<$BlogRSDURL$>

31. mars 2008

S ser på saka Arfan Qadeer Bhatti versus PST

AQB er tiltalt for terrorisme, av di han skal ha skote med maskinpistol el. l. på den Amerikanske ambassaden, samt på ein synagoge. I tillegg har han pressa ein T5PC-"topp" for pengar og skote mot huset hans. Altså, ingen tvil om at AQB er ein kriminell fjompenisse, men terrorist? Eg trudde ein måtte vere fundamentalistisk islamist for å vere terrorist, eg? Denne karen her liknar meir på Christopher Moltisanti enn Mulla Krekar, tykkjer eg. Nokon ein kvar kunne vel tenkje seg å pepre den Amerikanske ambassaden ørlite grann* - skyting på synagoger er vel kanskje litt mindre heldig. Han burde tagga ei opp-ned Davidsstjerne på veggen og vore nøgd med det.

Det eg prøver å seie er: denne fyren er eit heilt alminneleg rævhol, men neppe nokon terrorist. Likevel: det er ikkje meg i mot at påtalemakta sjølv holar omgrepet heilt ut; snart tyder terror ingenting lenger og då må dei finne på eit nytt ord. Eg foreslår "skremming".

*I alle fall med ein gummihønekatapult, slik som den som fulgte med forrige "m". Den var gjev. Faktisk var den det beste med heile bladet. Eg skal slutte å kjøpe stripeseriar i bladform, trur eg.

|

24. mars 2008

Tips:

http://www.youtube.com/watch?v=TVxfH5vMM-o

http://www.youtube.com/watch?v=U0unB04j_lw

|

19. mars 2008

These are my principles. If you don't like them... well, I have others

No har eg blitt med på Facebook. Men det var i alle fall ikkje for å vere trendy. Sondern for å ikkje gå glipp av informasjon. Alle går jo ut i frå at alle andre er med, så det er ingen grunn til å gi beskjed om noko via andre kanalar, ser det ut til.

|

9. mars 2008

S rasar mot saksøkjande USA-tryner

I Junaiten har det vore fleire saker - de finn ei ny ei om de leitar litt i nettavisene - om at folk gir ut presumptivt sjølvbiografiske bøker som viser seg å vere dikt & forbannet løgn. Eit tilfelle var JT Leroy som viste seg slett ikkje å vere ein kjønnsoperert eks-prostituert eks-narkoman, men ei vanleg dame. Det nyaste er ei priveligert middeklassedame som lest som ho hadde bakgrunn frå the hood. JT blei saksøkt, medan ho siste si bok blei trekt av forlaget, antagleg for å unngå liknande jus-trøbbel.
Men, ærleg tala, kven er det som blir det minste overraska over at ei bok har fiktivt innhald? Eg hugsar ikkje kven det var som sa at det viktigaste med ei bok er ikkje at den er sann, men at den kunne ha vore det, men det er eit godt poeng (skjønt eg likar bøker som ikkje er det minste "realistiske" også). Dei som trur at biografiar og sjølvbiografiar er noko meir sanne enn vanlege romanar er djupt misleidde. Og eg meiner ikkje dette ut i frå eit snedig litteraturvitskapleg perspektiv, men i form av fakta faen. Kva blir det neste? Skal vi saksøke Allers av di "Historier fra virkeligheten" neppe er særleg "virkelige"?

Det var faktisk ein god idè, når eg tenkjer meg om.

Det som er artig med dette er at folk tar det så ille opp - desse sakene blir handsama som svindel og bedrageri. Er dei der borte veldig nærtagande, eller ser dei berre sitt snitt til å tene pengar?
Eg veit nesten ikkje kva som er verst. Men, men. Nok einsidig og stereotyp USA-kritikk for i dag. Bush er homo

Eg heiar på Barack, berre so det er sagt. Det har blitt sagt at Obama og Clinton kan forme eit "ustoppelig" team som president og visepresident, men eg trur ingen av dei likar tanken på å vere nummer to. Obama har alt sagt at han ikkje vil, og berre det at Clinton har foreslått det viser vel ganske tydleg at ho ikkje kan tenkje seg anna enn sjefsstolen. I alle høve ser alle dei tre kandidatane (dvs. inkludert McCain) ut til å vere bedre enn Bush, men det er ikkje umogleg at McCain stryk med i løpet av eit år eller to.

Eg lurer litt på Russland, forresten. Kan ein mann som likar Black Sabbath vere eit dårleg menneske? Medvedev har nemleg Britisk 70-tals-heavy som favorittmusikk.
Svaret er ja, definitivt. Men det er likevel rimleg progressivt at Ruskiane har ein sjef med bedre sans for musikk enn samtlege Amerikanske presidentar etter den Andre verdskrigen (for ordens skuld må eg slå fast at eg hadde vore mykje meir imponert om han likte Bronski Beat).

No må eg gå og kjemme håret. Orsak.

|

5. mars 2008

Newsletter week 10

We in Tenkjesmia Hjarn have now adopted a more internationaler profile and we have working on this project for the last past weeks. In connect with new profile we desire to make more of a impact on the thinktank market. Our first step in so way is to announce our new brand name:

Idea1

We are simultaneously working on many interesting projects and concepts for the government and the kingly family and regular people like you and me. Look forward to a Great New Yer with
idea1 in 2007!!!
Sincerely
the Foreman

|

3. mars 2008

S held fram med å rase mot heilt opplagte ting

Denne gongen: debattar i kommentarfelt i nettaviser. Desse fungerar ikkje av to grunnar. Den eine grunnen er at folk er idiotar. Den andre at folk ikkje er interesserte i å diskutere noko. I dèt dei har sagt det dei meiner klikkar dei seg vidare til neste sak som dei skal lese like overflatisk og kommentere like lite gjennomtenkt. Om ein les ei slik rekkje med kommentarar vil ein sjå at dei går i ein slags loop, der dei same påstandane og svara blir gjentekne av stadig nye folk, som tydlegvis ikkje har lest noko av det som alt er sagt i diskusjonen.
Dette er i grunnen veldig frustrerande lesnad, og eg unngår helst denslags, men nettavisene har byrja sitere frå desse debattane på framsidene sine, slik at ein blir nysgjerrig og klikkar seg inn. Skal eg aldri lære?

Heldest såg eg Baz Luhrman sin Romeo + Juliet i dag. Dette er faktisk første gongen eg ser heile filmen, og den var sabla bra, tykkjer eg. Førre Shakespeare-filmatisering eg såg var Kenneth Branagh sin Henry V, og den saug septik. Eg har sjeldan sett nokon overspele så hysterisk som KB. Han klarer ikkje ein gong springe bortover ei slagmark på ein truverdig måte. Nei, takke meg til Leonardoen, som eg tippar dei seier i Bergen.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?