<$BlogRSDURL$>

28. desember 2006

Artig:

http://www.bbc.co.uk/science/humanbody/sex/add_user.shtml

(og nei, den har ingenting med "sex" som i rumpy-pumpy, onka-onka å gjere - snarare "sex" som i "kjønn" eller liknande. Judith Butler har tatt testen - heilt sant!*)

* "sant" som i "ikkje sant", ev. "blank løgn"

|

20. desember 2006

God jul!

|

6. desember 2006

S prøver seg som naturvitskapsmann

Eg har ein teori som eg har utvikla og sampla empiri på i mange år. Den har med klimaendringar å gjere. Stadig får vi høyre om tempraturar som ikkje stemmer overens med årstida, osb, osb. Kan det vere av di sjølve årstidene ikkje stemmer? Etter mi meining har vinteren dei siste åra vart frå januar til april. Sommaren i år kom seint i gang, men held på langt ut i september. Og no er det framleis haust i desember. Kvifor? Jau, fordi årstidene har flytta seg. Eg blir ikkje overraska om ein eller anna astronom finn ut at "jau, jorda sine røyrsler har endra seg, den bikkar no over to-tre månader seinare enn kva den gjorde for femti år sida", eller noko slikt.

Spørsmålet er om dette då eventuelt er ein lettelse for klima-nervøse jordbuarar. Kanskje ikkje.

|

5. desember 2006

S lurer på kva klasse han tilhøyrer

I det siste er det opptil fleire eksemplar av arten "skråsikker sosiolog" som har sagt kva dei meiner om klasseinndelinga i Noreg (døme). Grovt sett kan vi dele det opp slik: På den eine sida, ein elite som jobbar med kultur, kjem frå pengesterke heimar og stemmer SV. Dette er "den skjulte/nye overklassen". På den andre sida har vi FrP-segmentet. DNA blir kanskje så vidt nemnt, eg hugsar ikkje. Den nye overklassen tykkjer synd i dei fattige og vil belære dei (i alle fall kulturelt) og snakke for dei, får vi høyre. FrP-gjengen, på si side, har ikkje tid til kultur, men jobbar heile døgeret for verdiskaping, mat på bordet, osb. Det er to ulike sett med "verdiar" som står mot kvarandre, visstnok.

Men kva med meg, då? Eg, og svært mange som eg kjenner, høver veldig dårleg inn i dette biletet. Sjølvsagt er det ikkje overraskande at slike analysar har unntak og avvik, men eg tykkjer likevel det er verdt å rase litt om dette. For det første: eg driv og skriv ein Master i Engelsk litteratur, om teikneseriar. Det ser ut til at eg blir nøydd til å jobbe med kultur, om eg skal få meg ein jobb som høver med utdanninga mi. Men eg er jo heilt føkkings blakk. Eg lever på eit kjempestort lån, eg kjem frå ein heilt ordinær (DNA-stemmande), og då eg var barn, relativt fattig familie, og eg har kanskje ikkje verdas beste jobbutsikter - det er med andre ord godt mogleg at eg kjem til å halde fram med å vere fattig (dessutan har eg ein deltidsjobb i helse og omsorg. Eg er proletar så det held). Og, ja, eg stemmer SV. Meir av ideologiske enn praktiske grunnar; i kvardagspolitikken ser ein jo lite av den antatte ideologien. Og eg tykkjer FrP-segmentet har dårleg smak. Men det er ikkje berre smak og kultursyn det handlar om. Eg tykkjer at mange innanfor den gjengen (som er ein stadig større del av folketalet) har dårlege verdiar - ein antisolidarisk tankegang og fokus på pengar. Ikkje berre i form av personleg vinning, men pengar som ein styrande og heilag fetisj på samfunnsplan. Og nei, eg er ikkje Marxist. Denne tankemåten er etter mitt syn del av eit større bilete, der kulturen er ein del av det heile. For kva er eigentleg kultur? For mange, og då spesielt dei mest typiske medlemmane av "den skjulte overklassen" (eg tvilar ikkje på at den finst, eg tykkjer berre det er ei dustete avsporing å fokusere særleg mykje på den - det som plagar sosiologane er at blå folk stemmer raudt, trur eg), er kultur ofte ein elitistisk "samtale". Samtidskunst innanfor skulptur og malekunst skal kommenterast, namn skal droppast, og andsverk skal kjøpast og seljast. Men dette er gamle og ganske uproblematiske (skjønt litt kvalmande) mekanismar. Ikkje noko å snakke om.

Kultur slik eg ser det, derimot, er noko ganske anna. Eg skal ikkje snakke for mykje om kva kultur "er", for eg har ikkje så veldig kontroversielle synspunkt der (film, bøker, teikneseriar, teater, det vanlege - bortsett frå sport. Sport er sport.). Men kva kulturen inneheld, jau det er ei anna sak. Etter mitt skjønn er kultur del av ei form for folkeopplysing. Ein gong i tida blei folkeopplysing sett på som eit udelt gode - i dag er det arrogant og nedlatande å ville at folk skal vere danna og utdanna, sjølv om alle veit at samfunn med høgt utdanningsnivå jamnt over ligg mykje bedre an enn samfunn med lågt utdanningsnivå. No er det slik at ein er ferdig å lære og tenkje i det ein er i stand til å tene pengar.

"Og nåde den sølvskei-i-munnen-kommunistjævel som prøver å fortelje meg at eg kan og bør lære noko av det eg ser på TV eller i bøker (men eg les ikkje bøker) eller på kino (men kino er så dyrt) eller ser på teater (teater! Ha, ha!) eller i tidsskrift (meiner du Se&Hør?), aviser (VG), osb. Nei, alt eg treng vite lærer eg av å sjå på 'Deal eller No Deal' på sjefolainen-kanalen TV2. DER har vi eit program med gode verdiar: gambling, spenning, babes, roping, og, i botnen av det heile, pengar. My favourite!"

I det heile teke kjenner eg meg ikkje som medlem av nokon overklasse, men som ein av svært få i ein vonlaus kamp* mot ein kvelande kompakt majoritet av idiotar.


*Kamp og kamp, fru Blom. Eg bloggar litt, av og til.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?