<$BlogRSDURL$>

30. mai 2006

S er imponert

Sjå, kor stilig: kritteikningar.

|

23. mai 2006

Leppetid













Prodigy, Skatebård, Gunnhild Øyehaug. Eg såg nokre andre platecover hin dagen, som også hadde lepper, men hugsar ikkje kva band. Er det andre som har leppebilete?

|

22. mai 2006

Bitter ironi i praksis

|

13. mai 2006

Fint skilt i Førde

I følgje min medarbeidar i Sunnfjord har dei no dette, store, skiltet på Firda Billag:

FØRDE'S "BESTE" SOFT IS?

|
S rasar mot dikotomitenkjinga

Eg såg nett ein plakat som annonserte ein utdanningsdebatt mellom broiler1 i hhv. Høgre og SV. Temaet var "ELITE vs. Demokrati". Dette fekk meg til å tenkje på kulturdebatten for ei tid attende, der "finkulturen", ved Linn Ullmann, stod imot "breiddekulturen", ved Trond Giske. Etter mi meining er motsetnaden mellom "eliten" og "folket" totalt kunstig.
Eg må ta forbehold om at ikkje har tenkt å gå på den ovanfor nemnte debatten. Det kan godt hende den er nyansert og interessant, men den blir nok, som vanleg, for polarisert til å vere særleg givande. Eg likar best debattar der deltakarane er meir eller mindre einige i utgangspunktet. "Løysingsorienterte" debattar, lzm.
Poenget mitt er uansett at det ikkje finst nokon motsetnad mellom elite og demokrati i ein utdanningskontekst. Faktisk må det vel kunne seiast - omvendt - å vere udemokratisk med lågt utdanningsnivå. Politikk er faktisk komplisert og det er latterleg å tru at det kan reduserast til enkle størrelsar som alle kan forstå. Utdanning og innsikt er demokratiske føremon. "Elitistisk" nytta som eit skjellsord av t.d. FrP er eit billig retorisk verkemiddel som skal skape "dei-mot-oss"-stemning hjå veljarane. At det i tillegg skaper "dei-mot-oss"-stemning hjå dei som faktisk ser på seg sjølv som ein kulturell eller intelektuell elite er jo ein bonus for FrP. Eg tenkjer på slike som ho brødhaudet nemnt ovanfor, som går rett i fella.
Det ironiske er jo at FrP kan kallast "elitistiske", dei og, i.o.m. at dei byggjer på ein (dårleg) skjult raseideologi der den kvite rasen og den norske kulturen er best. Det er faktisk ekte elitisme, i form av rasisme. Now, stick that in your fuse box!

|

5. mai 2006

S kvir seg til år 2020

Eg sat nett og såg gjennom ein biletserie på Dagladet.no om Carl I. Hagen (why?). Eg fekk ei litt ekkel kjensel av at desse bileta kjem til å finst i Hagen-templelet ved hovudkvarteret til FrP (i 2020 kjent kun som "Partiet"), og at det vil vere obligatorisk for skuleklassar o.l. å gå på utstillingar med bileta - for å kjenne Partiet og den store leiaren si historie, i mot- og medgong.

|

2. mai 2006

S har heimeeksamen

For ein gongs skuld kjennest det nesten ut som eg har fulgt for godt med i timane. Eg veit så mykje om faget eg har heimeeksamen i at eg ikkje anar kor eg skal byrje, eller korleis eg skal klare å avgrense det eg skriv om. Jaja, det kunne vore verre. Det kunne til dømes ha vore val i dag.

|
S er litt i tvil.

Han derre Fugelli er ein motig fyr, og eg heiar heilt klart på han i kampen mot FrP (Sjå! S nemner eit bestemt politisk parti ved namn!), men på den andre sida - viss det var ein FrP-politikar som nytta kyrkjerommet til å sei det han eller ho meinte ville eg jo blitt dritsur. Ikkje at det er så mange som går i kyrkja lenger, uansett, så det er vel ikkje så big deal.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?