<$BlogRSDURL$>

13. september 2005

S gratulerar M

med dagen! Hurra for M!

S gratulerar alle

med raud-grøn valseier! Hurra for raudt/grønt!
(men raudt+grønt blir brunt! Hyl!)

|

7. september 2005

S rasar mot politikk

Eg var så lur at eg tok og førehandsstemte. Av den grunn har eg kunna late vere å sjå på valgprogram på TV, høyre på dei på radio, lese om valg i aviser, på internett og i blad. Det lisje eg har fått med meg har overtydd meg om at det var lurt av meg å halde meg unna. Er det rart folk tykkjer politikk er keisamt (dumt=gørr)? Og kva er alt dette med "enkeltsaker"? Det er lite som intresserar meg mindre enn "enkeltsaker" i ein slik samanheng, det er vel det store biletet som er viktegast? Til og med FrP har sikkert ei enkeltsak eller to som eg i teorien kunne seie meg einig i, men det er då vel for faen heilt irrelevant? Spennande blir det, uansett!

Elles vil eg rase mot at pensum er større enn kva eg er van med, og mot nokre franske teoretikarar eg har vore bort i i det siste. Spesielt han derre Gaston-fyren.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?