<$BlogRSDURL$>

30. juni 2007

S presenterar: Trønderengelsk!

"The Kids was a Norwegian band from Trondheim founded in 1979. Their most familiar hit was "Forelska i lærer'n", in 1980. Norske jenter was also a hit and the band became lansert in Sweden with Swedish language versions of the songs. They became known for there platinablond hair and was the first in Norway to produce a music video." (Wikipedia.org; mine uthevingar)

"Ka e' lannsjert på ængelsk?"
-"veit itj"
-"jaja, da skriv vi berre lannsjert 'a"

...men kvifor var S inne på artikkelen om The Kids på Wikipedia? Det seier soga ingenting om...

|

27. juni 2007

S lagar liste

Til no er dette nummer ein på "the meanest guy I ever saw"-lista mi. Om det er andre som veit om skumlare typar (inkludert damer, sjølvsagt), er det berre å kome med bidrag.

|

23. juni 2007

Kva no?

|

11. juni 2007

S rasar mot hendingar som er for viktige

I morgon, tirsdag den 12. juni, har eg munnleg eksamen i Engelsk og skal forsvare Masteroppgåva mi. Denne dagen ser ut til å bli eit vendepunkt i livet mitt (og dette skriv eg heilt utan ironi). Eigentleg er vel karakteren alt ganske fastsett - det skal vel mykje til for at eg skal klare å drite meg såpass ut at eg går ned ein karakter, og det er vel like lite sannsynleg at eg skal klare å snakke meg opp. Det kan jo hende eg står på ein vipp og at det eg har å seie faktisk har noko å seie, men eg tvilar.
Problemet er som følger: eg har aldri i heile mitt liv hatt ein einaste idé om kva eg skal "bli" - ingen karriereambisjonar eller spesiell interesser som kan omsetjast i tening av pengar. Sjølv om denne instillinga har hatt visse praktiske problem (ein treng jo pengar, visstnok, og då er ein diverre nøydd til å jobbe) så har eg vore nøgd med den, ideologisk og ellers. Men, så dukka det opp ein tanke: eg likar skikkelig godt å studere (noko eg i utgangspunktet dreiv med kun mens eg venta på noko anna), så godt at eg kunne tenkje meg å halde på med det, ja, resten av livet. Det er diverre ikkje alle forunt å kunne vere ævestudent, eg får t.d. ikkje studielån lenger, så då blei løysinga å søke på eit stipendiat ved UiB. Men, for i det heile teke å ha håp om å kome inn bør eg ha A i snittkarakter, og for å få dét, må eg få A på Masteroppgåva.
Av den grunn blir tirsdag den 12. juni ein veldig spennande dag - faktisk vil eg i ein augneblink få vite nøyaktig kva for ein av to vegar eg har moglegheit til å følge vidare. Anten arbeidsløyse, økonomisk ruin og total øydeleggjing av sjølvbiletet, eller arbeidsløyse og økonomisk ruin iblanda eit glimt av håp om ei akademisk framtid.
Det er litt mykje, tykkjer eg, at så mykje skal bli avgjort av ein einaste konsonant eller vokal, som det tar brøkdelen av eit sekund å uttale eller lese, men slik er det no.

On a less serious note: promp.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?