<$BlogRSDURL$>

20. juni 2008

S blei brått klar over

at Skee-Lo og Cee-Lo er to forskjellige personar!

|

9. juni 2008

S frydar seg






Vidare kommentar bør vere overflødig.

|

4. juni 2008

S rasar mot oppskrytte gamlisar

Følgande musikarar har gjort mykje skade, på to måtar:
1) Dei har veldig sjølvgode fans, som er sikre på sin eigen gode og vaksne smak. Dette er ganske irriterande.
2) Dei dukkar stadig opp i intervju med ulike artistar som har dei som forbilder. Desse artistane lagar utan unntak mykje dårlegar/keisamare musikk enn desse "musikarars musikarar" (sei dèt ti gonger fort, du!), som dei stadig må name-droppe.

Dette tyder ikkje nødvendigvis at desse gamlisane lagar/lagde dårleg musikk, men eg likar den ikkje, av ei rekkje med grunnar som eg no skal liste opp:

Bob Dylan. Gi han gjerne Nobelprisen i litteratur. Men aldri i livet om eg går med på at hans lange, brekande, midtempo-, blues/køntrimakkverk er verdt noko som helst, musikalsk sett. Dørgande gørr, ja så keisamt at eg får lyst å stikke strikkepinnar inn i øyrene og rote rundt.

Frank Zappa. Dette er flinkisrunking. Ok, han har vittige og smarte (og grove) tekstar, men kva hjelper det når musikken er ein håplaus, fråstøytande graut av fusion-jazz-kunstmusikk av og for musikkhøgskuleapekattar? Zappa-fansen er dessutan mest smug av alle, spesielt når dei inneforstått refererer til "yellow snow" og andre ikkje spesielt morosame fraser.

Nick Drake. Gjeeeeeeeeesp. Tusen takk skal du faen meg ha for Thomas fuckings Dybdahl.

Gram Parsons. Gjeeeeeeeeesp. Tusen takk skal du faen meg ha for Sgt. Petter, William Hut og The Eagles. Denne karen er moglegvis den mest oppskrytte på denne lista, i lag med herr Drake.

Tom Waits. I denne samanhengen må eg også nemne at eg hatar Kurt Weil. Eg vil faen meg heller høyre på Tom Jones enn Tom Waits, om eg måtte velge mellom to onder, t.d. i eit fengsel med originale torturmetoder for besserwissarar som meg sjølv.

Sånn, det var alle for denne gang. Kom gjerne med tærne så eg kan trakke meir på dei.

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?