd meg i same slags klede som dei, men han eine karen tykte eg var for skjeggete, enda han hadde tjukt heilskjegg og eg berre sånn fyrvaktarskjegg under haka. Han var kanskje sarkastisk, men det skjønte eg først no.
Eg sat og lurte på kva instrument dei trudde eg kunne spele (Black-metal band plar jo vere ganske flinke til å spele, medan eg strengt tatt ikkje kan spele noko som helst skikkelig), då det fjerde bandmedlemmet kom inn og sette seg tungt på benken ved sida av meg. Dette var ein lang, tynn fyr i sølvgrå, gamal joggedress. Han hadde langt tjafsete hår, om lag som hjå ein ork. Han var faktisk ein ork, skulle det vise seg (eg tippar han var trommis). Han verka litt deprimert (meir enn dei andre), og han blei etter kvart nøydd til å forklare kvifor.
Her skifta draumen perspektiv til å gå føre seg i den middelalderlandsby-liknande heimbygda til orke-trommisen. Fortellarstemma hans blei illustrert av ein fint regissert "film", med gode special effects og overtydande sminke. Det viste seg at det gjekk ein demon laus i der heime. Denne såg ut som eit menneske med daudningefjes. Han kunne gjere seg bitteliten og snike seg inn i husa til folk, bli stor, og køyre eit taggete sverd gjennom ryggen på folk (eller orkar). I neste scene får vi sjå ein liten orkegut som sit på ei orkeseng i lag med orkepappaen. Vi kan sjå eit lite kryp som kravlar over senga - det er demonen! Heldigvis blir orkepappen var han, så han tar han med avisa.
Vi zoomar inn på avisa og ser demonen most som ei fluge. Avisa heiter "Orkeposten" og overskrifta er "Demon krøsta i Orkeby - faren over".
Eg vaknar diverre like etter dette, med ei kjensle av at vi ikkje hadde sett det siste av demonen.

2. Misbruk av ordet "draum". Det ovanfor er ein draum, etter mi meining. Viss nokon hadde spurt om eg har ein draum eg ønsker skal "gå i oppfyllelse", må eg svare nei. Ønske? Javisst! Plan? Kanskje. Draum? Nei! Draumar er absurde og ofte problematiske, og bør på ingen måte bli til røynd.
Eg skjønner sjølvsagt at "draum" er ein klisje, ein metafor for "ønske" eller liknande som har blitt standard. Eg likar det berre ikkje. Dessutan blir den for mykje brukt.

|

23. mai 2005

S nyttar høvet

Eg registrerer at denne bloggen har vore omtala på radioen. I tilfelle det skulle føre til at fleire menneske el.l. les han, så har eg noko på hjartet som eg lenge har hatt lyst til å fortelje så mange som mogleg på èin gong: VI VEIT AT VI HAR EIT SKJORAREIR I SKORSTEINEN!

|

11. mai 2005

S rasar mot tullete prioriteringar

Eg boikottar som ukjent Dagbladet. Eg les ikkje VG heller, men den er jo, i motsetnad til Dagbladet, eit vonlaust tilfelle. For eg VIL gjerne at Db skal vere ei god avis. Det hadde vore kjekt med ei god, populær dagsavis, men no har dei visst bestemt seg for å bli enda verre.
Best case scenario hadde vore om Db skreiv mindre om sport, hadde mindre hjernedaude "kulturnyhende" (einkvar som skriv om "Fagerstrand-Reidar" fortener å gå konk), skreiv meir inngåande (utan at nødvendigvis må vere keisamt) om utanriks og politikk, og tillot at avisa sine eigne skribentar fekk nytte nynorsk.
No når dei har sett seg nøydde til å foreta nedskjeringar på staben har dei tenkt å gjere set stikk motsette: Meir sport, mindre kultur, mindre nyhende. Eg kan godt forstå argumentasjonen som må ligge til grunn for at dei gjer det slik. Dei vil vel appellere til det breie lag av folket, gi dei det dei vil ha, osb. Men eg trur dei forreknar seg og at dei undervurderer lesarane (dei har jo gjort det lenge). Eg trur at dei vil tape enno meir på dette, og eg trur at dei som held fram med å lese Dagbladet vil tape på det. Dette er nok eit lite steg mot fordumming av samfunnet - ikkje sånn å forstå at Dagbladet er nummer ein i å setje tankemåtar og saker på dagsordenen, men dei utgjer nok ein del av eit heilskapsbilete.
Det er sjølvsagt mogleg at lavmålsjournalistikken til dagsavisene er eit resultat - ikkje av undervurdering av lesarane - men av at nivået på journalistane er litt så där. Noreg er eit lite land, det må jo vere grenser for kor mange briljante skribentar som finst. Stort sett opererer dei nok utanfor dagsavisene.

R.I.P Dagbladet.

- - -
Det er forresten interessant korleis "sport" blir mindre og mindre folkeleg (dette gjeld særskilt engelsk fotball - pur kapitalisme) samstundes som "sport" (og då spesielt fotball, noko som eigentleg er greit for meg då det er den sporten eg tradisjonelt har hata minst) blir via meir og meir tid og plass i TV og aviser.

- - -
Denne bloggen tek stendig meir form av å bli ein slags medikommentatorbloggdingsgreie. Vonleg blir det mindre av det og meir av noko viktigare i framtida. Om det fins noko viktigare.

- - -
Heimelekse: Analyser og samanlikn Bjarne Brøndbo (DDE) og Hank von Helvete (Turboneger). Grunngje og kom med døme.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?