<$BlogRSDURL$>

30. januar 2007

S søker likesinna

Dette er noko av det beste eg har høyrt. Sjølv har eg tenkt denne tanken i mange år. Kvifor ikkje gjere det same i Noreg? Eg er med!

|

29. januar 2007

S rasar mot debatt

(først må eg opplyse om at den følgande posten nok hadde vore noko bedre om eg hadde hatt Morgenbladet i hende. Men det har eg ikkje, ei heller abo-koden som ein treng for å lese MB online)
Som innleiing vil eg dra fram ein gamal kjepphest: "saklighet". På Arne Næss sin 95-årsdag, sist laurdag, var det ein professor i salen som beklaga at Næss sitt "livsverk", forbredande prøver, var blitt "rasert", bl. a. av Kvalitetsreformen. Eg er så heldig at eg har tatt gamaldags ex.phil. her på UiB. Dvs. eg var så heldig at eg strauk første gongen og berre så vidt sto den andre (og eg driv og studerer enda, jaja). På den tid var strykprosenten høg, og eg, for min del, var meir oppteken av min nye fridom, drikking, drikking og soving. Samt drikking. Likevel fekk eg med meg delen om saklighet i Arne Næss si "Noen elementære logiske emner" - og akkurat desse punkta gjorde eit visst inntrykk på meg. Eg var ikkje spesielt samfunnsorientert på denne tida (drikking etc. var meir interessant), men eg hadde likevel fått med meg mange politiske debattar, og andre debattar, på TV og i aviser. "Tenk", tenkte eg med meg sjølv, "om politikarar og andre heldt seg til desse reglane." Men eg skjønte vel allereie då at det i beste fall var ønsketenking (FrP sin blotte eksistens er vel nok til å forpurre dette). Det som er verre, og som eg har irritert meg over i mange år no, er at professorar og andre universitets- og høgskulefolk er like galne som politikarane. Dette har dradd ned nivået på mange diskusjonar og meiningsutvekslingar i t.d. Morgenbladet.
Og så til poenget, eller poenga:
1. Elster-debatten, som etter mitt syn er ein relativt (men ikkje enormt) viktig debatt, har blitt skitna til av personangrep (usakleg), som til dømes å stille spørsmål ved meiningsmotstandarane sine akademiske ferdigheitar på generelt grunnlag og med tvilsamt belegg, og stråmannsargument (usakleg), som "han meiner det og det, og det er feil". Nokre siterer nærmast motstandarane sine argument med hermestemme og trur at det i seg sjølv er god argumentasjon. Tonen jamnt over har dessutan bere preg av å vere temmeleg fiendtleg.
2. Denne debatten har oppstått på eit relativt tullete og feilslått grunnlag. Poststrukturalistiske tilnærmingsmåtar og metodologi er i første rekkje reiskapar for humaniora, på same måte som naturvitskapleg metodikk høyrer heime i naturvitskapen. Eg innser at samfunnsforskinga (som er det Elster driv med) kanskje ligg ein stad midt i mellom, men det burde etter mitt skjønn borge for eit symbiotisk syn på tilhøva, heller enn ein slik isfront.
Det er klart at dekonstruksjon (for å ta eit sentralt eksempel) er ubrukleg som metode for å analysere resultat av fenomen som kan oppstå i ein partikkelaksellerator, men anvendt på ein skriven (litterær) forskingsrapport, kan det vere ein nyttig teknikk for å avsløre ideologiske skeivskapar eller språkbruk som freistar å gjere forskingsresultata viktigare enn dei kanskje er. På same tid burde det vere rimlig opplagt at det er meiningslaust å prøve å seie noko fornuftig om ei diktsamling ved hjelp av objektive størrelsar og skjematisk, naturvitskapleg metodikk.
Elster, som uten tvil har halde seg litt for langt unna debatten, savnar presisjon i poststrukturalistiske tilnærmingar til samfunnsvitskapen. Det blir for abstrakt for han. No har ikkje eg lese ein tøddel av Elster (eg driv trass alt med engelsk litteratur - kvifor skulle eg trenge å vite noko om samfunnet?), men eg må verkleg innrømme at eg blir skeptisk til ei slik avvising av det ikkje-nøyaktige og instrumentelt logiske. Det er litt den same skepsisen som eg har til beinharde ateistar. Etter mi meining snakkar vi då både om arroganse og fantasiløyse. Litt trist, eigentleg. Men, om Elster er arrogant eller ikkje har ingenting med saka å gjere, og Elster sine meiningar og forskning har dessutan etter kvart fått veldig lite med debatten å gjere. Det har utvikla seg til ein, som sagt, djupt usakleg ordkrig mellom (minst) to leirar av norske forskarar, som tydlegvis har mykje hat på lager. Kvifor kan ikkje alle vere venar? Eg er sikker på at det hadde vore mykje meir fruktbart om folk diskuterte i staden for å krangle, samarbeidde i staden for å motarbeide kvarandre, og dessutan kunne innsjå kor tåpleg det heile er - kor lite som eigentleg står på spel.

|

25. januar 2007

S driv med gründerverksemd

Vi treng eit alternativ til Spellemannsprisen - ein anti-spellemann, der dei verste artistane får høyre kor dårlege dei er. Eg trur eg vil halde fram tradisjonen med å dele ut pappkoppar frå kantina (in absentia, får ein tru) som premie, sidan dei er lette å få tak i, dekorative og nyttige.
Nokon vil kanskje hevde at "negativ merksemd retta mot diverse artistar" er ei litt oppbrukt greie i denne bloggen, men no blir det organisert. Kategoriar er tingen.

Pappkaffikrusprisen 2007
No er det opp til folket å kome med forslag til:

Verste norske låt

Verste norske artist

Verste norske gruppe/band/orkester

Verste utanlandske artist

Verste utanlandske gruppe/band/orkester

Verste låt uansett opphavsland

Mest evneveike og patetiske "pop"-person/hending/avgjerd

Det blir ikkje anledning til å stemme. Juryen (eg) har siste ordet. Men nominèr til de blir blå i trynet. De kan nominere folk og lyd frå om lag byrjinga av 2006 fram til no. Om det blir vanskeleg med så mange kategoriar kan vi slå saman artist og gruppe/band/orkester.

Eg har sjølvsagt tenkt å nominere nokon sjølv. Shakira og Wyclef sin "Hips don't Lie" ligg an til å ta storeslem, allereie før nominasjonane har kome i gang.

|

24. januar 2007

S rasar mot Tom Cruise-tus*

I følge tre kjipe tabloidar (The Sun, Ekstrabladet og BT) har Scientologikyrkja utpeikt Tom "Crazy as a snake's armpit" Cruise til den nye Messias.
Fint. Nokon bør spikre opp den gnomen så fort som råd.

* Orsak. Eg vil visst gjerne ha jobb i ein tabloid, eg.

|

19. januar 2007

S er sjølvoppteken

Kva gjer ein når ein kjedar seg? Jau: Wiki.
Her er det nokon fine utdrag frå biografiane til folk som har bursdag same dag som meg. Planen er å nytte denne informasjonen til å lage meg eit litterært alter ego - samansett av trekk ved og handlingar gjort av desse folka. Eller kanskje ikkje.

Natasha Lyonne (ukjent Amerik. skodesp.)
"In December 2004, Lyonne was arrested after verbally threatening her neighbor, breaking a mirror in the neighbor's apartment, and threatening to sexually molest the neighbor's dog. She spent a night in jail before being arraigned on charges of criminal mischief, harassment, and trespassing. The details of this incident did not become publically known until two years later."

Caracalla (Romersk keisar)
"He is generally considered among the most brutal and murderous of Roman emperors."
"Caracalla had effectively become a military dictator, and was consequently very unpopular except with the soldiers. Ironically while travelling from Edessa to begin a war with Parthia, he was assassinated while urinating at a roadside near Harran on April 8, 217 by Julius Martialis, an officer in the imperial bodyguard. Herodian says that Martialis' brother had been executed a few days earlier by Caracalla on an unproven charge; Cassius Dio, on the other hand, says that Martialis was resentful at not being promoted to the rank of centurion. The escort of the emperor gave him privacy to relieve himself, and Martialis ran forward and killed Caracalla with a single sword stroke. He immediately fled on horseback, but was killed by a bodyguard archer. Caracalla was succeeded by the Praetorian Prefect of the Guard, Macrinus who almost certainly was part of the conspiracy against the emperor."

Kelso (hest)
"Kelso competed on fourteen tracks, won in six states, smashed any amount of records, won an unprecedented number of awards, and eventually became as beloved a horse as any who ever lived."

Anthony Perkins (kjent Amerik. skodesp.)
"One day before the ninth anniversary of his death, his widow, Berry Berenson, was killed on American Airlines Flight 11, the flight that was hijacked by terrorists and crashed into the North Tower of the World Trade Center during the September 11, 2001 Terrorist Attacks."

Hugh Masakela (musikar)
"In 2004, he released his autobiography, Grazin' in The Grass: The Musical Journey of Hugh Masekela, which thoughtfully details his struggles against apartheid in his homeland, as well as his personal struggles against alcohol addiction from the late 1970s through to the 1990s."

Robert Downey Jr. (også kjent Amerik. skodesp.)
"On June 23, 1996, Downey Jr. was arrested for driving drunk and being in possession of black tar heroin, crack, cocaine and an unloaded .357 Magnum revolver. On November 6, Malibu Municipal Judge Lawrence Mira sentenced Downey to three years probation for weapons and drugs charges. However, just over one year later, on December 8, 1997, Judge Mira sentenced Downey to six months in jail for violating parole. Eighteen months later, Downey returned to Corcoran State Prison to serve a three-year sentence for a parole violation again on July 16, 1999."
"Downey practices Wing Chun Kung Fu, which he has credited with helping him beat his addiction."

Dette må jo bli suksess. Ein samansett og truverdig alternativ identitet. Beste namneforslag vinn ein tom pappkopp frå kantina. Den er forresten ikkje heilt tom - det er litt størkna kaffirestar i botnen.

|
S rasar mot telefonselgarar

Det er noko eg har hatt lyst til lenge, og eg blei ekstra opphissa (ja, opphissa) då eg såg denne. Eg høyrte den faktisk først, på Petremorgen, og trudde det var ein spøk, men eg kan faktisk hugse å ha blitt utsett for nesten like galne folk sjølv. Som til dømes ho som prøvde å selje meg eit blåbærekstrakt (Heilt gratis! Ingen hake! jo... vent litt... kr. 45.- i porto... (første skuddet er vel alltid gratis)) og ho frå Mr. Music (Jeg er heeelt sikker på at vi har noe du liker. Hva med Dansebandsamleren? Country & Western-samleren? Drit kjedlig softrock-samleren? Dance & Trance? Osb. Osb.). Nei, nei, nei.
Og den forbanna Sjømannskirken. EIN gong sa eg ja til å støtte dei, og etter det har oppringingane, frå alle slags seljarar, berre auka. Dei har nok merka meg av i eit register: "easy".
Men, dei har gjort ein tabbe. I det siste har dei fått seg eit system som automatisk ringer opp folk frå ei liste, slik at datamaskinar ringer, først til meg, og når den oppnår kontakt, til seljaren. Så når eg tar telefonen høyrer eg først ingenting, så eit lite pip, og deretter ein seljar som seier noko slikt som "Hei!" (ser på skjermen) "Snakker jeg med Svein Arvesen?" Ikkje kødd. Han sa faktisk det. Dei av dykk som veit kva eg heiter skjøner at denne karen var ganske langt utpå jordet. I alle fall: dette pipet gjer at eg straks skjøner kva som står på (eg er nemleg så nysgjerrig at eg ofte tar telefonen trass i at eg ser at nummeret er ukjent). Då er det fleire ting eg kan gjere:
1) Legge på umiddelbart. Dette er vel eigentleg det greiaste.
2) Vere heilt stille. Det gjer ingenting om TV eller radio står på, eller om seljaren kan høyre at eg pustar. Dei blir VELDIG usikre når eg gjer dette. Ein fyr ringte opp att og fekk same behandling to gonger på rad, korpå han sukka tungt og la på. Då kjende eg meg tøff. Det er fint om ein først seier "hallo", slik at seljaren skjøner at det ikkje er noko gale med telefonen, snarare med heile situasjonen.
3) (og dette har eg prøvd av di eg har lest om det) La seljaren tru ei stund at han/ho kan få meg på kroken, for likevel å seie nei til slutt. Dette er faktisk litt slitsomt, og eg kan ikkje anbefale det. Ein gong diskuterte eg lenge og uvel med ei som prøvde å prakke på meg eit BA-abo, med hjelp av diverse elendige gulrøter, som rabatt på stand-up og revyforestillingar eg ikkje ville gått på, og rabatt på butikkar eg aldri handlar på.
4) Seie noko obskønt eller forurolegande. Som til dømes: "Bra at du ringte... Eg er kåt... Kva har du på deg?", "Bra at du ringte... eg lurer på å ta livet av meg... eg veit ikkje kva eg skal gjere...", synge "Gratulerer med dagen" høgt og gledesstrålande, bable og truge med drap på gebrokkent dansk ("do fogeh ige me mai Franke"), eller kviskre hest: "Dick Laurent is dead". Telefonsangen til Knu&Lu hadde vel vore eit kjekt alternativ. Diverre er eg ikkje ond/tøff nok til å gjere nokon av desse tinga.
5) Takke høfleg nei, og legge på før eg har høyrt kva vedkommande vil (etter å ha skjønt, grunna "pip" eller tonefall at det er snakk om ein seljar). Dette er vel det som skjer oftast.
6) Dette har eg gjort ein gong: "Hei snakker jeg med X?" "-Neeeei, du har nok fått feil nummer" "-Å?" (veldig forvirra) "men det står... øhh... vel... hadet bra." To minutt seinare ringer han opp att. Same procedure, bortsett frå at eg skifta dialekt. Det kjennest som ein liten triumf- i det elles ganske lite actionfylte livet mitt - når seljaren må legge på først.


Men eigentleg burde eg vel reservere meg. Kanskje eg eigentleg tykkjer at det er litt kjekt å bli oppringt, til dømes klokka ni om kvelden? Nei, det gjer eg ikkje, når eg tenkjer meg om. Eg skal ta å sjå om eg finn ut korleis ein gjer det. Eg kjem uansett aldri til å samle meg nok mot til å gjere nokon av tinga eg foreslår i alternativ 4).
Er det ikkje noko med Brønnøysundregisteret? Here goes...

|

9. januar 2007

S rasar mot tull

Ungdomsbladet Spirit, som eg hugsar at eg las på VGS*, er solgt av NRK til Danske Chili Group. "Chili Group utgir en rekke ungdomsmagasiner i Danmark, og håper nå å oppnå synergier ved gå sterkt inn også i det norske markedet" kan ein lese i Dagbladet. Hm. Eg trudde faktisk eg nesten visste kva "synergi" tydde, men eg har tydlegvis teke feil. Derfor har eg sjekka det opp og funne ut at det tyder som følger:
"SYNERGI (s.) Ekstatisk følelse, eufori. Oppnåelig kun for mennesker med BA i Økonomi eller tilsvarende. Sies å være orgasmelignende. S. er av mytisk opphav og flere mener at tilstanden er oppdiktet eller i det minste uoppnåelig. Jf. Coaching."

*Eg blir framleis sur når eg tenkjer på platemeldingane til TT i det bladet. For ein idiot.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?