29. mars 2006
S gir ut blad (i lag med nokre andre folk)
Eit nytt nummer av Estragon er straks å få kjøft (sic) ymse stader*, først og fremst på Engelsk fagfest** på Inside Rock Cafè i kveld (onsdag) klokka åtte. Dette blir kjekt! Eg kan slenge opp eit bilete av bladet seinare. Alle er velkome, også dei som ikkje har gått på Engelsk, men berre er nyskjerrige eller øltørste. For ein frenetisk post!
* Kantina på Sydneshaugen og på Engelsk institutt.
** eit "deeply worrying" ord, i følge ein av mine engelsktalande professorar.
|

21. mars 2006
S rasar mot danskane, igjen (nei ikkje deg, eller deg)
Interessant korleis somme reagerer på dette. Sant nok, dei som er i Dansk Folkeparti kan vi jo ikkje ta spesielt seriøst, men.

S informerer
Til alle dei (og det er etter kvart forferdleg mange) som trur at Gymnaslærer Pedersen handlar om AKP-ml: Det gjer den ikkje! I alle fall ikkje først og fremst. Ikkje ein gong andr og nest fremst. Eg vil påstå at den eigentleg handlar om folk og idealisme og knuste draumar og naivitet og ein heil haug med ting som eg ikkje orkar gå inn i - poenget er at organisasjonen åt Nina Skåtøy kunne vore nær sagt kva som helst (med visse av praktiske grunnar unntak). Dermed kan alle sporenstreks slutte å diskutere "AKP-ml si rolle i etc." Takk.
Dessutan vil eg informere om at FrP ikkje er, og aldri kjem til å bli, "stovereine". Dei skit inne, med andre ord.

13. mars 2006
7. mars 2006
All is vanity II
Desse kongelege monogramma skal visstnok unntakast offentlegheita f.o.m i morgon. Difor vil eg, for ordens skuld, legge dei ut her. Berre på trass. Ver snille å ignorer dei.

2. mars 2006
All is vanity
Det var ein gong ei jente som var så fin på det at ho ikkje kunne bæsje. Når ho gjekk på do på universitetet var det berre for å sjå på seg sjølv i spegelen. Kvar tredje dag var ho nøydd til å fjerne bæsjen ved keisarsnitt. "Gratulerer, du har fått ein stor, kompakt skit," sa jordmora. "Ta han vekk! Eg vil ikkje sjå han!" pla ho svare.
Kvar tredje dag pla ein fattig familie på Møhlenpris finne ei korg på dørstokken. I den låg det ein varm bæsj inntulla i eit teppe, med ei tåteflaske og eit lite brev. I brevet sto det: "Mor mi vil ikkje vite av meg. Eg er heilt åleine i verda. Kan de ta dykk av meg?" Familen, som elles var veldig leie av desse bæsjekorgene, var diverre aldri i stand til å tyde desse breva, sidan dei var skrivne av ein lege.