<$BlogRSDURL$>

12. april 2006

S ønskjer god påske

med ei spesiell helsing til alle dei egoistiske, naive, lettlurte, innbilt "fornuftige", usolidariske, hjartelause og STYGGE FrP-veljarane der ute.



Lurer på kor mange FrP-veljarar som les denne bloggen. Sikkert kjempemange.
Kanskje ikkje verdas mest målretta og effektive kampanje dette. Hmmm.

Eg prøver igjen:

S ønskjer god påske

i sær til dei som ikkje stemmer FrP.

|

8. april 2006

S rasar mot IDIOTANE

Kven i svarte, forpulte, rykande helvete er det eigentleg som driv og truar med å stemme på FrP? Kvar gong eg høyrer om dei nye tala på nyhendene så kjenner eg det knip ilt i brystet på meg. Hjartet mitt gret! Det er så ein får lyst å dra på seg Guy Fawkes-maska (eller kanskje Gjest Baardsen-maska, eller?) og drive litt faenskap.
Nokre viktige ting å hugse på:
1. Sjølv om FrP finar og fjeskar seg, så er dei framleis ein gjeng med jævla facistar.
2. Sjå punkt 1.
3. "Sunt folkevit" meg i ræva!

|

3. april 2006

S mimrar om då MTV var ei undergravande og vital kraft i medieverda (eg overdriv)

På nittitalet hadde MTV eit program fredagsnatta, frå 12 til 03 (trur eg) som heitte MTV Party Zone. Dette høyrest temmeleg banalt og Scooter ut, eg veit, men det var faktisk ganske bra, i alle fall av og til. Eg oppdaga mange gode elektroniske band der, som Hextatic og Underworld. Ein gong hadde dei ei spesialsending som i heilskap var vidd til designarane/musikarane/kunstnarane i EBN - Emergency Broadcast Network. Dette var tøffe greier, politisk subversiv og morosam videokunst med knalltøft soundtrack. Etter denne spesialsendinga høyrte verda svært lite til EBN, trass i at dei faktisk varma opp for U2 på ein av deira turnear (det luraste Bono har gjort var å invitere dei med). Takka vere Wikipedia fann eg no ein av dei gamle videoane deira, på heimesida til han som var leiaren i bandet. Video utan lyd, eller lyd utan video er meiningslaust med denne gjengen. Sjå også The Voice - ikkje fjortismusikkanalen!

|
Nye meiningar og oppfattingar har akkumulert hjå S. Dei liknar nok ganske mykje på ting som han har meint og syntest tidlegare, men synsing er likevel livsblodet i denne bloggen, så her kjem meir:

Norsk musikk er framleis ikkje bra. Eg veit om nokre unntak, men dei blir ikkje spelt på radio. Radio likar ikkje sånn musikk som eg likar. Det er ikkje snakk om spesielt sær eller "løynd" musikk heller, den blir meld i avisene og alt mogleg. Menmen, eg er her for å snakke om musikken som faktisk blir spelt på radio. Den er slik: Artisten er ei ung jente/kvinne. Unntaket (?) er Sondre Lerche. Alle nyttar døypenamna sine, same kor trauste dei er. Artisten spelar gjerne gitar eller piano, og kompet er i all hovudsak (pseudo-) akustisk. Vanlegvis vil ein finne at dørgande keisam, personleg sentrallyrikk er det som går att i tekstane. Melodiane og arrangementa er stort sett "fine" og litt catchy. Denne vasne, lamme, "fine", dvaske, slappe, middelmåtige, bedritne musikken er det dei spelar på radio. Den einaste som får gå fri er Marit Larsen, for sjølv om ho - og sangen hennar- liknar veldig på det som er skissert ovanfor, så er det ein viktig skilnad: låta hennar er supercatchy, og (takk GUD) up-tempo.

A propos: Den nye sangen til DumDum Boys (Ptre sitt middelaldrande rock-alibi) er heilt jævlig, og utruleg dum. Men så har jo DDB alltid vore noke skit, ha ha ha!

Tony Blair must go.

|
S er ikkje udelt glad

for denne saka her. I utgangspunktet hadde eg tenkt å presentere dette som ei nynorsk-gladsak, men etter å ha lese artikkelen blei eg litt meir i tvil. Dette er diverre ein "kuriositet-artikkel", dvs. her har vi ein innvandrar (minoritet/kuriositet (framleis)) som er glad i nynorsk (minoritetsspråk/kuriositet (diverre)). Dette blir jo dobbelt rart! I tillegg kjem denne fine, nasjonalsjåvinistisk lada leksa (pun intended) frå adjunkten som er læraren hennar: "- Hun har på rekordtid satt seg inn i både norsk språk og norske samfunnsforhold. Hun tenker norsk helt og fullt etter å ha bodd bare tre år her i landet". Fint, då vil ho i alle fall ikkje bli nynorsk-terrorist.

Fryktleg mykje parentesar som ligg og sleng i postane mine, som symmetriske bananer overalt! Eg er lei for det.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?