<$BlogRSDURL$>

29. juli 2005

S rasar mot:

(med fare for å framstå som ein surpomp)

1. Å krysse fisketorget i solsteiken, midt på sommaren, fullt av turistar (som gjer som turistar gjer), opp til anklane i slimete krabbevatn, med nye, svindyre, men glatte sko. Er det slik at ein blir fantastisk dum av å reise til eit anna land, eller går italienarane og spanjolane rundt som ein folkeskikklaus, apatisk saueflokk heime også?

2. Folk, vere det seg turistar eller lokale tullingar som STIMLAR RUNDT idiotar som syng/dansar/sjonglerar/mimar/spelar/står heilt stille i gulldrakt. "Å! Her er det eit par tonedøve amatørar som spelar gamle Van Morrison-sangar på trekkspel! La oss samle oss i ein stor halvsirkel og daske hendene våre mot kvarandre av og til! Men hugs at vi er for gjerrige til å gi nokon pengar, alle saman! Og hugs regel nummer ein: Sørg for å stå i vegen for folk!" I dag såg eg ei norsk dame som dansa flamenco (ikkje spesielt bra, så vidt eg kunne vurdere det) for nokre spanjolar på Bryggen.

3. Idiotar som syng/dansar/sjonglerar/mimar/spelar/står heilt stille i gulldrakt.

4. "It's never issi"

5. Jente-"rock" i sjangeren Avril Lavigne, Alanis Morisette, Anouk, Marion Ravn (spy), Lilyjets, Venke Knutson, osb. Denne sjangeren har tatt over som mitt nye musikalske hat-objekt numero uno. Dette er popmusikk kamuflert som rock. Problemet er berre at det er popmusikk utan "hooks", eller kætsji melodiar (bortsett frå Sk8r Boi med frk. Lavigne, den har ein melodi). Det vi får er banale tekstar om svikefulle gutar, klare seg sjølv, og astronomisk irriterande musikkvideoar, der sangerinna ser innbitt ut og ramponerar rommet sitt i slow motion (frk. Skjor). "Jammen slutt med å sjå på Svisj, då!" seier kritikarane. "Få deg eit liv!"

6. "It's never issi"

7. Folk som brukar for mykje tid og pengar på utsjånaden sin, men som likevel ser heilt jævlige ut, av di dei er smaklause sossar.

8. Folk som svarar "George Bush" på spørsmål av typen "Hvem er teitest i verden, lizzom?", utan at dei faktisk VEIT kvifor dei svarar det. Og slike blad/aviser/fredagsbilag der ein kan tenkjast å finne slik genial journalistikk.

Dette gleder eg meg over: masse bra filmar på kino for tida (såg Batman Begins, den var bra, skal sjå Sin City i kveld), fint vèr, fri, og at MI får masse dårleg PR.

|

5. juli 2005

S tar ei arguktidpause, sjølv om det strengt tatt alltid er agurktid på denne bloggen.

I kommentarfeltet kan de skrive om artige eller frustrerande ting som har skjedd dykk i sommar, så kan vi alle sjå tilbake på det i haust og le og prise oss lukkelege for at sommaren er over. Ikkje at det har vore noko til sommar enda, men.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?