<$BlogRSDURL$>

13. juli 2006

S rasar mot gamle sullikar

Berre så det er sagt: The Rolling Stones er kammar. Dei som har betalt fleire tusen kroner for Koengen-billettar på svartebørsen må vere lettare psykisk utviklingshemma.

|

11. juli 2006

S rasar mot at VM er slutt

Artig nok, sidan eg stort sett er totalt fotball-likesæl. Før VM byrja hadde eg planar om å følgje litt med på vårsesongen til Brann, sidan dei såg ut til å gjere det skarpt, men klarte ikkje heilt å engasjere meg (det blir ikkje mykje lettare no) - derfor overraska eg meg sjølv veldig då eg endte opp med å sjå i alle fall 25 kampar (av 64(?)). Det er fleire fotballkampar enn eg har sett, til saman, dei siste 4 åra.

At Israel bestemmer seg for å feire avslutninga på VM med å ta livet av fotballspelande palestinske tenåringar klarer eg ikkje å sei noko samanhangande om. Men eg kan nemne at eg såg i BA i dag at redaktøren av Israels Røst* meiner at det er Guds straff (!) at mange norske medier er kjøpt opp av utanlandske investorar. Dette av di norske journalistar er så negative til Israel. Eg lurer på kva Jahve har på lur til norske bloggarar.

*Rekk opp handa alle som har høyrt om magasinet Israels Røst! De kan få sitje fremst i klasserommet i lag med dei som hadde høyrt om Magazinet før den derre teiknegreia.

|

6. juli 2006

S rasar mot ein bestemt type menneskje

Dette er ein sjølvrettferdig, egoistisk, småleg og negativ greie, som eg berre må rase ut: Eg hatar "stating-the-obvious-folk", slike som seier det underforståtte, det som alle tenkjer, det som alle kan resonnere seg fram til sjølve, det som øydelegg spenninga og steminga, det som tek lufta ut av ballen - dei som forklarer vitsen i hjel, dei som gir heilt unødvendige ordrar og beskjeder.
Eg veit vel at alle kan kome i skade for å gjere dette av og til, meg sjølv (for høgfrekvent) inkludert, men det er nokre som ALLTID gjer det. Toskar.

S rasar mot Israel, USA og Siv.

No er det eg som statar det obviusse. Men det må med!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?