<$BlogRSDURL$>

29. november 2005

S ytrar seg fritt

Dette er i høve ein av mine kjepphestar: ytringsfridomen - eller kanskje ikkje så mykje ytringsfridom som anti-sensur. Etter mi meining skal det heilt utruleg mykje til for at ei ytring el. l., i til dømes ein tale, ein roman, eit dataspel, eit TV-program, ein debatt, eit teaterstykke, ein film, eit dikt, ein sangtekst, eller kva som helst eigentleg, skal kunne sensurerast. Grunnen til dette er som følgjer: Kven skal bestemme kva som er lov? Er det Ingeborg-Moræus Hanssen (jf. filmen Crash)? Er det dei geistlige? Politikarane? Eit departement? Høgsterett? Kva er det som gjer at ein eller fleire av desse instansane er skikka til å ta ei slik avgjerd? Om det var opp til visse menneske, så ville lang fleire ting vore sensurerte enn det som er tilfelle i dag. Eg må innrømme at dette er ei så viktig sak for meg at eg ser raudt og mistar evna til å vere sakleg om eg kjem i debatt med nokon som ikkje er einige med meg i (her kunne eg ha lagt inn ein anekdote om ein "diskusjon" eg hadde med ein av mine gamle lærarar frå barneskulen om videovold, då eg som attenåring vende attende til den gamle skulen min for å jobbe nokre veker som lærarvikar, men eg lar vere).
Av og til blir mi sterke overtyding sett på prøve. Eit nyleg døme på dette er saka i Sverige, der ein pinse-pastor nett har blitt frikjend for å hetse homofile. Her er ei lenke til dommen frå svensk høgsterett. Eg må umiddelbart få skyte inn at eg tykkjer den tiltalte pastoren er søppel av verste slag. Han representerer nett den mennesketypen som eg har mest problem med. Det er ingen tvil om at vedkommande er ein reaksjonær ape av ein forstokka, sjølvgod, fordømmande, hyklarisk, bedriten skjetpose. Men: sjølv om han har uttalt grusomme, skadelege, fornedrande og hatefulle ting, så vil eg hevde at han kan. At du kan er imidlertid ikkje det same som at du skal eller bør. Ei god samanlikning her er kanskje den saka med den danske avisa (hugsar ikkje kva avis - gidd ikkje gjere research) som inviterte teiknarar til å framstille profeten Mohammed i sidene sine, gjerne karikert. Dette var heilt klart ein bevisst provokasjon, respektlaust, dumt, plumpt, stygt og unødvendig. Eg aksepterar at avisa hadde rett til å gjere dette, men ikkje i at dei faktisk gjorde det.
Poenget mitt er at det er andre mekanismar enn sensur som må tre i kraft for å møte ytringar som er smaklause, hatefulle, provoserande og respektlause. Fordøm gjerne, ta avstand, debatter, gå til angrep med same mynt (skjell ut), kva som helst, men ikkje sensurèr.
Det eg ikkje har kome inn på her er kor grensa skal gå. Er alle ytringar lov? Det finst ting eg ikkje vil høyre, og som eg ikkje vil andre skal høyre. Til dømes Vigrid (o.l) sin sjuke nazi-propaganda (som eg kanskje ville ha godt av å kjenne til - know your enemy, like). Men eg trur ikkje eg har retten til å vere moralsk dommar over kor grensa skal gå, og det forundrar meg at nokon føler at dei kan avgjere dette. Eg veit at mange er lite samde med meg i desse spørsmåla, men.

(Eg føler eg skuldar å tilføye at mykje av irritasjonen min kjem av hendingar der sensuren potensielt rammar meg direkte. Eg blir rasande når eg tenkjer på at t.d. det underhaldande (men valdelege) dataspelet GTA San Andreas blei fjerna frå visse butikkhyller, og at Life of Brian i si tid blei nekta vist i Noreg. Psykoanalytisk sett trur eg heile greia kjem av at eg ikkje fekk sjå Twin Peaks då eg var liten.)

|

23. november 2005

S jublar

Eg er no ferdig med å skrive mine fire obligatoriske semesteroppgåver (tre i mappe, og ei utan). Eg har mast, til alle som ikkje vil høyre, om kor utruleg mykje det var å skrive, "ei halv masteroppgåve på eitt semester - det blir ein heil master på to!" osb. ad kvalmum. Men faktum er at det var faktisk ikkje så hakkande gale arbeidsmengde, dessutan veit eg om noken folk som har skrive mykje større, vansklegare og viktigare ting på mykje mindre tid. Til dømes den flinke kjærasten min, som eg har vedda på kjem til å få ein god karakter på hovudoppgåva ho nett har levert etter knallharde dagar og netter med skriving, ruteknusing, svevnmangel og ymse anna dramatikk (elegant setning, må eg seie).

Og no: julegåvehandling. Eg må kome tidleg i gong, veit eg, elles blir det trøbbel. Men ikkje denne veka. Seinare.

(Folket gispar i ærefrykt over nok eit sviande samfunnskritisk blogginnlegg frå S sitt skarpe tastatur. Korleis kan han vere så innsiktsfull, kunnskapsrik, syrleg og smart, og samstundes vere ein slik poet og humanist? Godt spørsmål! Ikkje er han sjølvoppteken, heller.)

|

16. november 2005

S skubbar

posten under nedover, i og med at den brått blei veldig lite aktuell (no snør det). Eg vonar den held fram med å vere upassande. Dessutan har eg innsett at det er lite formålsteneleg å til ei kvar tid skrive om kva vèr det er.

Apropos disse kreasjonist-galningane. I dag høyrte eg på radio ein reportasje om Kreasjonist-Evolusjonist-krangelen som for tida går føre seg i Junaiten. Det var ganske skremande høyrnad, heilt til innslaget blei avslutta med følgande info: Det er sjølvsagt utenkjeleg for dei langt fleste skulane i USA å skulle innføre Kreasjonisme som ein del av naturfaget i grunnskulen. Eg, med alle mine føredomar, blei nesten litt overraska av dette, men, må eg seie, også svært letta. SO galne er dei faktisk ikkje der borte.

|

14. november 2005

Dikt

REGN
En er en, og to er to -
vi hopper i jævlig mye vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper som faen fra tak,
tikk, takk,
det regner noe så inni helvete i dag.
Regn, regn, regn, regn, regn, regn, reg, regn, regn, REGN, REGN,
øsende helvetes regn,
pøsende forpult regn,
regn, regn, regn, regn,
jævlig og vått,
avskyelig rått!
En er en, og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag. indeed.

|

8. november 2005

Medan eg er i bloggehjørnet

vil eg gjerne få nemnt at dette er storslagen moro. Timevis med underhalding, in fact.

|
S rasar mot at TTT

Ting tek tid, heiter det. Og det er jaggu meg sant. Eg er stor fan av den inni hampen brilliante japanske teikneserien Blade of the Immortal, men eg slit litt med han. Dei første 14 bøkene (omsett til engelsk, eg forstår ikkje japansk) kjøpte eg på Amazon, i ganske rask rekkefølgje. Men den femtande boka har eg venta på i nesten eit halvt år. Eg har nett funne ut at den kjem først i februar. Det er veldig lenge å vente for ein dedikert tilhengjar. Det verste med heile greia er at neste bok etter det igjen ikkje kjem til å kome før nærmare desember 2006! Med tanke på at desse bøkene nesten alltid sluttar med ein jævel av ein cliffhanger, blir ventinga nesten ikkje til å halde ut. Når det er sagt vil eg likevel gjerne anbefale serien på det sterkaste (trass i at ein ikkje får vite kor det går på ein del år til - det kjem til å kome over 20 bøker, i eit tempo på 1 til 2 i året. Grem). Karakterteikningane og kunsten er noko av det beste eg har sett i ein teikneserie, ever! Les gjerne om Blade på Wikipedia, med ver forsiktige så de ikkje får med dykk for mykje av plottet. Det vil de angre på om de byrjar lese serien. Bøkene er forresten litt dyre (spesielt på Avalon, Amazon er faktisk billigare trass i frakta), men absolutt verdt det. Dei er forresten ganske (heilt utruleg, faktisk) valdelege også, men det er berre kjekt.

Heldest driv eg berre og skriv og skriv og har sjeldan nokon sosial omgang med nokon utanom universitetet. Skrivinga er den andre tingen som tek tid.

|

1. november 2005

Det var noko anna!

Eg tykkjer dette er ein god idè!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?