<$BlogRSDURL$>

21. juni 2005

S frådar om munnen* i høve Clear Channel og breiflabb.

Clear Channel sine plakathaldarar o.l. finst allereie i rikt monn i Bergen by. Til dømes på bystasjonen og 2 stk. nær krysset mellom Nye Sandviksvei og Skuteviksveien (som eg går forbi kvar dag). Desse to heng på private hus, men huseigar har heilt sikkert måtta søke kommunen om lov, og fått det. Det er ikkje så veldig charmant med gamle Bergenshus (det eine er eit kvitt trehus) med store posterar i glas og råme på veggen. Men plakathaldarane er no ein ting. Det som er i dei er jo det verklege problemet. Reklame i seg sjølv er eit vonde, men dårleg og dum reklame er utbreidd og provoserande. Det finst morosame og smarte reklamer, men det vanlege er teite og kunstnarisk tilbakesatte ting. Av og til blir det til alt overmål** ufriviljug komisk.
Den posteren eg ser på veg heim er for tida ein frå McDonald's. Det er ein reklame for den nye Pita-Macen. Det uheldige/skremande/morosame med denne plakaten er at den avbilda retten ser ut som ein breiflabb-kjeft. Pita-Macen består av ei slags løfse (smakar visstnok papp, har eg høyrt) fylt med kjøt, dressing og diverse grøntfôr. På biletet ser kjøtbiten ut som ei grotesk tunge og løkbitane (?) og dressingen over og under ser ut som skeive og stygge tenner. Eg får rett og slett ikkje særleg lyst til å kjøpe noko som ser ut som det like godt kan ete meg, som eg dèt. Om de skjøner. Dessutan er jo pitaen gigantisk på desse plakatane. MacBreiflabb-monster - kjem og tek deg!

* Neida.
** Eg veit ikkje heilt kva dette tyder.

|

16. juni 2005

S rasar mot Coldplay

Kva er det eigentleg med Coldplay? Eg såg nett på NME.com at dei "are selling shitloads around the world" og at dei toppar listene både her og der. Greit nok, musikken deira er jo "fin" og sånn, men eg kan ikkje fatte og begripe korleis kan føle noko så sterkt for dette bandet at dei går hen og kjøper plata. For dei er jo KEISAME! Dei har ingen nerve, ingen verkleg gode melodiar (berre "fine"), ingen unik sound (U2+Keane+Travis), ingen spess god vokalist, ingenting, INGENTING.
Det einaste fine ein kan seie om Coldplay er at dei ikkje er veldig irriterande (bortsett frå "Yellow", den irriterte meg i si tid). Kanskje det er slik at folk likar best den musikken som berre sklir inn i bakgrunnen uten motstand. Heismusikk. Dinnerparty-musikk.
Eg kan ikkje seie så mykje om tekstane til CP, for eg har aldri gidda å høyre etter, men det verkar å vere vanleg kvasi-lidande, "sånt-band"-tekstar.
Det er ironisk at eit så uengasjerande band kan fyre meg sånn opp, but there you go. Eg vil ha dei iskalde eller brennheite. Dei lunkne taklar eg ikkje, i så stor grad at eg må skrive om dei.

Oppsummert:
Coldplay er SKIKKELEG MIDT PÅ TREET.

|

8. juni 2005

S undrar seg over "norsk kultur"

For det eg lurer på er: Kva er eigentleg norsk kultur (eller den norske kulturarven)?
Politikarar frå til dømes Framstegspartiet nyttar gjerne omsynet til norsk kultur som eit argument for å redusere innvandring o.l. Det er interessant. For det første av di Frp er blant dei mest kulturfiendtlege og kulturlause partia vi har, for det andre av di det eg forstår som norsk kultur ofte ikkje er så mykje å klaske ræva i taket for.
Nokre døme: Vi har den sokalla kristne kulturarven (KrF si kjæledegge), med kirka, protestantismen, bedehuskulturen, osb. Denne er i stor grad utdøyande (heldigvis) og i ferd med å bli erstatta av karismatiske sektar (diverre). Eg vågar å påstå at den jamne nordmann ikkje er spesielt prega av denne i kvardagen. Som ein avleggar av protestantismen følgjer kapitalismen. Vi er velsigna med enorme mengder blåruss som har hjelpt til med at magasin som Mann og FHM, og artistar som Postgirobygget, Bjørn Rosenstrøm et.al. har fått plass i den norske kulturelle sfæra. Her følgjer materialismen hakk i hæl.
Nokre stikkord: svenskehandel (for dei som bur på austlandet), campingvogn/hytte, bil, enda ein bil, samt ein "byjeep" (SUV), båt, fin kåk, osb.
I tillegg er vi eit folkeslag som femnar om slike vidunderlege og modige kulturelle uttrykk som røyndomsfjernsyn, Se & Hør, Her & Nå, Skavlan, Absolutt Underholdning og Dorthe Skappel (eit walking talking døme på essensen av det eg tenkjer på).
Eldre kultur (kulturarv): Nasjonalkjensla er bygd på hardingfele og austlandsbønder. Men: Folkemusikkdigging er ein nisjeting (diverre, props til Odd Nordstoga for å gjere den slags både bra og tilgjengeleg) og mesteparten av folk i Noreg i nasjonsbyggjingstida var lutfattige fiskarbønder langs heile kysten. Ingen austlandske storbondepampar med forseggjorte bunadar og rosemala interiør.
Ibsen: internasjonalt kjend dramatikar. Påverkand på dagens kulturhorisont: null (bortsett frå at folk av og til klagar på at det er for mykje Ibsen på instutisjonsteatera, i kulturspaltane i Dagbladet).
Vikingane: æresdrap, blodhevn, valdtekt, drap, plyndring. Kvite, avdøde utgåver av det Carl og Co. er redde for i dag.
Kongen: dansk.

Poenget mitt er at den norske kulturen ikkje er noko anna enn ein håplaus graut av eurotrash, sport (eg gløymte å sei noko om sport), svensktoppar, kvardagsmaterialisme og ei fascinerande blanding av mindreverdskompleks og nasjonalsjåvinisme (superiority complex).
Det er ikkje slik at eg ønsker vekk alt dette, for å erstatte det med "høgkultur" og slikt noko, men eg vil faen brette meg ikkje ha noko av at folk opphausar den "norske kulturen" og "den norske folkesjela" utan forbehold. Særlig!

|

6. juni 2005

S rasar mot utilstrekkjelegheita til språket
evt.
S rasar mot språkets utilstrekkjelegheit
evt.
S rasar mot språket si manglande evne til å strekkje til i samtale med meiningsmotstandarar
evt.
S rasar mot sine eigne problem med å ordleggje seg, vere det seg munnleg eller skriftleg
evt.
S slit med ord
(eg tar den, eller:)
S slit med det faktum at folk ikkje snakkar same språk
(genug!)

Har de nokon gong vore i krangel/diskusjon med nokon "frå ei anna planet"? Eg meiner slike folk som er såpass ideologisk og språkleg frå ein annan galakse at dei verkar til å ikkje ein gong forstå kva du seier - i så stor grad at det blir umogleg å diskutere noko som helst. Eg prøvde til dømes (på ein pub for nokre veker sidan) å forklare for ein person (som rett nok var full og dum) at "verdiar" ikkje nødvendigvis var det same som "pengar", men det gjekk ikkje inn.
Eg ser at liknande skjer i til dømes debatten om reklameboards og slikt noko i Bergen (i aviser, oa.). Dei som er for snakkar eit anna språk enn dei som er mot. Eg har ikkje så god greie på språkteori og sånn, liksom, men: Skapar språk røynd? Er det til dømes nokon særleg vits i å avsløre "maktspråket" som nyttast i næringslivet når det ikkje endrar noko på det ideologiske planet? Vi skjønnar jo at dei er ute etter å lure oss og å setje seg over dei som ikkje er "in the know", men det visste vi jo frå før av. Dei tenker vel berre "Oisann! Ferska, gitt! Da får vi finne på noe nytt. Høhøhø."
Og når presidentar og statsministerar nyttar omgrep som "militær aksjon", men meiner t.d. "drepe muslimar" - er det nokon som ikkje skjøner at det er det dei eigentleg meiner? Eg trur folk forstår. Eg trur ikkje det er språkbruken som avgjer, men om ein er for eller mot. Språket "bidreg" berre med å ta livet av all debatt. Det fungerer som eit røykteppe, som eit skalkesjul, og det er fånyttes å gjennomskue det for det kjem berre meir.

Dette i høve at eg har munnleg eksamen onsdag. Då kjem eg til å prate for å få det til å høyrest ut som eg kan meir enn eg eigentleg gjer. Men her har det diverre konsekvensar om eg blir avslørt.

S rasar mot keisame, rotete og overpretensiøse blogginnlegg

|

2. juni 2005

Ny heimelekse

Analyser og samanlikn Wig Wam og Turboneger, musikalsk, etisk-moralsk og utsjånadsmessig. Ta for dykk deira aktuelle single-låtar og grei ut.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?