<$BlogRSDURL$>

6. oktober 2008

S jublar for OL-nei

No ser det ut til at det ikkje blir nokon OL-søknad frå Tromsø. Fine by me.

-"Jammen, S! Sport! Fredsam kappestrid som eit alternativ til krig! Å!"

Hei, du ukjente innvendar - eg skjønte denne innvendinga di kom til å kome, og eg er ikkje imponert. OL er ikkje noko å trakte etter, spesielt ikkje vinter-OL. Det er dyrt, globalt upopulært, keisamt (i alle fall 95% av øvingane er uinteressante) og passè. Utover det, kjære innvendar, er det vanskeleg for meg å meine noko om OL i det heile teke.

-"Jammen, S! Tradisjon! Tidlegare triumfar! Bjørn Dæhlie! Knut 'Kupper'n' Johannesen!"

Å, du innvendar, du innvendar. Innvendingane dine dett på steingrunn. Det er ingen romantikk i vintersporten lenger. Dette er eit vitskapleg etablert faktum. Personleg er eg dessutan lite interessert i idrettar der inntak av rusmiddel blir sett på som eit problem. Ergo er eg avvisande til alle idrettar bortsett frå dart-pil-kasting og fotball. Og det er berre i prinsippet. I praksis gidd eg ikkje sjå på dei to heller. Skjønt, eg har praktisert fylle-dart. Det er herved anbefalt.

-"Jammen, S! Du sparkar inn opne dører igjen!"
...
Faen!

|

This page is powered by Blogger. Isn't yours?